Lagtinget - Lagtingets samantreden tysdag den 1. oktober 2002 kl. 13.20

Dato: 01.10.2002

Sak nr. 1

Referatsaker

Referat

  • (1)

    Stortingets presidentskap melder at de innkalte vararepresentantene Mette Gundersen, Anette M. Solli, Erlend Nornes, Morten Ørsal Johansen, Brit I. H. Andreassen, Henriette Westhrin og Per-Willy Amundsen er innvalgt i Lagtinget for den tid de møter for henholdsvis representantene Rolf Terje Klungland, Julie Christiansen, Øyvind Halleraker, Thore A. Nistad, Hans R. Kjæstad, Sigbjørn Molvik og Øyvind Korsberg.

    Samr.: Blir lagt ved protokollen.

Val av presidentar og sekretærar

Presidenten: Det skal først veljast president og visepresident.

Når det gjeld val av president og visepresident, følgjer Lagtinget forretningsordenens § 4 femte og sjette ledd, som vart referert under Stortingets konstituering.

Fungerande president ber om framlegg til Lagtingets president.

Per Ove Width (FrP): Jeg foreslår Lodve Solholm.

Presidenten: Lodve Solholm er foreslått vald til Lagtingets president. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Presidenten ber så om framlegg til Lagtingets visepresident.

Elsa Skarbøvik (KrF): Jeg har den glede å foreslå Odd Holten.

Presidenten: Odd Holten er foreslått som Lagtingets visepresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Elsa Skarbøvik vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det skal så veljast sekretær i Lagtinget, og presidenten ber om framlegg.

Bjørn Jacobsen (SV): Jeg foreslår Ingvild Vaggen Malvik.

Presidenten: Ingvild Vaggen Malvik er foreslått som Lagtingets sekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Bjørn Jacobsen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Det skal så veljast visesekretær, og presidenten ber om framlegg.

Odd Holten (KrF): Jeg foreslår Dagrun Eriksen.

Presidenten: Dagrun Eriksen er foreslått som visesekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Odd Holten vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Lagtinget er no kome til val av første og andre varapresident. Presidenten ber om framlegg til første varapresident.

Per Ove Width (FrP): Jeg foreslår Thore A. Nistad.

Presidenten: Thore A. Nistad er foreslått som første varapresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Per Ove Width vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Presidenten ber om framlegg til andre varapresident.

Odd Holten (KrF): Jeg foreslår Elsa Skarbøvik.

Presidenten: Elsa Skarbøvik er foreslått som andre varapresident. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Odd Holten vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Lagtinget skal så til slutt velje varasekretær. Presidenten ber om framlegg.

Rune J. Skjælaaen (Sp): Jeg foreslår Åslaug Haga.

Presidenten: Åslaug Haga er foreslått som varasekretær. Andre framlegg ligg ikkje føre. Det blir votert på vanleg måte.

Votering:Framlegget frå Rune J. Skjælaaen vart samrøystes vedteke.

Presidenten: Dermed har Lagtinget konstituert seg, og det vil bli sendt melding til Stortinget og Odelstinget om dette.