Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Odelstinget - Møte tirsdag den 26. februar 2002 kl. 11.50

Sak nr. 1

Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Talarar

Votering i sak nr. 1

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunn- skolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:

Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.

Overskrifta til § 2-4 skal lyde:

Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.

§ 2-4 første, andre og tredje leddet skal lyde:

Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal

  • gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,

  • gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,

  • gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,

  • fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og

  • fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.

§ 4A-4 første leddet skal lyde:

For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3 a.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Videre var innstillet:

Overskrifta til § 13-2 skal lyde:

Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar

§ 13-2 første leddet skal lyde:

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar som fylkeskommunen har ansvaret for å drive.

Ny § 13-3 a skal lyde:

Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar som regionale helseføretak eig.

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale med inventar og utstyr til opplæringa.

Departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

Presidenten: Fremskrittspartiet har varslet at de går imot.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes med 52 mot 12 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 12.15.37)Videre var innstillet:

§ 13-4 første leddet skal lyde:

Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter 7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.

II

Endringane i § 13-2 og ny § 13-3 a trer i kraft straks.

Dei andre endringane trer i kraft til den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk til ulik tid.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.