Stortinget - Møte onsdag den 8. desember 1993

Dato: 08.12.1993

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 20

Inge Myrvoll (SV): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

I innst.S.nr.25 (1992-1993) om Televerkets organisering sier komiteens flertall at « ikkje fleire enn høgst nødvendig av dei tilsette bør førast over til TNM. Overføringane må ikkje skje før personalets arbeidsfunksjonar er opphøyrde. ».

Mener statsråden, ut fra den høge innleie av arbeidskraft og økt bruk av overtid i Televerkets basisorganisasjon, at komiteflertallets premisser er fulgt opp?

Statsråd Kjell Opseth: I samband med omorganiseringa kartla Televerket kvar einaste stilling i den nye organisasjonen og fastsette arbeidsstokken i kvar organisatoriske eining. Dette inneber at Televerket definerte den nye organisasjonen i detalj.

Ut frå dette blei 13350 personar direkte innplasserte i den nye organisasjonen. I tillegg var det behov for å fylle 1300 stillingar som ikkje kunne overførast direkte frå gamal organisasjon. Televerket har tatt sikte på å fylle desse stillingane med interne søkjarar. Tilsettingsprosedyren har måtte ta tid.

Av 2382 tilsette i TNM pr 1.11.1993 arbeidde 750 i vikariat eller på tidsavgrensa oppdrag for basisverksemda. I tillegg har Televerket så langt i år hatt 28 pst. høgare overtidsbruk enn normalt.

Ein del av vikariata har si årsak i spesielle tilhøve som at om lag 50 av dei fast tilsette arbeider i OL-prosjektet til Televerket. I tillegg kan bruk av vikarar og overtid òg forklarast med sjølve omorganiseringsprosessen og at innplassering i dei utlyste stillingane pga. tidkrevande prosedyre har tatt tid, og at stillingar dermed ikkje har vore fylte.

Det ekstraordinære behovet for vikarar og overtid er ifølgje Televerket mellombels, og Televerket meiner at den nye organisasjonen har vore rett dimensjonert.

Televerket har elles prøvd å få til meir effektiv prosedyre for å få folk frå TNM over i ledige stillingar i basisorganisasjonen. Det er venta at talet på tilsette i TNM vil gå ned.

Når verksemda får stabilisert seg, reknar Televerkets leiing med å klare ei god drift med eit høgt servicenivå og normal bruk av vikarar og overtid.

Televerkets plan har vore å redusere bemanninga med 4100 årsverk frå 1992 til 1995. I St.meld.nr.67 (1991-1992) tok departementet ikkje stilling til reduksjonane i 1994 og 1995, men ville kome nærare tilbake til dette i budsjettsamanheng for det einskilde år. Komiteen slutta seg til dette, og i samsvar med denne føresetnaden er det i budsjettproposisjonen for 1994 gitt plantal for personalutviklinga i Televerket i budsjettåret. Komiteen hadde i budsjetthandsaminga ikkje merknader til desse plantala.

Televerket har stadfesta at overføring til TNM berre skal skje dersom arbeidsfunksjonen fell bort eller at det ved effektivisering blir behov for færre personar til funksjonen.

Inge Myrvoll (SV): Jeg takker for et svar hvor det faktisk erkjennes at tingenes tilstand ikke er helt bra. Televerket sier at det er rett dimensjonert, men virkeligheten sier noe annet.

I gårdagens Nordlys het det under tittelen « Televerket på overtid »:

De fleste av de knapt 90 montørene i Tromsø teledistrikt hadde allerede ved utgangen av september nådd opp i omkring 200 overtidstimer. Omregnet i årsverk er det i løpet av årets ni første måneder jobbet overtid tilsvarende 5,9 årsverk.

Som ministeren sier: 28 pst. mer overtid enn normalt. Men dersom man hadde så stor overtallighet i Televerket, burde jo overtida gå ned, og ikke opp.

Videre bekrefter ministeren at det er tilbakeleid 570 fra TNM pr 1. november. På årsbasis er det snakk om ca. 700 som er tilbakeleid. Da må jo overføringene ha skjedd før arbeidsfunksjonene opphørte - med andre ord: et brudd på forutsetningene. Da vil jeg spørre statsråden: Kan statsråden tenke seg å anmode Televerket om å gå tilbake til basis ut fra det reelle behov og ikke ut fra en stipulert overtallighet som er hentet ut fra løse lufta?

Oddbjørg Ausdal Starrfelt: hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Kjell Opseth: Eg skulle ha ønskt at representanten Myrvolls ideelle synspunkt på korleis ei omorganisering bør skje, lét seg gjennomføre i praksis. Men omorganisering av ein såpass stor organisasjon som dette vil skape overgangsvanskar, også i høve til ideelle målsetjingar. Det er i realiteten det vi ser i Televerket. Eg vil be representanten Myrvoll godta at vi brukar litt meir tid og ser kva som blir den reelle situasjonen i samband med omorganiseringa av Televerket. Det som er det essensielle i denne saka, er at vi gjer Televerket til ei effektiv og god servicebedrift med trygge arbeidsplassar. Det er det denne omorganiseringa tar sikte på. Og kan vi einast om det, trur eg vi gjer Televerket, dei tilsette og brukarane ei stor teneste.

Inge Myrvoll (SV): Jeg synes statsråden også bør bruke mer tid og krefter på å gjøre de ansatte noen tjenester, og ikke bare på en måte ta Televerkets forklaringer for god fisk. Det er forskjell på forklaringer og bortforklaringer.

Det er klart at når man nå har en innleie på 570 og 28 pst. høyere overtid enn normalt, og det i tillegg hevdes meget sterkt at serivcenivået på en del områder er svekket, at det blant annet er lengre leveringstid på installasjoner og feilrettinger - leveringstida har økt - må det være noe galt med dimensjoneringa som Televerket nå satser på. Det siste kan også være en liten kommentar til samferdselsdebatten som vi hadde her, hvor det ble spurt hvorfor vi mente servicenivået ikke var godt nok, at man ser tendenser til at det blir redusert. Ut fra summen av de elementene jeg har nevnt, burde statsråden gripe inn.

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Myrvoll veit nok at eg etter måten har god kontakt med dei tilsette i Televerket på ulike nivå, og eg er fullstendig klar over at det er uro mellom dei tilsette i Televerket over det som skjer. Og noko anna hadde nesten vore forunderleg. Når ei så stor verksemd som Televerket skal omorganiserast, og ein skal redusere talet på tilsette så mykje som det her er snakk om, må det nødvendigvis skape uro. Det viktigaste for alle oss som har ansvaret for dette, er at det skjer med minst mogleg uro, at vi ikkje medverkar til å auke uroa endå meir.

Det er ikkje lett å snu ei så stor verksemd som Televerket. Representanten Myrvoll og underteikna vil nok ha fleire runder om dette i åra som kjem, men eg håpar inderleg vi er einige om hovudmålsetjinga: å skaffe oss eit televerk til glede for dei tilsette og brukarane, også i Distrikts-Noreg, i åra som kjem.