Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 1994

Dato:
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Bjørg Hope Galtung (Sp):

Stortinget har gjort vedtak om ikkje å leggja ned postkontor før det er gjennomført ny vurdering av posttenesta i landet. Likevel opplever vi at det foreligg konkrete planar om nedlegging av postkontor frå medio januar, mellom anna Hjelmås postkontor i Lindås, i Hordaland.

Er dette i tråd med det nemnde stortingsvedtak?

Statsråd Kjell Opseth: I B.innst.S.nr.II (1993-1994) presiserte fleirtalet i finanskomiteen at postkontor er ein viktig del av tenesteytinga i lokalsamfunnet, og at det derfor er viktig at Postverket tek omsyn til kommunens syn når det gjeld slike omleggingar. Fleirtalet bad om at det blir gjort ei samla vurdering av postkontornettet ut frå rammene som er trekte opp ved handsaminga av postmeldinga, og at denne blir lagd fram for Stortinget i løpet av våren. På denne bakgrunnen foreslo fleirtalet at løyvinga til kap. 1360 post 70 vart auka med 15 millioner kr, og Stortinget vedtok etter dette ei løyving på 215 millioner kr til betaling for ulønnsamt postnett.

I salderingsdebatten i Stortinget den 17. desember 1993 uttalte finansministeren:

Komiteens flertall foreslår at det bevilges 15 millioner ekstra til Postverket for å styrke mulighetene til også i framtiden å opprettholde et godt og likeverdig servicetilbud i alle deler av landet. Jeg er enig i dette, men jeg legger til grunn at når det gjelder de postkontorer som er besluttet nedlagt fra den 1. januar 1994, og der det er bekjentgjort at dette vil bli gjennomført, går dette sin gang. Men dersom det i lys av flertallets merknad skulle oppstå sterke lokale protester, vil en vurdere dette på nytt.

Det kom i debatten ikkje merknader til ei slik tolking.

Samferdselsdepartementet mottok opplysningar frå Postverket før salderingsdebatten i Stortinget om at i alt 12 postkontor var kunngjort nedlagde frå 1. til 17. januar 1994. Hjelmås postkontor høyrde med blant desse. Samferdselsdepartementet har lagt til grunn at nedlegging av desse kunne gå sin gang. Departementet har vidare lagt til grunn at Postverket utover dette ikkje legg ned fleire postkontor før den nemnde vurderinga av postkontornettet er handsama i Stortinget. Eg kan ikkje sjå at dette er i strid med handsaminga av saka i Stortinget.

Postverket opplyser at det i lengre tid har planlagt å leggje om posttenesta i Lindås kommune. Omlegginga går mellom anna ut på å overføre posttenester ved Hjelmås postkontor til landpostrute. Omlegginga vart sett i verk frå 17. januar 1994. Postverket opplyser at det har samarbeidd om planane med Lindås kommune, og at kommunen har akseptert at postkontoret blir lagt ned mot at Eikangervåg postkontor får ei ny plassering. Dette har Postverket teke omsyn til i den vidare handsaminga av postplanen.

Bjørg Hope Galtung (Sp): Eg takkar statsråden for svaret, sjølv om det var til lita trøyst for dei 800 sjelene som er tilknytte Hjelmås postkontor. Eg er elles kjent med at sju andre postkontor i Hordaland har lidd same lagnaden som Hjelmås, og det er vel for så vidt i tråd med det som statsråden hadde som forklaring.

Mitt tilleggsspørsmål blir då - igjen på bakgrunn av stortingsvedtaket i fjor og det som vart sagt i finanskomiteen: Kva vekt skal det tilleggjast det kommunale og lokale engasjementet i slike saker der motstanden mot nedlegginga er stor? Og eit spørsmål til - så slepp eg å gå opp ein gong til: Vil fleire av postkontora som er førehandsklarerte i 1993, verta lagde ned i 1994?

Statsråd Kjell Opseth: Som eg sa i mitt hovudsvar, er det desse tolv postkontora som var grunnlaget for finansministerens tolking av komiteens merknader i Budsjett-innst. S. II. Det er ikkje planar om å leggje ned fleire enn dei tolv. Eg har ikkje namneliste over dei tolv med meg her i dag, men dersom representanten ønskjer det, skal vi skaffe fram lista over dei tolv kontora som var aktuelle.

Det er klart at ein ikkje kan leggje avgjerande vekt på kva kommunane uttaler, men i samsvar med det Stortinget har sagt, skal ein leggje stor vekt på kommunane sine fråsegner i samband med endringar i postkontornettet. Det vil bli gjort, men ikkje før Stortinget har diskutert saka på nytt.

: