Stortinget - Møte onsdag den 11. januar 1995

Dato: 11.01.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 15

Arne Haukvik (Sp):

Oslo bystyre vedtok å bygge ut Filipstad som containerhamn. Vedtaket vart anka til Miljøverndepartementet, som ikkje godkjende utfyllinga, og ein må finne ei anna løysing for ny containerhamn.

Då Oslo hamn også er sentralhamn for Austlandet, tillet eg meg å spørje statsråden om han vil ta eit initiativ i denne saka, og til dømes få vurdert om Fornebu er eit godt alternativ.

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Som representanten Haukvik peikar på, er Oslo hamn viktig for heile Austlandet og for transportane til og frå store delar av Sør-Noreg. I stortingsmeldinga om Norsk hamneplan, St.meld.nr.36 (1988-1989), vart derfor Oslo hamn, saman med seks andre hamner, peika ut til sentralhamn. I innstillinga om meldinga, Innst.S.nr.126 (1989-1990), sa stortingskomiteen særskilt om Oslo hamn:

Komiteen vil også understreke at det i utarbeidelsen av en nasjonal havneplan er viktig å vurdere mulighetene for å tilrettelegge transportmønsteret slik at Oslo havn også i framtiden kan være i stand til å opprettholde status som basishavn i det oversjøiske transportsamarbeidet mellom linjerederiene.

Komiteen peika samstundes på kor viktig det er at ein tek omsyn til Oslo hamn ved arealplanlegginga. Om dette sa komiteen:

Komiteen vil i tilknytning til den sentrale funksjonen Oslo havn har blant annet som basishavn, understreke betydningen av at havnen sikres utbyggingsarealer slik at den er i stand til å møte de utfordringer konkurransen i internasjonal transport stiller den overfor.

Arealproblema for Oslo hamn har etter dette vorte monaleg større, og hamnedrifta i Oslo har møtt nye vanskar.

I den siste tida har trafikken over Oslo hamn auka sterkt. Særleg viser det seg at containertransporten aukar mykje. Frå 1993 til 1994 har aleine talet på containerar til og frå Oslo hamn auka med nær 8 pst. Containertransport er særs plasskrevjande, og det er derfor i dag viktigare enn nokon gong at tilstrekkeleg areal i hamna kan nyttast til hamneverksemd.

For å løyse arealproblema i hamna har mange prøvd å finne andre areal som kan nyttast til hamneverksemd i hovudstadregionen. I samband med dette har areala på Fornebu vore nemnde som eit alternativ.

I dei rikspolitiske retningslinjene for planlegging i samband med hovudflyplass på Gardermoen er det lagt visse føringar for arealbruken på Fornebu i framtida. Her er det lagt vekt på rekreasjon, bustadbygging og avgrensa næringsutbygging. Desse retningslinjene gjer det såleis ikkje særleg aktuelt å vurdere Fornebu som alternativ containerhamn.

Eg vil òg peike på handsaminga av Dok.nr.8:12 (1993-1994) om hamnesamarbeid i Oslofjorden. Komiteens fleirtal sa her at ein ved skiping av hamnesamarbeid bør vere varsam med å nytte påbod og sette delar av det kommunale sjølvstyret til sides.

I § 16 første ledd i hamne- og farvannslova finst ein hovudregel som gjeld kommunane sine oppgåver og ansvar etter lova. Her heiter det:

Kommunen har ansvaret for planlegging samt utbygging og drift av egne kaianlegg og havneinnretninger.

Det er derfor kommunane sjølve som har hand om arealdisponeringa, også i høve til hamneutbygginga. Kommunen må sjølv sette av dei naudsynte areala til hamneverksemd. Eit eventuelt samarbeid mellom kommunar om hamneutbygging må i første rekkje springe ut frå eit ønske frå dei kommunane dette gjeld.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Ved å få ei containerhamn på Fornebu kan ein få nytta ut eit godsbehandlingsmiljø som alt er der, på ein enda betre måte. Det er lett å komme til Fornebu både med bil, jernbane, fly og skip. Det er ei enkel og grei innsegling til Lysakerfjorden, og jernbanen kan lett førast heilt fram. Ved ei moderat utfylling kan ein få 400 mål hamneplass og 2 km bryggeplass, som ein skulle tru er nok for å dekke behovet. Ein del av lufthamnas 3500 mål kan bli bruka til containerlager og andre føremål.

Store delar av grunnen under Fornebu er truleg så forureina at den vanskeleg kan brukast til budstadføremål.

Dette vil òg kunne opne for å halde ved like ein del av flyplassaktiviteten på den delen som ligg nærmast hamna. Dessutan er det store område elles som kan brukast til bustad- og friluftsføremål.

Eg tillet meg å spørje statsråden om han kan tenkje seg å ta opp med Regjeringa den framtidige utnyttinga av Fornebu, der også containerhamn er ein del av bruken.

Kommunar likar ikkje statleg påbod - men i den siste tida har vi sanneleg merka statleg påbod både i samband med Rikshospitalet og på andre måtar, så det er i tilfelle ikkje noko nytt.

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Jeg kan ikke gjøre annet enn å vise til det jeg sa i mitt svar, nemlig at det i de rikspolitiske retningslinjer for planleggingen av Gardermoen flyplass er lagt visse føringer på arealbruken for Fornebu i framtida. Det går på rekreasjon, boligbygging og avgrenset næringsutvikling, og det er det som i dag ligger som politiske retningslinjer. Det betyr at disse retningslinjene ikke gjør det særlig aktuelt å vurdere Fornebu som alternativ containerhavn.

Min hensikt med å peke på det kommunale ansvaret for å ivareta havnespørsmål går blant annet også på at hvis man tenker seg et regionalt samarbeid om havnespørsmålet i Oslofjorden når det gjelder å finne alternative lokaliteter i forhold til Filipstad, må det være noe som springer ut av et ønske som kommunene har selv i den regionen som er berørt.

Arne Haukvik (Sp): Prinsipielt er eg heilt einig med statsråden i at kommunen og lokalsamfunnet sjølvsagt skal ta eit initiativ og prøve mest mogleg å utvikle det som det er behov for i distriktet, men det er somme tider snakk om overordna føremål. Me ser nå kor mykje Fornebu er brukt til allmennflyging - ein har 30000-50000 flyrørsler i året, noko som vil bli auka når Gardermoen òg må jage denne trafikken vekk. I staden for å byggje ein ny flyplass for småtrafikken, eller allmenntrafikken, kunne jo kombinasjonen med småtrafikk på Fornebu brukast, og me kunne da ha berga Koksaverkstaden som ligg der nå, som har 450 arbeidsplassar, og som gjev grunnlag for mange tusen arbeidsplassar i strøket. Det å kunne kombinere bruken av Fornebu med både containerhamn, ei flystripe og Koksaverkstaden vil eg tippe ville vere fornuftig bruk av samfunnet sine pengar. Eg tillet meg derfor å be statsråden ta dette opp til ny vurdering saman med sine kollegaer og komme tilbake til det.