Stortinget - Møte onsdag den 10. mai 1995

Dato: 10.05.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Reidar Johansen (SV): Jeg vil få stille statsråden følgende spørsmål:

Telenor AS planlegger å effektivisere den manuelle ekspedisjonen ved landets kystradiostasjoner. Dette vil blant annet ramme lyttevaktrommene ved Vardø og Ørlandet. Effektiviseringen vil medføre en svekkelse av sikkerheten for alle sjøfarende.

Vil statsråden stoppe Telenors planer med hensyn til kystradiostasjonene?

Statsråd Kjell Opseth: Drifta av kystradiostasjonane utgjer ein del av Telenor AS sine samfunnspålagde oppgåver. Selskapet skal ivareta denne oppgåva på ein effektiv måte innanfor ramma av dei servicemåla som blir sette for tenesta. Dette inneber m.a. at tryggleiken ikkje skal reduserast. Inntekta på tenesta dekkjer ikkje kostnadene.

Telenor har opplyst at trafikkmengda over kystradiostasjonane har gått vesentleg ned dei siste åra, og Telenor planlegg difor å effektivisere den manuelle ekspedisjonen ved kystradiostasjonane. Eit fjernstyringsutstyr skal fordele den samla arbeidsmengda likt blant kystradiostasjonane. Dette gjer det mogleg å drive dei eksisterande stasjonane med mindre kostnader enn i dag.

I samband med effektiviseringa planlegg Telenor å konsentrere dei fire eksisterande bemanna lyttevaktromma ved Vardø, Bodø, Ørlandet og Rogaland radio til Bodø og Rogaland radio med to lyttevaktrom ved kvar av stasjonane. I dei planlagde nyoppretta lyttevaktromma vil nødfrekvensane bli avlytta på same måte som dei i dag blir avlytta ved Vardø og Ørlandet. I tillegg planlegg Telenor at avlyttinga av nødfrekvensane blir oppretthalden ved Vardø og Ørlandet, men ikkje i eigne lyttevaktrom. Telenor meiner at ei slik parallell avlytting vil føre til ei styrking av lyttevakta i høve til i dag.

Vidare har Telenor opplyst at det er under innføring ved kystradiostasjonane eit stadregister med tilhøyrande kartdatabase, som vil gjere det enklare å lokalisere stadnamn langs kysten, noko som reduserer behovet for personalet sin geografiske lokalkunnskap.

Eg finn på denne bakgrunn ikkje grunn til å gripe inn i Telenor sine planar for det vidare arbeidet med effektivisering av kystradiotenesta.

Reidar Johansen (SV): Jeg vil takke statsråden for svaret, et svar med hans siste setning som et ekko av flere liknende svar fra statsråd Opseth: Man vil ikke gripe inn overfor Telenors planer uansett på hvilket område.

Statsråden påtar seg etter min mening gjennom det svar han har gitt i dag, et stort ansvar for sikkerheten til de som ferdes på sjøen og er avhengig av helt kontinuerlig overvåking.

Dette er ikke i første rekke snakk om lokalisering, det er ikke snakk om økonomi, det er først og fremst snakk om sikkerhet. Og den blinde tro på at teknologi kan erstatte manuell kunnskap og menneskelig vurderingsevne kan i dette tilfellet ende med uante følger.

Jeg vil dra fram særlig ett tilfelle, situasjonen ved Vardø radio. Jeg vil be statsråden gå litt inn på om det har vært med i vurderingen, fordi Vardø radio dekker ikke bare det området som er omtalt i dokumentet, men et langt videre område - hele Barentshavet, Bjørnøya og Svalbard. Jeg vil be statsråden gå inn på det spørsmålet.

Statsråd Kjell Opseth: Eg tar innover meg det ansvaret eg har. Men eg er nøydd til å halde meg til dei som har ansvaret for denne tenesta, og som meiner dei gjennom desse tiltaka får ei betre teneste til ein mindre kostnad. Det er ikkje slik at det nødvendigvis er den gamle måten å gjere ting på, som gir den største tryggleiken. Eg kan godt sjå element i dette som medfører at ein får ein større tryggleik. Med fire lytterom langs heile norskekysten inklusiv Barentshavet skal det noko til at alle har lokalkunnskap. Eg er nokså sikker på at vi får ein større tryggleik gjennom ein database som omhandlar både stadnamn og kart som dei ulike lyttevaktene kan halda seg til.

Eg er difor av den oppfatninga at det tiltaket som no skjer, er ei styrking av lyttevakttenesta.

Reidar Johansen (SV): Det er vel ingen tvil om og ikke noe problem å innrømme at det med den teknologi vi rår over i dag, er fullt mulig å overvåke hele den norske kyst, gjerne med én stasjon. Men er det den type sikkerhet vi ønsker? Og gir den type tenking reell sikkerhet? Uansett teknologi vil man ikke kunne erstatte de kvalitetene mennesket faktisk rår over, og da spesielt vurderingsevne og lokalkunnskap, som ikke kan erstattes av noen som helst kartbase etter mitt syn. Det var det ene momentet.

Det andre er jo det som helt klart skinner gjennom, at dette er fortsettelse av en prosess i Telenor der man effektiviserer for å effektivisere. I dokumentasjonen til dette spørsmålet er det ingen reduksjon i antall stillinger, det er kun snakk om sentralisering av arbeidsplassene.

Det er kanskje utilbørlig å vise til det neste spørsmålet, men det omhandler et konkret eksempel på situasjonen.

Statsråd Kjell Opseth: Det denne saka er eit døme på, er at ein må foreta dei endringar som tida krev. Lokalkunnskap er viktig, men eg spør meg: Er det slik at dei som sit på fire stader langs den langstrakte kysten, har den nødvendige lokalkunnskapen? Eg set eit stort spørsmålsteikn ved det. Difor er eg nokså viss på at dette er ei betring av lyttevakttenesta og ei betring når det gjeld å setje aksjonar raskt i gang. Så får representanten Johansen og eg vere usamde om det. Dette er iallfall vurderinga til dei som har ansvaret for denne tenesta.