Spørsmål 12
Ola Røtvei (A):
Jeg har følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
I Oppland Arbeiderblad 11. oktober
1995 blir det vist til at omlegging av postsorteringen fra Gjøvik og
Lillehammer til Hamar har ført til store forsinkelser med postgangen.
Hva er grunnen, og hva blir gjort for
å oppfylle Stortingets målsettinger om framsendelse av postsendinger?
Statsråd Kjell Opseth:
Overføringa av
postsorteringa frå Gjøvik og Lillehammer til Hamar måtte utsetjast til 14.
august 1995. Årsaka var at Hamar postterminal under flaumen måtte flytte
til mellombelse lokale. Postverket har opplyst at overføringa i starten
førte til ein del uventa problem. Dette hadde m.a. samanheng med det endra
tidspunktet for overføringa. Dette førte til at ein god del C-post og ein
del pakkepost til kundane i Hedmark og Oppland vart forseinka. A-posten har
ikkje vore forseinka. A-post er det postslaget der Stortinget har sett krav
til Postverket om framsendingstida.
Postverket opplyser vidare at ein om
kort tid reknar med å ha løyst desse problema og dermed òg forseinkingane av
posten.
Ola Røtvei (A):
Jeg takker statsråden
for svaret.
Ja, naturkreftene kan vi i mange
tilfelle rå lite med. Men vi har ansvaret for og skal ha styringen med at
Postverket tilbyr de beste og billigste tjenestene, og at de tar ny
teknologi i bruk. At Postverket møter konkurranse og må foreta tilpassing
av produksjon og produkter, er absolutt reelt. Men iveren etter å tilpasse
seg bl.a. denne konkurransen må ikke bli så stor at det går ut over
kvaliteten på tjenestene. Det hjelper lite med tilpassing og
effektivisering av produksjonsapparatet dersom produktet som tilbys kunden,
blir dårligere. Det må ikke bli sånn at Postverket i denne prosessen snur
på skillingen og lar daleren gå.
Jeg går ut fra - hvis jeg kan få
stille statsråden et ledende spørsmål - at statsråden er enig i disse
betraktningene.
Gunnar Breimo hadde her overtatt
presidentplassen.
Statsråd Kjell Opseth:
Eg kunne jo
gjere dette kort og seie ja. Men la meg berre få føye til at det er ikkje
særleg tvil om at Postverket er opptatt av å gje kundane eit godt tilbod.
Det er faktisk ein føresetnad for at dei skal overleve i den stadig aukande
konkurransen, så her er det ikkje noka motsetning mellom det Stortinget
ønskjer, og det Postverket sjølv har som målsetjing.