Stortinget - Møte onsdag den 6. desember 1995

Dato: 06.12.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 14

Arne Haukvik (Sp): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål:

Trondheim har eit sterkt levande musikkliv, framifrå symfoniorkester, utruleg mange gode kor og stor interesse også for opera. I tillegg har dei ferdig nye lokale i Olavshallen.

Vil statsråden ta eit initiativ, slik at alle desse gode kreftene kan sameinast fram mot byjubileet i 1997, eventuelt med hjelp frå Operaen i Kristiansund og Den Norske Opera?

Statsråd Grete Faremo: Departementet har med glede registrert at kulturarrangement av ulike slag står svært sentralt i planane for feiringa av 1000-årsjubileet i Trondheim. Det er i denne samanhengen viktig at staten har eit direkte tilskotsansvar for fem kulturinstitusjonar i denne byen:

  • Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
  • Ringve musikkhistoriske museum
  • Trondheim Symfoniorkester
  • Trøndelag Kunstgalleri
  • Trøndelag Teater

Desse institusjonane fekk eit samla statleg driftstilskot i 1995 på 59.067.000 kr.

Ansvaret for eit byjubileum - jamvel om det er tale om eit 1000-årsjubileum - må liggje til vedkomande kommune og dei institusjonane som har sin base der. På kulturområdet må vi såleis i dette tilfellet kunne forvente at dei institusjonane som er nemnde ovanfor, i 1997 vil tilpasse aktivitetane sine i form av utstillingar, førestillingar og andre formidlingstiltak på ein måte som kan inngå i heilskapen for feiringa av Trondheim bys 1000-årsjubileum.

Det kan i tillegg vere naturleg at sentrale kulturinstitusjonar utanfor Trondheim tek del i markeringa av byjubileet i form av vandreutstillingar, turnear og gjestespel. Det naturlege vil i så fall vere at lokale instansar sjølve inviterer til eit slikt engasjement. Kulturdepartementet ser det ikkje som ei oppgåve å samordne dette.

Prinsipielt kan det ikkje leggjast til grunn at staten skal medverke med særskild finansiering av byjubileum. Eventuelle søknader frå kommunen eller institusjonar i og utanfor Trondheim til eit departement eller annan statleg instans om tilskot til prosjekt eller arrangement knytte til byjubileet vil måtte vurderast på vanleg måte.

Elles er det naturleg å minne om at staten medverkar tungt, totalt med 150 mill. kr, til realiseringa av den nye teaterbygninga til Trøndelag Teater som no er under oppføring i Trondheim, og som vil vere ferdigstilt til jubileumsåret.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret, som var interessant og positivt for så vidt.

Eg er samd i at det må eit lokalt engasjement til dersom ein skal utvide området for kva ein har lyst til å markere ved 1000-årsjubileet. Som statsråden òg sa, får dei ferdig sitt nye, fine tetater, som for ein stor del er finansiert av statlege midlar. Likevel vil eg be statsråden om å vurdere om ikkje ei gåve frå det norske samfunnet til 1000-årsjubileet kunne gå m.a. til musikklivet. For å slå eit slag for at operatanken òg skal leve vidare i 1000-årsbyen Trondheim, tillet eg meg å oppmode statsråden om å ta med desse tankane tilbake til sin kollega i Regjeringa og sjå kva ein kan finne på fram til neste år.