Stortinget - Møte onsdag den 24. januar 1996

Dato: 24.01.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 18

Astrid Marie Nistad (A): Eg vil spørje fiskeriministeren om følgjande:

Med utgangspunkt i ein open database i Fiskeridirektoratet tenkt til forskingsføremål er det gjennom fleire oppslag i media stilt spørsmålsteikn ved kontrollen med etablerte kvotar i norske fiskeri.

Kva er bakgrunnen for dette, og kva vil fiskeriministeren føreta seg i høve til saka?

Statsråd Jan Henry T Olsen: Fiskeridirektoratet sin forskingsdatabase er etablert for statistikk- og forskingsføremål. Det er gjeve melding om at forskingsdatabasen ikkje skal og heller ikkje kan brukast til kontroll av om eit fartøy har brote reguleringsforskriftene. Databasen er anonymisert for å oppfylle konsesjonsvilkåra frå Datatilsynet.

I databasen er det presentert fangstdata frå to kjelder:

  • Sluttsetel, som vert skriven ut ved landing av fangst og syner data for landa og innvegen fangst.
  • Fangstdagbok, som vert skriven etter kvart under fiske og er basert på tilrekna fangst.

Databasen legg til rette for kopling mellom data frå desse to kjeldene.

Det er fleire tusen fartøy i databasen. Data er ikkje kvalitetssikra for kvart fartøy. Derfor vil alminneleg varsemd tilseie at data ikkje skal brukast på fartøynivå i tilfelle som har juridiske og økonomiske konsekvensar for fartøyet, utan at dei elektronisk overførte data er kontrollerte mot grunndata og fartøyeigar har fått lagt fram for seg materialet som konklusjonen bygger på.

Sjølv om alle data i forskingsdatabasen skulle vere korrekte på fartøynivå, ville det ut frå data i databasen vere svært vanskeleg å finne ut om eit fartøy har brote ei regulering. Dette fordi

  • databasen ikkje inneheld opplysningar om tillaten kvote
  • databasen ikkje inneheld utrekning av tillaten bifangst for det enkelte fartøy
  • databasen ikkje inneheld informasjon om at fartøyet har tatt del i forskingstokt eller forsøksfiske
  • databasen ikkje inneheld informasjon om overføring av kvote, godkjenning av leigefartøy, reiarkvotar m.v.

Alt dette er informasjon som må vere kjend om ein skal kunne vurdere om eit fartøy har brote gjeldande regulering.

Brukarar av databasen som har sagt at dei har kome over brot på reguleringsforskriftene, synest ikkje å ha vore klåre over at viktig informasjon har mangla i denne basen. Dette har kome fram i samband med at fleire tilfelle er undersøkte av Fiskeridepartementet etter oppmoding frå stortingsrepresentant Reidar Johansen. Desse granskingane har vist at dei registrerte fangstdata ikkje gjev grunnlag for å seie at fiskefartøy har brote reguleringsforskriftene.

Eg vonar at vi no får ro omkring forskingsdatabasen, og at den vert brukt til det den er eigna til, nemleg statistikk- og forskingsføremål, og at den ikkje vert brukt til å så tvil om kvotekontrollen vår.

Kontrollen er i dag god, men eg vil likevel styrkje den ytterlegare. Dette skal skje gjennom effektivisering av Kontrollverket og Kystvakta, ved å bygge ut kontrollordningane og ved at det vert innført strengare straffereaksjonar. Bruk av ny teknologi og betre standardisering av data og meldingsformat vil gjere kvalitetssikringa av fangstdata endå betre og enklare.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for eit godt og grundig gjennomarbeidd svar. Eg er glad for at han stadfesta at forskingsdatabasen ikkje skal og ikkje kan brukast til kontroll av om eit fartøy har brote reguleringsforskriftene. Dette er viktig for den enkelte fiskar, ja for heile næringa. Eg er òg glad for at statsråden vil styrkje all den gode kontrollen vi har, ved å effektivisere Kystvakta og Kontrollverket - ikkje berre for kontrollen sin del, men mest for å ha truverde hos andre partar og land i forhold til våre disposisjonar i høve ressursane i havet. Eg forstår svaret slik at desse tiltaka vil verte sette i verk straks.