Stortinget - Møte onsdag den 13. mars 1996

Dato: 13.03.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 19

Magnus Stangeland (Sp): I fiskeriministeren sitt fråvær skal eg stilla følgjande spørsmål til landbruksministeren:

NRK Fjernsynet viste 5. mars 1996 eksempel på at danske eksportfirma omgår minsteprisordninga ved å etablera dotterfirma i Noreg som kjøper fisk frå oppdrettar til 24 kroner pr. kilo, sel vidare til seg sjølv i Danmark til 28 kroner og vidaresel same fisken til den europeiske marknaden til 24 kroner.

Kva vil fiskeriministeren gjera for å få slutt på denne måten å omgå minsteprisar på?

Statsråd Gunhild Øyangen: Hausten 1995 opplevde vi eit vesentleg fall i prisane på den europeiske laksemarknaden, og eksportprisen på norsk laks vart i denne perioden redusert frå i overkant av 30 kr pr. kg i byrjinga av september til 23,40 kr pr. kg i byrjinga av desember. Denne utviklinga skapte uro i EU og førte til at kommisjonen innførte minsteimportprisar på 28 kr pr. kg for fersk laks, med verknad frå 16. desember 1995. Noreg protesterte mot både sjølve tiltaket og heimelsgrunnlaget på møta i EØS-komiteen i desember 1995 og januar 1996.

Minsteimportprisane skal i utgangspunktet gjelde fram til juni i år, men ordninga skal verte evaluert undervegs for å slå fast om ho har tilfredsstillande effekt. EU har signalisert at dersom det viser seg at tiltaket ikkje har nokon effekt på marknadssituasjonen, vil ein vurdere nye og strengare tiltak. I januar og byrjinga av februar var prisane i marknaden framleis svært låge og risikoen for skjerpa tiltak frå EU si side auka. Dei siste vekene har det likevel vore ein tendens til auka prisar. Både rapportar vi får inn frå marknadene, og omsetningstal som vert presenterte av Norske Fiskeoppdretteres Forening, underbyggjer dette biletet.

Fiskeridepartementet ser svært alvorleg på at utanlandske og norske næringsaktørar omgår EU sine reglar for minsteimportprisar. Sjølv om norske styresmakter er usamde i sjølve tiltaket, meiner vi at regelverket må verte følgt nøye fordi omgåingar aukar risikoen for at EU innfører andre og meir alvorlege tiltak. Fiskeriministeren har difor ei rekkje gonger bedt den norske næringa om å etterleve minsteimportprisordninga.

Fiskeridepartementet har vidare bedt den norske EU-delegasjonen i Brüssel ta spørsmålet om omgåing opp med kommisjonen. Vi har bedt om kommisjonen si vurdering av om omgåingar av den typen som er nemnd, er legale i høve til EU sitt regelverk, og dersom dei ikkje er det, kva steg kommisjonen vil ta for å rette opp forholda.

Kommisjonen har opplyst at eit selskap som importerer til lovleg pris frå dotterselskap i Noreg og deretter regelmessig sel fisken vidare under denne prisen, gjer ei rettsstridig omgåing av påbodet om minsteimportpris.

Problemet med omgåingar vart også diskutert under fiskeriministeren sitt møte med Emma Bonino i slutten av februar. Her vart det frå kommisjonen si side underretta om at ein no hadde sett EU si økokrim-eining i gong med å avdekkje denne forma for omgåingar. Vidare er det sett i verk særskilde rapporteringsordningar for medlemslanda til kommisjonen om prissituasjonen.

Fiskeridepartementet følgjer situasjonen på laksemarknaden nøye og har som kjent alt sett i verk tiltak for å kunne oppnå betre balanse mellom tilbod og etterspurnad i marknaden. Med ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad, er det grunn til å vente eit stabilt høgare prisnivå i marknaden, slik at EU ikkje vil setje i verk ytterlegare tiltak mot norsk lakseeksport.

Edvard Grimstad hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Magnus Stangeland (Sp): Den saklege orienteringa som Regjeringa her legg fram, er riktig. Eg synest òg det er prisverdig at det blir innrømt frå Regjeringa si side at ei rettsleg omgåing av minsteprisar finn stad i dag.

Det som er hovudproblemet, er nemleg at det er oppdrettsnæringa og oppdrettarane som her blir skyteskive for det som skjer, mens det i røynda er firma - eksportørar som sjølve sit i EU - som driv med det eg vil kalla for omgåing av regelverket. Dersom ein ikkje får orden på dette, får ein aldri orden på systemet rundt eksport av laks. Så mitt spørsmål til Regjeringa er: Vil den vurdera å innføra norsk eksportavgift, slik at vi er trygge på at prisane er rette når fisken passerer grensene?

Statsråd Gunhild Øyangen: Jeg er glad for at representanten Stangeland er fornøyd med svaret.

Når det gjelder spørsmålet om eksportavgift, blir jeg nok nødt til å bringe det videre til fiskeriministeren.

Magnus Stangeland (Sp): Mitt forslag er ikkje eksportavgift, men det er viktig å få ordningar så ein får dette systemet til å virka slik det skal. Elles er eg redd vi øydelegg heile oppdrettsnæringa, for det er ei undergraving det som skjer på marknaden. Når eksportørane som sit i EU, handlar med seg sjølv på ein slik måte at dei unngår minsteprisar, kan dei pressa prisane ned til dei er null verdt, og dette går då ut over våre eigne oppdrettarar, mens ein fritt kan importera dette råstoffet utan krav om minsteprisar frå f.eks. Chile, som eit tredjeland utanfor EU, og det skjer i dag.

Statsråd Gunhild Øyangen: De synspunkter representanten Stangeland tar opp, vil bli brakt videre til Fiskeridepartementet.

Presidenten:Vi går så tilbake til spørsmål 6.