Stortinget - Møte onsdag den 15. mai 1996

Dato: 15.05.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Hallgrim Berg (H): Eg skal få lov til å stilla følgjande spørsmål til den vyrde ministeren for kyrkje, utdanning og forsking:

Det største barokkorgelet i verda nord for Hamburg finst på Kongsberg, men har etter skade vore ute av bruk sidan 1880. Restaureringa av dette eineståande klenodiet er ei nasjonal sak og har utløyst eit breitt engasjement frå Kyrkja, private lag, organisasjonar og offentlege instansar med sikte på ferdigstilling 31. desember 1999.

Kan ein rekne med at også departementet vil ta sin del av ansvaret for at dette målet blir nådd i tide?

Statsråd Reidar Sandal: I forståing med kulturministeren vil eg som kyrkjeminister svare på spørsmålet frå representanten Berg.

La meg først få presisere at det etter gjeldande kyrkjelovgjeving er eit kommunalt ansvar å skaffe, halde ved like og restaurere inventar og utstyr i kyrkjene. Dette vil òg gjelde orgel. Til vanleg vil departementet derfor måtte avslå søknader om statleg tilskot til slike tiltak.

Når det gjeld barokkorgelet i Kongsberg kyrkje, er eg merksam på at dette orgelet er eineståande i sitt slag. Eg er dessutan imponert over at den lokale komiteen som arbeider for å restaurere orgelet, har makta å samle inn ca 7,5 mill. kr til tiltaket. Restaureringa av orgelet har ein samla kostnad på ca 10 mill. kr. Komiteen har på denne bakgrunn søkt Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om eit tilskot på 2,5 mill. kr, som er det som står igjen for å sikre finansieringa.

Søknaden frå den lokale komiteen er til vurdering i departementet. Eg meiner det i denne saka er grunn for departementet til å gje eit visst tilskot til restaurering av barokkorgelet. Samstundes må eg leggje til at departementet har avgrensa midlar til disposisjon for slike tiltak, og at eg derfor ikkje kan gje nokon lovnad om at tilskotet vil nå opp i den storleiken som det er søkt om.

Hallgrim Berg (H): Eg vil få takka statsråden hjarteleg for svaret. Det må jo seiast å vera uvanleg positivt at det her blir vedgått at me har med eit eineståande klenodium å gjera. Faktisk er det, som eg sa, det største orgelet i sitt slag i Nord-Europa. Det har 42 stemmer, Wagner-orgelet i Nidarosdomen har til samanlikning 30. Det vil sikkert bli ei oppleving å kunna skapa og møta klangbilete, klangfargar, som er utruleg lyse og rike. Så der er me samde.

Men eg ville gjerne at statsråden svara litt meir forpliktande. Eg trur nok at det som no er samla inn lokalt, faktisk 8 mill. kr, har nådd sitt tak når det gjeld det som det er naturleg å rekna med å få inn frå pengerulling. Eg lurar difor på om det går an å få svar på om løyvinga kan gjerast for året som kjem, for ein må snart til med kontraktinngåing med orgelbyggjarar og ekspertar.

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil først få lov til å peike på at spørsmålet som knyter seg til statleg tilskot i samband med orgelet i Kongsberg kyrkje, òg er reist av andre enn representanten Berg. Blant andre har stortingspresident Kolle Grøndahl drøfta denne saka med meg relativt grundig.

Eg har lyst til å vise til at representanten Berg sa det var eit uvanleg positivt svar som blei gjeve. Derfor må eg få lov til å seie at eg var noko overraska over at representanten Berg med eit slikt generelt inntrykk, ville ha endå meir forpliktande ytringar. Eg meiner han har fått eit løfte frå denne talarstolen i dag som burde gjere representanten svært nøgd.

Hallgrim Berg (H): Som eg sa, var eg både takksam og hjarteleg nøgd med svaret. Grunnen til at eg kanskje masar lite grann, er at denne storhendinga skal gå av stabelen nyttårseftan 1999, og det krevst ganske lang tid å få dei internasjonale konsulentane og orgelekspertane på plass og få til framdrifta i dette store prosjektet. Det ville vera veldig fint om me kunne få ei klar datering på når det var mogleg å få stilt ein garanti eller pengesum til rådvelde, men slik som statsråden har ordlagt seg no to gonger, er eg så nøgd at eg ikkje har tenkt å gjera meir med saka med det første.