Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 16

Arne Haukvik (Sp): På FNs miljødag tillèt eg meg å stilla følgjande miljøspørsmål til samferdselsministeren:

Utgreiingane om NSB-tunnel gjennom Gamlebyen er basert på at funksjonane i Lodalen blir som i dag. Ved å frigjere Lodalen vil eit justert alternativ S5 stå fram som mykje betre enn i utgreiinga. Eg ber om å få vite kva utgreiingane har kosta, og vil stille følgjande spørsmål:

Har ikkje konsulentane og/eller NSB sjølve oppdaga at NSB sitt styre har vedteke nedlegging innan år 2000?

Statsråd Kjell Opseth: Konsekvensutgreiinga frå NSB om tunnel under Gamlebyen vart lagd ut til offentleg ettersyn 15. mai 1996, og skal ligge ute til høyring fram til 15. august 1996. Alternativ S5, som representanten Haukvik spør om, er eitt av i alt seks alternativ som er vurderte. I dette alternativet samlar ein alle banane ut frå Oslo S og austover i ein tunneltrasé gjennom Minneparken, med sportilknyting til Lodalen.

Styret i NSB har vedteke ei gradvis nedtrapping av verkstadfunksjonane i Lodalen og at vedlikehaldsfunksjonane blir overførte til Drammen og Grorud. Men NSB vil framleis nytte området i Lodalen til oppstilling av tog.

Alternativ S5 kan gjerast noko enklare gjennom Minneparken dersom ein ikkje treng sportilknyting til Lodalen, om det er ei slik justering representanten Haukvik har i tankane. Men totalt sett blir ikkje løysinga endra vesentleg. Det blir heller ikkje dei totale kostnadene på om lag 2 700 mill. kr.

Kostnadene for konsekvensutgreiinga så langt er ca 17 mill. kr.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Dersom staten har bruka 17 mill. kr og fått så lite i matnyttige løysingar, er det utruleg sløsing med pengar.

Det står på side 53 i utgreiinga:

Det er imidlertid aktuelt å vurdere fellesstrekninger for noen av banene for å redusere antall spor i spesielt vanskelige snitt, f.eks. gjennom Minneparken.

Det verkar slik ut frå den utgreiinga frå konsulentane som kosta 17 mill. kr, at ein enno ikkje har oppdaga at det ligg to ferdige jernbanespor i ein tunnel gjennom området, og som har vore der i 70 år. Kvifor er ikkje dei nemnde? Kvifor er ikkje dei tatt med i utgreiinga når det gjeld at Lodalen skal brukast til oppstilling av tog? Dette må vere Noregsrekord i fantasiløyse. Dersom dei to tunnelane kan brukast til hovudbanen og til Gardermobanen, må vel det vere ti reiser betre i økonomi enn at dei blir brukte til oppstilling av tog som me kan sette alle andre stader.

Statsråd Kjell Opseth: Eg trur eg vil minne representanten Haukvik om at det ikkje var Samferdselsdepartementet som tok til orde for å bruke 17 mill. kr for å avklare eventuell tunnel under Gamlebyen. Så dersom desse midlane er bortkasta eller er ei sløsing med offentlege midlar, så lyt ein adressere det andre stader. Det er faktisk slik at ein har utgreidd alle dei alternativa som kan vere aktuelle. Det er ikkje sånn at NSB eller Samferdselsdepartementet har gløymt at det ligg to spor oppe i Lodalen i dag, men eg reknar med at representanten Haukvik veit at det gjennom Gamlebyen går meir enn to spor.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Eg skjønar jo at departementet ikkje har tatt initiativ til å bruke så mykje pengar til utgreiing. Det må jo vere NSB som er ansvarleg for den sløsinga. Stortinget har vedtatt at me er interesserte i tunnel, og me peikar på moglegheita. Og eg kan minne statsråden om at han for eitt år sidan fekk eit brev som eg hadde fått frå ein professor ved NTH i Trondheim som gjekk god for den planen som me hadde skissert i fjor med nye tunnelar gjennom Gamlebyen, og som ville koste 1,2 milliardar kr. Kvifor er det ikkje tatt omsyn til det? Den utgreiinga me fekk i fjor, kosta ikkje samfunnet fem øre.

Kan eg da, sidan det ser ut til at statsråden også synest at 17 mill. kr var mykje pengar, stole på at han følgjer opp dette og får det ned på jorda, og at me brukar det som ligg der, den moglegheita me har, slik at me kan kome vidare med ei fornuftig sak?

Statsråd Kjell Opseth: Eg må få minne representanten Haukvik om at det var Stortinget som påla oss ei utgreiing av tunnel under Gamlebyen, og då er vi etter plan- og bygningslova pålagde å utgreie dei alternativa som kan vere aktuelle. Det har vi gjort, og det har kosta - til no - 17 mill. kr. Så det er vel korkje departementet eller NSB som må bere ansvaret for at desse ressursane er brukte.

Så er det slik at alle dei aktuelle alternativa, også det alternativet som representanten Haukvik no synte til, er vurderte. Sånn sett er det ikkje nokon i det miljøet som har hatt med dette å gjere, som i dag kan sjå at det er andre alternativ enn dei som no er ute på høyring. Og det er dei ein får ta stilling til.