Tore A Liltved (H):
Jeg vil stille
følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I spontanspørretimen 19. mars 1997
erkjente statsråd Sandal at IT-bransjen er i sterk ekspansjon, men at
sivilingeniørstudiet og ingeniørstudiet, i alle fall deler av studieplassene
som har relevans for IT-sektoren, faktisk ikke har søkere nok.
Hvilke studier og studiesteder er det
statsråden sikter til, hvorfor er det blitt slik og hva gjør statsråden for
å øke elevtilgangen til disse for samfunn og næringsliv viktige studier?
Statsråd Reidar Sandal:
Spørsmålet som
er stilt, er omfattande. Eg vil derfor be om litt utvida tid til å svare.
Presidenten: Jeg går ut fra at
Stortinget aksepterer det, innenfor rimelighetens grenser.
Statsråd Reidar Sandal:
Studietilbod
som er relaterte til informasjonsteknologi, finn vi ved alle universiteta og
ved ei rekkje høgskular. Då tenkjer eg særleg på linjene for datateknikk og
elektronikk innanfor sivilingeniør- og ingeniørstudia, men òg på
cand.scient.- og høgskulekandidatstudium i informatikk. Som eg svarte
representanten Liltved på hans spørsmål 19. mars, er det ikkje på nasjonalt
plan søkjarar nok til desse studia. Det er berre Noregs
teknisk-naturvitskaplege universitet som har vesentleg oversøkning til
tilbod i informasjonsteknologi. Etter opptaket sist haust stod det ledige
studieplassar på sivilingeniørstudia i IT både i Narvik og i Stavanger, og
det var ikkje kø til dei andre universiteta som òg kan tildele
sivilingeniørgraden i datafag. Fem av dei tolv høgskulane som har
ingeniørutdanning i datafag, hadde ledig kapasitet på denne linja det siste
året.
Når det gjeld elektronikklinjene, som
finst ved alle høgskular med ingeniørutdanning, er studentsøkninga endå
svakare, og fleire enn halvparten av høgskulane hadde ledige studieplassar
ved oppstart av nytt studieår sist haust.
Årsakene til at det i mange vestlege
land i dei seinare åra har vore sviktande rekruttering til naturfag og
teknologiske fag, er mange og samansette. Eg vil peike på nokre av dei:
- Mange
meiner at naturfaget har hatt ei svekt stilling i grunnskulen, og at det er blitt
formidla negative holdningar til realfag og teknologi.
- Vi
er inne i ein periode med relativt små ungdomskull. Når det i tillegg er forholdsvis
færre elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring som vel fordjuping i matematikk
og naturfag, har dette som konsekvens for få kvalifiserte søkjarar til studium
med krav om slik fordjuping.
- I
ein periode var det relativt høg arbeidsløyse blant ingeniørar, og dette medførte
sviktande tiltru hos mange unge til ingeniørarbeid som eit framtidig yrke. Seinast
i fjor kunne ein lese analysar over behovet for ingeniørar som viste ein mogleg
overproduksjon rundt år 2.000.
Forklaringa på det brå omskiftet på
arbeidsmarknaden finn vi i det faktum at om lag 75 % av ingeniørane er
tilsette i privat verksemd. Som eg understreka også i svaret mitt 19. mars,
er IT-bransjen kanskje det området der endringar skjer raskast, og no er
altså denne bransjen i sterk ekspansjon.
Matematisk, naturvitskapleg og
teknologisk kompetanse er sentrale faktorar i verdiskaping, sysselsetjing og
velferdsutvikling. Rekrutteringssvikten til desse fagområda er derfor
ottefull, og det må setjast inn tiltak på brei front for å snu utviklinga.
Ein del er allereie gjort:
- Naturfaget
er styrkt i den nye læreplanen for grunnskulen, og arbeid med spørsmål som gjeld
natur, miljø og teknologi, er framheva i generell del av felles læreplan.
- Natur-
og miljøfag er prioriterte område ved etterutdanning av lærarar.
- Ekstraordinære
tilbod om forkurs for å kvalifisere for opptak til ingeniørutdanning, sivilingeniørutdanning
og andre høgre studium som krev spesiell studiekompetanse i realfag, er bygde
ut ved fleire av høgskulane.
Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet har likevel ikkje meint at dette er nok, og har sett
ned ei breitt samansett arbeidsgruppe som skal foreslå tiltak, både
kortsiktige og langsiktige, som kan betre situasjonen for naturvitskap,
teknologi og matematikk i norsk utdanning. Særskilt skal gruppa vurdere
tiltak retta mot jenter, slik at kvinnerepresentasjonen i desse fagområda
aukar. Ein første delrapport frå gruppa skal leggjast fram no i april, og
arbeidet skal vere avslutta 1. juli i år. Eg vil òg minne om det arbeidet
som er i gang når det gjeld innhaldet i lærarutdanningane.
Når det gjeld situasjonen i datafag på
universitets- og høgskulenivå, vil spørsmålet om kapasitet bli vurdert
særskilt i det materialet som skal leggjast fram for Stortinget i revidert
nasjonalbudsjett og i ein eigen proposisjon om regulering av tilgjenge til
studium ved universiteta.
Tore A Liltved (H):
Statsråden pekte
på noe som alle vet, at det er mangel på kandidater til visse elevplasser,
men det er ikke hele sannheten. F.eks. ved Høgskolen i Agder, HiA, er det
tredobbelt så mange søkere som det er plass til, så det er muligheter for å
få inn flere, og etterspørselen er stor.
Når det gjelder erkjennelsen av
Arbeiderpartiets myte om verdens beste skole - den makter altså ikke å føre
fram kandidater til en meget ekspansiv bransje. Det må være noe som
statsråden bør ta innover seg, og, som han sa, også prøve å rette opp. Det
er veldig viktig nå at en får nok arbeidskraft til denne ekspansive
bransjen, slik at den ikke tørker ut og en ikke får den mulighet til
verdiskaping og fremtidige arbeidsplasser som bransjen gir. Det håper jeg
arbeiderpartiregjeringen vil satse mye på - i hvert fall skal Høyre gjøre
det.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg må vel få
lov å seie at det sleivsparket som representanten Liltved kom med mot
Arbeidarpartiet og Regjeringa sin utdanningspolitikk, verken var sakleg
eller særleganalytisk, og det er tufta på sviktande grunnlag.
Arbeidarpartiet har ført ein veldig ekspansiv utdanningspolitikk, i den
forstand at vi har skaffa fleire og betre studietilbod til dei unge. Vi er
faktisk i ein situasjon der vi har auka talet på studieplassar frå ca 100.000
til ca 170.000 i løpet av det tiåret som vi no er inne i, og eg meiner at
grunnlaget er lagt for å oppnå gode resultat på dette området.
Når det gjeld omfanget av
studieplassane, er det lagt fram eit forslag frå Regjeringa til behandling i
Stortinget, og eit fleirtal i Stortinget har akseptert og skissert dei
rammevilkåra som vi arbeider med på dette området. Eg har lyst til å minne
representanten Liltved om det.