Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Olav Akselsen (A): Eg vil stilla følgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

Småbarnsfedrar tar i større grad del i omsorga for barna sine enn dei gjorde før. Eventuell kontantstøtte vil gjera at fleire fedrar må jobba overtid for å kompensera det økonomiske tapet ved at mor er heime. Dette gjev dei mindre tid til samvær med og omsorg for barna.

Kva vil barne- og familieministeren gjera for å motverka ei slik utvikling?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Statistikk viser at småbornsfedrar i større grad enn tidlegare tar del i omsorga for borna sine. Statistikken viser òg at fedrane til små born er den gruppa i samfunnet som arbeider mest overtid. Men det viktige her er at fedrar - i langt større grad enn i generasjonar før oss - prioriterer borna i fritida framfor andre syslar. Dette er ei positiv utvikling og ein trend eg trur vil halda fram uavhengig av kontantstøtte eller andre politiske tiltak. Fedrar er opptatt av borna sine på ein annan måte enn tidlegare, då det beste ein far kunne gjera for sine born, var å vera ein god forsørgjar.

Representanten Akselsen sitt spørsmål kan tyda på at han heng igjen i denne tradisjonelle forsørgjartankegangen - at faren må arbeida overtid for å kompensera for tapt inntekt dersom mora vel å vera heime framfor i jobb i ein periode. Det ligg til grunn ein heilt annan tankegang for Regjeringa sin familiepolitikk. Vi trur ikkje at folk berre blir styrde av materielle behov. Vi trur at mange småbarnsforeldre faktisk ynskjer å bruka meir tid på familien sin, sjølv om det kan føra med seg eit inntektstap. Dessutan trur vi òg at foreldra kanskje deler noko meir på arbeidstida dersom dei får dette kontantstøttetillegget.

Undersøkingar syner at mange fedrar og mødrer prioriterer tid framfor pengar. Kontantstøtta er eit tilbod til foreldra, og dei står fritt til å nytta det eller ikkje. Sjølvsagt kan far velja å arbeida heime og ta imot kontantstøtte, eller foreldra kan velja å dela på det.

Arbeidarpartiet og andre må no slutta å snakka nedvurderande om dei som vel omsorgsutfordringa heime. Ikkje minst legg slike signal hinder i vegen for menn som ynskjer å ta eit større omsorgsansvar for borna sine. Og som likestillingsminister nyttar eg høvet til å peika på at Regjeringa er opptatt av lik fordeling mellom kjønna når det gjeld bruk av tid på familien og bruk av tid i arbeidslivet. Eg kan då vise til svaret mitt på spørsmålet frå representanten Karita Bekkemellem Orheim. Det faktum at småbarnsfedrar arbeider mykje overtid, er eit forhold eg vil ta opp med partane i arbeidslivet. Arbeidslivet har eit ansvar for å legga forholda til rette slik at fedrar kan arbeida normalarbeidsdag. Her står vi overfor mange utfordringar, særleg innanfor mannsdominerte yrke og næringar.

Olav Akselsen (A): Dersom det er slik at barne- og familieministeren meiner at småbarnsfedrar skal jobba mindre overtid, vil eg i alle fall håpa at ho går imot regjeringskollega Sponheim sitt forslag om at det no skal bli lettare å jobba overtid.

No er det slik at dei resultata som barne- og familieministeren viste til, ikkje har kome tilfeldig. Eg vil faktisk hevda at dei er resultat av ein nokså målmedviten politikk frå Arbeidarpartiet si side. Denne undersøkinga, som viser at fedrar brukar meir tid på sine barn, er gjord i ein periode der kvinnene er blitt yrkesaktive i langt større grad. Eg trur faktisk at hovudårsaka til at menn i dag tar større ansvar for sine barn, er at kvinnene er ute i arbeidslivet, og at ein dermed må dela på arbeidsoppgåvene heime. Og eg trur - og er svært redd for - at det blir reversering av denne tilstanden dersom kvinnene no skal tilbake igjen til heimen. Trass i at det er ein annan retorikk her, har eg ein mistanke om at for svært mange av dei som støttar kontantstøtta, er det akkurat det som er målet.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Akselsen sa at resultata ikkje har kome tilfeldig. Nei, det trur eg er rett. Men når han seier at det er på grunn av målretta tiltak frå Arbeidarpartiet si side, kan han gjerne seia det, men dette hadde ikkje Arbeidarpartiet fått til utan å få støtte frå dei andre partia på Stortinget. Her trur eg faktisk vi står saman i forhold til å bygga opp fedrane sine rettar, i forhold til å bygga opp permisjonsrettar osv. Det som er skilnaden på denne regjeringa sin politikk og Arbeidarpartiet sin, er at vi òg ynskjer å ta omsyn til dei som vel alternativt. Arbeidarpartiet har eintydig vore opptatt av dei som vel yrkeslivet, og ikkje av dei som vel alternativt. For meg som familieminister er det viktig òg å vera opptatt av dei som vel ei alternativ løysing på sine organisatoriske utfordringar i familielivet. Og det er det vi legg til rette for, og det er det ein gjennom kontantstøtta òg vil få gjennomført.