Jan Simonsen (Frp):
Jeg vil gjerne
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I
Innst.S.nr.227
(1996-1997) blir Regjeringen bedt om å fremme forslag om endringer i
lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet
rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk.
Vil tolketjenesten for hørselshemmede
og døvblinde som i dag eksisterer ved landets hjelpemiddelsentraler, bli
utvidet til også å omfatte tilbud om skoletolketjenester, og vil Regjeringen
sørge for å etablere et tilbud om skoletolketjenester for alle som har
behov, fra skoleåret 1998/99?
Statsråd Jon Lilletun:
Det er i dag
kommunane sitt ansvar å syte for tolketenester for døve elevar i grunnskulen
og fylkeskommunane sitt ansvar i vidaregåande opplæring. Mellom anna har
hjelpemiddelsentralen i Sør-Trøndelag gjennomført eit svært interessant
prosjekt som har gått over tre år, der hjelpemiddelsentralen har koordinert
og administrert alle typar tolking i fylket.
Med bakgrunn i erfaringane med dette
prosjektet har Sosial- og helsedepartementet nedsett ei arbeidsgruppe for å
sjå nærare på korleis undervisningstolkinga for døve bør organiserast.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er representert i
arbeidsgruppa ved Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske
kompetansesentra. Gruppa skal etter planen leggje fram sluttrapporten før
jul. Å utvide hjelpemiddelsentralane sitt ansvar er ei av fleire moglege
løysingar som vert vurdert.
Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet
vurdere dei ulike alternativa når det gjeld organiseringa av
undervisningstolkinga som arbeidsgruppa legg fram. Erfaringane frå
prosjektet i Sør-Trøndelag vil som nemnt verte vurderte spesielt i denne
prosessen. Her vil vi arbeide raskt med tanke på omtale i statsbudsjettet
for 1999.
I samsvar med
Innst.S.nr.275
(1996-1997) har departementet omtalt tolketenesta i
St.prp.nr.1 (1997-1998)
. Eg ynskjer her å nemne at det synest vanskeleg å rekruttere nok studentar
til toårig døvetolkutdanning. I hovudsak kjem dette av at søkjarane manglar
kommunikativ øving i teiknspråk. Departementet er kjent med at Institutt
for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, som har tilbod om
døvetolkutdanning, har nedsett ei arbeidsgruppe for å vurdere oppretting av
eit grunnfag i teiknspråk for høyrande studentar for m.a. å styrkje
rekrutteringsgrunnlaget til tolkeutdanninga. Den andre utdanningsstaden er
Høgskulen i Sør-Trøndelag. Departementet vil saman med høgskulen vurdere
tiltak for å styrkje rekrutteringa. Eit viktig tiltak vil vere å opprette
eit eittårig studium i praktisk teiknspråk for høyrande studentar. I
tillegg vil departementet stille øyremerkte midlar til rådvelde for å
vidareføre ordninga med modulkurs for tolkar.
For å oppsummere: Statens bidrag vil
vere å gå inn og vurdere på kva måte ein kan få ei høveleg organisering av
undersvisningstolkinga for døve, m.a. med bakgrunn i erfaringar frå
Sør-Trøndelag. Samtidig vil vi, både på kort og lang sikt, arbeide for å
betre rekrutteringa til yrket.
Jan Simonsen (Frp):
Det har i mange
år vært et problem at det har manglet ferdig utdannede døvetolker. I så
måte går det an å forstå at det er vanskelig å etablere et tilbud om
skoletolketjeneste for alle som har behov for det, før man har tilstrekkelig
med ferdig utdannet personell. Derfor er jeg glad for at denne regjeringen
nå setter i gang tiltak for å styrke utdanningen. Den forrige regjeringen
gjorde svært lite. Jeg syns svaret fra statsråden var svært positivt og
tyder på en helt annen offensiv enn vi har hatt tidligere.