Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato: 17.12.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 36

Eirin Faldet (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Når vil statsråden etablere en IT-linje for funksjonshemmede ved Høgskolen i Hedmark, Rena?

Statsråd Jon Lilletun: Forslaget om å etablere eit studietilbod i informatikk spesielt tilpassa rørslehemma studentar, med Høgskulen i Hedmark som fagleg ansvarleg, hadde den førre regjeringa til behandling i fleire år. Det ligg føre to utgreiingar i denne saka. Begge gjeld eit treårig heiltidsstudium for totalt 60 studentar, basert på avanserte pedagogiske og teknologiske løysingar. Begge utgreiingane har òg løysingar når det gjeld å tilpasse bustad, pleietilbod og praktisk og teknisk hjelp som sterkt funksjonshemma studentar vil ha behov for.

Ei utgreiing frå 1994 gjeld ei desentralisert utdanning, lokalisert til Folldal, basert på utstrekt fjernundervisning, medan ei utgreiing frå 1995 gjer greie for korleis ei slik utdanning kan integrerast i Høgskulen i Hedmark si avdeling på Rena. Begge dei utgreidde modellane er kostnadskrevjande og kompliserte med omsyn til pedagogiske og teknologiske opplegg, og dei føreset omfattande omsorgs- og pleietenester. Det er framleis ein del problemstillingar i saka som ikkje er godt nok utgreidde. Dette er særleg spørsmål knytte til ordningar for trygd og attføring for den aktuelle målgruppa og moglege løysingar når det gjeld finansiering og samordning av nødvendige tenester. Mellom anna desse spørsmåla vert det no arbeidd vidare med i samråd med Sosial- og helsedepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Dessutan er Høgskulen i Hedmark, i samarbeid med dei aktuelle organisasjonane for funksjonshemma, beden om å gjere ei grundig undersøking av rekrutteringsgrunnlaget for eit høgskulestudium i informatikk. Departementet har òg bedt høgskulen greie ut praktiske og økonomiske konsekvensar av å leggje til rette for eit meir differensiert og fleksibelt tilbod innanfor informatikkutdanning for fysisk funksjonshemma studentar, enn det eine treårige studiet som dei tidlegare utgreiingane omhandla.

Denne saka inneheld problemstillingar som Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet ikkje kan vurdere eller løyse aleine. Eg reknar med at dei tre departementa som saman må vurdere moglege modellar for eit heilskapleg tilbod om undervisning tilpassa bustad og pleie- og omsorgstenester for sterkt rørslehemma studentar, vil ha eit grunnlag for å vurdere saka i samband med førebuinga av 1999-budsjettet.

Eirin Faldet (A): Jeg kan i hvert fall berolige statsråden med at geografidebatten nå er fullstendig avgjort, slik at vi konsentrerer oss om distriktshøgskolen i Hedmark på Rena.

Jeg er kjent med at departementet har satt i gang en vurdering av de ulike modellene for informatikkstudiet, og syns det er veldig bra. Jeg vil si meg svært fornøyd med det. Det som er mitt anliggende, er jo at vi svært gjerne skulle ha hatt noen signaler fra statsråden om at dette er interessant, og at statsråden vil gå videre med det slik at vi får denne linjen. Diskusjonen om geografi kom bl.a fra de funksjonshemmede selv og ungdomsorganisasjonene, som ville være med og ha synspunkter på det. Men vi er altså ute etter å få vite om dette er liv laga, og om statsråden kan si noe om at dette vil han jobbe for.

Statsråd Jon Lilletun: Eg skal utan vidare oppfylle representanten Faldet sitt ynske og gje uttrykk for at det er interessant, for det er heilt opplagt at det ville vere både svært nyttig og interessant om den typen funksjonshemma fekk eit slikt tilbod. Ut frå det vil eg kome representanten til møtes på det punktet, men det skal utgreiast skikkeleg.

Elles har eg berre ein tilleggskommentar, og det er at det var ei gledeleg opplysning som representanten Faldet gav om at det her ikkje lenger låg føre ein geografistrid når det galdt plasseringa av høgskulen i Hedmark. Eg skulle ynskt at det same kunne seiast om resten av høgskulen si verksemd, men det kjem vi tilbake til.