Jan Johnsen (H):
Jeg har følgende
spørsmål til sosialministeren:
Bare en tredjedel av dem som har krav
på yrkesskadetrygd etter å ha fått den alvorlige yrkessykdommen
brysthinnekreft, har mottatt ytelsen.
Vil departementet sørge for adgang til
krysskobling mellom Kreftregisteret og Rikstrygdeverket for å sikre at flere
får yrkesskadetrygd?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
I
eit samarbeidsprosjekt mellom Rikstrygdeverket og Kreftregisteret i 1996 som
departementet finansierte, kom det fram at berre om lag ein tredjedel av dei
som hadde brysthinnekreft, hadde kravd dei yrkesskadefordelane frå trygda
dei hadde rett på. Etter føresegner om teieplikt hadde Kreftregisteret
tidlegare ikkje høve til å melda frå til trygdeetaten i slike tilfelle.
I dag er situasjonen annleis. I juni
1997 vart folketrygdlova § 13-14 endra slik at Kreftregisteret fekk høve til
å gje Rikstrygdeverket melding om sjukdomstilfelle som det er grunn til å
tru i det vesentlege er knytte til yrke. Trygdeetaten vil fylgja opp, slik
at dei det gjeld, kan få hjelp til å krevja dei yrkesskadefordelane dei har
rett til, så snart som mogleg.
På Kreftregisteret si løyving for 1998
blir det no sett av midlar til ei særskild stilling for denne oppgåva i
Kreftregisteret. Dessutan har Sosial- og helsedepartementet gjeve sitt
samtykke til ei ekstraløyving til Kreftregisteret på 425.000 kr for å
gjennomføra ei undersøking av omfanget av kreft knytt til yrke.
Jan Johnsen (H):
Jeg takker for
svaret fra sosialministeren.
Jeg hørte referert det som
sosialministeren sa i Dagsrevyen i uken som gikk. Der kom det fram at ved
en slik kryssjekking ville sannsynligvis 50 % av de som hadde krav på denne
yrkesskadetrygden, få det. Vi skal være klar over at dette er personer som
helt klart er yrkesskadet gjennom asbest. Det går bare en vei med de som
har fått denne brysthinnekreften. De har knapp tid igjen å leve, og de får
ikke utbetalt denne trygden uten at de er i live. Det går for tregt en
eller annen plass i systemet. Jeg har snakket med en del leger. Jeg har
også snakket med fylkeslegen i Rogaland, og vi kom fram til en mulig måte å
gjøre dette på, så jeg vil stille et tilleggsspørsmål til sosialministeren.
Kan sosialministeren se på muligheten for at skjema for yrkesskadetrygd,
sendt fra trygdekontoret til behandlende lege, blir merket som hastesak, og
at unnlatelse av hurtig respons rapporteres til fylkeslegen for direkte
oppfølging?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Eg
må fyrst gjera merksam på at dette er ei sak der helseministeren og eg
naturleg nok må samarbeida, for vi har ansvar for kvar vår del av denne
oppfylginga. Han har ansvar for Kreftregisteret, og eg har ansvar for
trygda.
Så til spørsmålet frå representanten
Johnsen. Eg trur vi er einige om at med den lovendringa som skjedde i juni,
er ein i alle fall komen eitt steg vidare. Hans forslag om skjema og ei
eventuell påteikning vil eg kalla eit interessant forslag, som eg vil
vurdera nærare på kva måte eg kan fylgja opp.