Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato: 11.02.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 30

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil tillate meg å stille følgende spørsmål til undervisningsministeren:

I dag har ikke elever som tar et fireårig løp på videregående skole, rett til borteboerstipend det fjerde året. Dette rammer blant annet elever som tar fireårig idrettsfag. I budsjettdebatten før jul lovde Lilletun å se på saken. Like etter jul uttalte Lilletun at nå skulle statsråden rydde opp i denne saken. Det har gått snart en måned, fremdeles er situasjonen uavklart.

Kan statsråden nå gjøre det klart at disse elevene får borteboerstipend?

Statsråd Jon Lilletun: Som representanten er kjend med, er aldersskiljet i Lånekassen sett til 19 år fordi denne alderen for dei fleste vil svare til avsluttinga av ordinær treårig vidaregåande opplæring. Men det er likevel mange som held fram med vidaregåande opplæring noko lenger, anten fordi dei har starta seinare, treng lengre tid eller fylgjer eit løp som varar i meir enn tre år.

Då Stortinget gjennom Reform 94 innførte ein lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring innanfor ramma av dei første fire åra etter avslutta grunnskule, vart 19-årsgrensa vanskelegare å forsvare. Under behandlinga av St.meld.nr.14 (1993-1994) om studiefinansiering og studentvelferd vart det derfor semje om at søkjarar under 20 år som ikkje har fått støtte til tre år i vidaregåande opplæring, skal reknast som under aldersskiljet dersom dei tar utdanning på VK II-nivå.

Den førre regjeringa fremja likevel aldri noko konkret forslag om å gjennomføre denne endringa, sjølv om det vart etterlyst mange gonger frå Stortinget si side. Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett i Stortinget i juni i fjor gjorde Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet framlegg om løyving slik at alle som tok fjerde år i vidaregåande opplæring, skulle få støtte etter reglane for støtte under aldersskiljet. Forslaget fall under voteringa, då Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet stemde imot. Dette forslaget ville løyst dei problema spørjaren tek opp for det skuleåret vi no er inne i.

Reglane som no gjeld, gjev dei elevane som representanten Konglevoll spør om, og andre elevar som er over 19 år og bur borte, eit stipend på 1.535 kr pr. månad. Dette stipendet er berre behovsprøvt i høve til eiga inntekt og formue for eleven og ikkje i høve til foreldra si inntekt og formue. Det spørsmålet frå representanten Konglevoll dreier seg om, er om desse òg skal få same stipend som elevar under 19 år når dei må bu borte, nemleg 3.050 kr pr. månad.

Det problemet som dei har som går på fireårig opplegg i landslinjene i skiidrett, må sjåast i samanheng med studiestøtta til andre som etter reforma har rett til opplæring i fire år, slik Stortinget tidlegare har peika på. Dette gjeld t.d elevar som har behov for særskilt tilrettelagd opplæring. Desse har rett til å ta utdanning i opp til fem år. Også desse får i dag stipend på 1.535 pr. månad som bortebuarar når dei er over 19 år.

Eg meiner framleis at alle elevar som treng eit fjerde år i vidaregåande opplæring, bør behandlast likt. Det er sjølvsagt ei budsjettmessig side ved dette som må vurderast. Departementet er i gang med desse vurderingane. Eg har enno ikkje drege nokon konklusjon i forhold til avgrensinga om korleis det skal gjennomførast, men vil eventuelt kome attende til saka i samband med arbeidet med revidert nasjonalbudsjett i vår.

Synnøve Konglevoll (A): Jeg vil takke for svaret og oppklaringa.

Jeg er enig med Lilletun i at dagens aldersskille er problematisk. Samtidig er det også problematisk at folkehøyskoleelever på en ganske kjapp måte har fått særbehandling. De har fått stipend som om de er under 19 år og lån som om de er over. En av grunnene til at jeg har tatt opp saken, er at statsråden som leder av komiteen har vist et stort engasjement og også påpekt at det skulle være greit å få til en løsning, i hvert fall for de elevene som tar et fireårig løp, og som må gå fire år for å få tatt eksamen. Jeg hadde derfor håpet at man kunne komme fram til en løsning så fort som mulig for disse elevene. Etter statsrådens svar har de fremdeles ikke fått sin situasjon avklart, så vidt jeg ser. Jeg håper derfor på en snarlig løsning, og, dersom den ikke kommer før budsjettet i vår, at den kan få tilbakevirkende kraft, for det er kun elevene dette siste året som blir rammet, fordi reformen startet i 1994.

Statsråd Jon Lilletun: Eg deler representanten Konglevoll sine vurderingar i forhold til dette. Det som gjer at det er svært ønskeleg å finne ei løysing, er at her er det elevar som brukar fire år, fordi det er lagt opp eit opplegg som tek fire år - det er ikkje dei sjølve som på ein måte er årsak til utsetjinga. Derfor er eg svært interessert i å finne ei løysing, men må samtidig sjå til at det vert rettferdig i forhold til dei andre som m.a. av faglege årsaker, har vorte bedne om å bruke fleire år. Når ein først ikkje skal ta heile gruppa, men finne unntak for ein del av gruppa, så er det eit vanskeleg arbeid, men eg håper vi skal finne ei løysing. Og eg kan stadfeste det som representanten Konglevoll spurde om, at finn vi ei løysing, bør den gjevast tilbakeverkande kraft.