Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 24

Anne Helen Rui (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Høgskolen i Vestfold har vært spydspissen i utviklingen av maritim utdanning, og står nå klar til å ta imot utfordringen om å bli utpekt som knutepunkt for maritim drift/maritim utdanning i Norge. Vi har fått opplyst at avgjørelsen nå ligger på bordet hos kirke-, utdannings- og forskningsministeren.

Når kan det forventes at statsråden vil ta denne avgjørelsen?

Statsråd Jon Lilletun: I 1996 vart det sett ned fire utval som skulle kartleggje høgskulane sin fagprofil, vurdere endringar i det eksisterande studietilbodet, og - på grunnlag av hovudprinsippa i Noregsnettet - vurdere tenlege samarbeidsmønster mellom institusjonane og føreslå fordeling av satsingsområde og knutepunkt. Eit av utvala skulle sjå nærare på ingeniørutdanning, IT-utdanning og maritim høgskuleutdanning. Rapportane som desse utvala utarbeidde, har vore på høyring, og departementet har brukt mykje tid på å handsame dette omfattande materialet.

Det er fire høgskular som har maritim høgskuleutdanning, høgskulane i Vestfold, Ålesund og Tromsø samt Høgskulen Stord/Haugesund. Dei to store innanfor denne typen utdanning er Høgskulen i Vestfold og Høgskulen i Ålesund, med fagmiljøet i Vestfold som det tyngste. I rapporten « Norgesnett - teknisk sett » har utvalet føreslått at knutepunktfunksjonen i maritim utdanning bør delast mellom desse to institusjonane. Eg kan òg nemne at departementet har motteke fleire innspel frå ulike aktørar og interessentar.

Det ligg føre eit solid grunnlagsmateriale i denne saka, slik at det vil være mogleg å ta ei avgjerd med det aller fyrste.

Anne Helen Rui (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg må si at jeg blir litt bekymret når det er snakk om å dele knutepunktfunksjonen, for jeg er ikke helt sikker på at det er samfunnsøkonomisk lønnsomt.

Jeg trodde at det den gang komitéleder Lilletun uttalte i Vestfold den 20. mars 1996, at Høgskolen i Vestfold skulle bli knutepunktinstitusjon udelt, stod ved lag. I disse verdikommisjonstider er det svært viktig at Regjeringens representanter går foran som troverdige eksempler, og at konklusjonene er de samme i opposisjon som i posisjon.

I den samme offentlige rapporten som statsråden nevnte, står det også at det viser seg at Høgskolen i Ålesund, som statsråden også nevnte var en av interessentene, har tatt inn studenter i strid med bestemmelsene. Er statsråden enig med meg i at uryddighet i systemet ikke bør prioriteres?

Statsråd Jon Lilletun: Det statsråden gjorde, var å nemne kva tilrådinga var frå det utvalet som har vurdert denne saka, det var ikkje eit standpunkt til korleis dette skulle delast.

Som eg sa, her skal det liggje føre ei avgjersle temmeleg raskt, dvs. før påske. Departementet vil vurdere alle sider, sjølvsagt òg dei som representanten Rui no nemnde. Men det er på grunnlag av breie tilrådingar at vi kjem til å ta avgjersla. Eg sa i mitt innlegg noko om kvar dei tunge miljøa var, eg sa til og med kvar det tyngste var, men eg henviste elles til tilrådingane og kom ikkje med nokon konklusjon.