Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato: 04.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 29

Petter Løvik (H): Eg vil stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Nord-Vestlandet er eit tyngdepunkt med stor og allsidig maritim aktivitet. Høgskolen i Ålesund er ein viktig del av dette miljøet.

Vil statsråden på bakgrunn av dette vurdere å gå inn for den løysinga som mellom anna Norges Rederiforbund har foreslått, at Høgskolen i Ålesund får knutepunktfunksjonane for supply/service, kystfart og fiskeri?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er klar over at Nord-Vestlandet har sterke maritime miljø innanfor både fiskeri og offshore, og eg er òg klar over at Høgskulen i Ålesund, med si maritime høgskuleutdanning, står sentralt i dette miljøet.

Når det gjeld tildeling av knutepunktfunksjon, eventuelt funksjonar i maritime fag, så har eg svart på det tidlegare i dag på spørsmål frå representanten Rui. Saka har vore til behandling i departementet etter ei rekkje innstillingar og høyring om innstillingane, og eg vil ta ei avgjerd med det aller fyrste. Den posisjonen Nord-Vestlandet og Høgskulen i Ålesund har på det maritime området, vil bli teken med i den endelege vurderinga.

Hans J Røsjorde hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Petter Løvik (H): Eg takkar for svaret og er glad for at statsråden vil ta ei rask avgjerd i dette. Eg må likevel få lov til å seie at eg synest det var trist at det kom ein del påstandar frå representanten Rui tidlegare i dag om denne saka, om « uryddighet » frå Ålesund si side - påstandar som manglar grunnlag. Det er mi tru at statsråden vil ta si avgjerd eine og aleine på fagleg, sakleg grunnlag.

Møre og Romsdal har, som statsråden også var inne på, eit av dei mest mangfaldige og sterke maritime miljøa i landet, og er det største fiskerifylket, det største verftsfylket, er viktig på offshore og har svært sterk konsentrasjon av andre bedrifter med maritim tilknyting. Det er denne vekselverknaden mellom næringsliv og utdanning som gjer at når det gjeld dei områda eg har nemnt, bør ein kunne få til ei deling som både Vestfold og Møre og Romsdal er nøgd med.