Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 1998

Dato: 11.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 12

Signe Øye (A): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ifølge oppslag i Dagbladet 25. februar 1998 er det vanskelig for innvandrere å få godkjent sin utdannelse i Norge, og mange må vente opptil fem år.

Hva vil statsråden gjøre for å gjøre dette enklere, og vil statsråden følge opp Stortingets vedtak om at behandlingstiden vedrørende godkjenning av utenlandsk kompetanse maksimum skal være seks måneder?

Statsråd Jon Lilletun: Regjeringa har til behandling to vedtak som Stortinget gjorde i sesjonen 1996-97 om dette spørsmålet. Det eine vedtaket vart gjort i samband med behandlinga av St.meld.nr.19 (1996-1997) , Om studier i utlandet, der ein ber Regjeringa fremje forslag om eit nasjonalt organ som m.a skal ha ansvaret for godkjenning av utdanning for å verte autorisert for eit yrke i Noreg. Det andre vedtaket, som må sjåast i samanheng med dette, vart gjort i samband med behandlinga av innvandrarmeldinga, St.meld.nr.17 (1996-1997) . I dette vedtaket vert Regjeringa beden om å leggje til grunn i det vidare arbeid med eit slikt nasjonalt organ at behandlingstida for saker som gjeld godkjenning av utanlandsk kompetanse, helst skal vere maksimalt seks månader. Departementet arbeider med oppfylging av begge vedtaka, men dei reiser både økonomiske og administrative spørsmål som enno ikkje er heilt avklarte.

Det er naudsynt å presisere at det finst mange former for godkjenning. Når det gjeld godkjenning av t.d helsepersonell, er det helsestyresmaktene som står for det. Prinsippet for godkjenning av yrkeskompetanse er at det er dei same styresmaktene som gjev autorisasjon eller løyve til utanlandske som til norske søkjarar.

Når det gjeld godkjenning av utanlandsk utdanning i høve til norsk grad, er dette behandla i lov om universitet og høgskular. Her heiter det at institusjonane kan gje godkjenning som del av grad eller som fagleg jamgod med grad som institusjonen sjølv gjev. Det er altså universiteta og høgskulane som kan gje slik godkjenning i høve til norsk grad. Til hjelp med behandlinga av desse sakene finst Informasjonssenter for internasjonal utdanning, forkorta NAIC. NAIC ser til at søknadene er i orden, at alle papira er med osb, innan søknaden vert send til vurdering av den institusjonen som gjev ei utdanning som er mest mogleg lik den utdanninga søkjaren har.

Det er mange som ynskjer å få utdanninga si frå utlandet vurdert. NAIC behandla i 1997 meir enn 1.300 saker. NTNU får kvart år mellom 600 og 800 søknader om godkjenning av utanlandsk sivilingeniørutdanning. Helsestyresmaktene tok imot over 3.000 søknader i 1996. Somme av desse vart universiteta og høgskulane bedne om å uttale seg om.

Dei aller fleste av desse søknadene får ei rask behandling. Men nokre er det problem med. Det gjeld særleg søkjarar som manglar dokumentasjon, eller saker der det er vanskeleg å få kontrollert at papira er rette. Det er nødvendig med denne typen kvalitetskontroll. Mykje av tida til behandling av søknadene går til dette.

Sjølv om vi ikkje har ei ny godkjenningsordning på plass enno, er det sett i verk fleire tiltak for å korte ned på behandlingstida, slik Stortinget har bede om. (Presidenten klubbar.)

- President! Det er ein del viktige opplysningar til spørjaren i det som er igjen. Eg veit at eg har gått over tida, men kan eg likevel få lov å halde fram litt?

Presidenten: Med Stortingets godkjenning vil presidenten gi statsråden høve til det.

Statsråd Jon Lilletun: NAIC er styrkt med to nye stillingar. Dette åleine har auka kapasiteten og redusert behandlingstida monaleg. Vidare har vi gjort ei forenkling i og med at NAIC no spør søkjarane om dei ynskjer vurdering i høve til ein grad, eller om det dei treng, er ei fråsegn som stadfestar kva utdanning dei har. Det er òg utarbeidd ei ny rettleiing for dei som har behov for å få vurdert utanlandsk utdanning i forhold til det norske utdanningssystemet. Denne rettleiinga kom i oktober i fjor.

I det vidare arbeidet vil vi sjå på organiseringa, slik Stortinget har bede om. Departementet drøftar for tida kva rolle Norgesnettrådet skal spela når det gjeld dette. Eg vil òg vurdere om det krevst ytterlegare tiltak for å sikre at behandlingstida for dei fleste sakene vert i samsvar med Stortinget sitt ynske om maksimum seks månader.

Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret, som på mange måter var utfyllende og bra. Men når det gjelder å oppfylle intensjonene i Innst.S.nr.225 (1996-1997) fra i fjor vår, synes jeg det er lite eller ingenting nytt.

Nå sier statsråden at dette reiser økonomiske spørsmål. Selvfølgelig gjør det det! Men Senterpartiet og Kristelig Folkeparti var ikke så beskjedne i sine merknader da innstillingen kom - det var vel sånn at man kunne si at koste hva det koste vil, dette skal på plass!

Nå er det helt andre signaler som kommer. Jeg har ikke oppfattet at statsråden sier verken når dette vil komme, eller hva kommer som nå er nytt. Når vi hører at det fortsatt tar fem år å få godkjent utdanning, er det helt klart at dette ikke er godt nok.

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Øye og eg er heilt einige om at dersom behandlingstida er fem år, er det sjølvsagt ikkje godt nok. Det er tvert imot sterkt kritikkverdig. Men, som eg understreka i innlegget mitt, dei fleste sakene får ei rimeleg rask behandling. Det er altså gjort ei styrking med to stillingar. Vidare er vi i ferd med å få Norgesnettet administrativt på skjenene. Det vert no utnemningar, og eg trur kanskje det kan vere løysinga for det nasjonale organet. Altså: Dette er i ferd med å verte sett ut i livet no.

Når det gjeld budsjettet, må ein faktisk fyrst få det behandla. Vi fører no vidare det budsjettet som regjeringa Jagland la fram på utdanningssektoren når det gjeld akkurat dette området. Dei tinga som representanten Signe Øye tok opp, vil verte vurderte i samband med neste års budsjett.

Presidenten: Vi går så til spørsmål 23.