Stortinget - Møte onsdag den 29. april 1998

Dato: 29.04.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Astrid Marie Nistad (A): Eg vil få lov å stille følgjande spørsmål til justisministeren:

Dei rettsmedisinske granskingane som vert føretekne av helsepersonell på valdsmottak er svært viktige i ei straffesak. Sikring av bevis er ofte avgjerande for domfelling i valdtektssaker. Slik det er i dag, er det kun når valdtekt er anmeldt, at rettsmedisinarar analyserer spor.

Kva vil justisministeren føreta seg for at bevis vert sikra, analysert og oppbevart, uavhengig av om overgrepet i første omgang vert anmeldt?

Statsråd Aud-Inger Aure: Denne typen overgrep er alvorlege straffbare handlingar, og etterforsking og iretteføring av slike straffesaker er høgt prioritert.

Det er offentleg påtale i valdtektssaker. Det vil seie at påtalemakta ikkje er avhengig av ei formell melding til politiet for å starte etterforsking i denne typen saker. Men det blir kravt at hendinga på andre måtar blir kjend for politiet eller påtalemakta. Dersom politiet blir kjent med overgrepet, vil det på eige grunnlag starte etterforsking, men vil i etterforskingsarbeidet som oftast vere avhengig av medverking frå offeret si side.

Mange slike overgrep blir ikkje melde til politiet eller påtalemakta, og mange offer oppsøkjer heller ikkje helsepersonell etter overgrepet. I desse tilfella vil viktige bevis som oftast gå tapt. For at det skal vere mogleg å sikre spor i slike saker, er føresetnaden at offeret oppsøkjer helsepersonell og/eller politi/påtalemakt, som kan hjelpe til med å kome i kontakt med helsepersonell.

Eg vil likevel nemne at det ved valdtektsmottaket ved Oslo legevakt blir utført rettsmedisinske undersøkingar av valdtektsoffer, uavhengig av om overgrepet er meldt til politiet. Funna ein gjer og analysert materiale blir oppbevart i inntil to månader. I løpet av den tida må offeret ha bestemt seg for om overgrepet skal meldast eller ikkje. Dersom vedkomande ønskjer å melde det, må helsepersonellet bli løyst frå teieplikta si på vanleg måte.

Viktige bevis i denne typen saker må som oftast sikrast av legar og anna helsepersonell som har lovpålagd teieplikt om funna dei gjer og om opplysningar som kjem fram i pasienttilhøvet. For at påtalemakta skal kunne få tilgang til og seinare eventuelt bruke funna som bevis i ei straffesak, krevst det derfor at offeret fritek lege og/eller anna helsepersonell frå den lovpålagde teieplikta.

På bakgrunn av det eg allereie har sagt, ser eg ikkje no behov for å endre lovgjevinga innanfor justissektoren, men eg vil understreke kor viktig det er å ha eit best mogleg samarbeid mellom dei ulike faggruppene. Eg vil òg understreke kor viktig det er at offeret medverkar til etterforskinga ved å melde til politiet og frita helsepersonell frå teieplikta.

Dersom nye sider ved dette sakstilhøvet skulle kome opp under behandlinga av Seksuallovbrotsutvalet si utgreiing, vil eg sjå på spørsmålet på nytt.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for svaret. Eg seier meg lei for at ho ikkje finn grunn til å gå inn og sjå på moglegheita for at spor i samband med valdtekt kan sikrast grundigare enn dei vert i dag. Eg er vel kjend med at Oslo legevakt i dag tek vare på slikt materiale i ca to månader, men når vi ser den utviklinga som har vore når det gjeld valdtektssaker, der ein faktisk vert oppfordra til ikkje å politimelde eller der det seinare på grunn av manglande bevis ikkje vert fellande dom, burde ein forvente at ein gjekk inn og såg på korleis styresmaktene kan lette situasjonen for offera, ved at ein ser på korleis ein sikrar dei første bevisa, korleis ein tek vare på dei, og korleis ein fritek helsepersonell for teieplikta når eit offer ligg nede på grunn av det som har skjedd.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Aud-Inger Aure: Jeg vil ikke si meg enig med spørsmålsstilleren, jeg sier at jeg ikke er villig til å gå inn og gjøre hva vi kan for å sikre bevis. Men det jeg prøvde å understreke her, er at det allerede er gjort en hel del. Og nettopp fordi det er offentlig påtale i disse sakene, har vi en mulighet allerede som jeg også vet blir brukt.

Samtidig deler jeg spørsmålsstillerens bekymring for at det er så mange saker som stopper opp i systemet. Og i den grad dette er en sak for justisministeren og ikke for påtalemyndighet og domstol, tar jeg selvfølgelig min del av ansvaret for å sørge for at en her både skal øke oppklaringsprosenten og få flere saker fram til et riktig resultat ut fra det viktige og alvorlige saksfeltet vi snakker om.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret igjen. Eg forstår at justisministeren vil prøve å gjere så godt ho kan i dette spørsmålet. Og det håpar eg inderleg, for det er som regel kvinner dette går ut over, kvinner som på mange måtar føler seg nedverdiga og som ofte òg vert tilrådde frå politiet og andre ikkje å anmelde. Då vert det kanskje endå viktigare at dei - når dei får tenkt seg om - veit at bevisa er sikra fordi ein har gått til den offentlege helsestasjonen eller valdtektsmottaket, at dei ligg der og kan takast fram att i ei rettssak. Bevisets stilling er viktig for å kunne få ein fellande dom. Difor ber eg om at ein ser på lovgjevinga og om teieplikta til helsepersonellet kan rettast opp i forhold til desse ofra, som oftast er kvinner.

Statsråd Aud-Inger Aure: Når det gjelder taushetsplikten som helsepersonell har, er det klart at den skal dekke veldig mange viktige formål, men jeg ser klart at anliggendet her er at hvis det blir et problem for rettssikkerheten, er dette noe som bør vurderes. Men dette er det et annet departement som har ansvaret for.

Når vi får Seksuallovbruddsutvalgets innstilling til behandling, er de spørsmål som spørsmålsstilleren her reiser, helt sentrale i forhold til det som da bør drøftes. Det spørsmålssstilleren og jeg er enige om, er at vi her må sikre voldtektsofferet en bedre stilling, og det kan vi komme tilbake til i grundige drøftinger.