Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 1999 kl. 10

Dato: 13.01.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Astrid Marie Nistad (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til statsråd Valgerd Svarstad Haugland:

«Meiner statsråden at marknadsføringslova gjev barn tilfredsstillande vern mot uønskt reklame?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Marknadsføringslova har ikkje noko generelt forbod mot å retta reklame mot born. Men lova inneheld eit forbod mot at næringsdrivande utfører handlingar som er urimelege i høve til forbrukarane, eller på annan måte er i strid med «god markedsføringsskikk». Reklame som utnyttar bornas tillit til dei føresette, eller utnyttar at born har mindre erfaring og er meir godtruande enn vaksne, vil vera i strid med god marknadsføringsskikk. Kringkastingslova har eit forbod mot i det heile å senda reklame retta særleg mot born i radio eller på fjernsyn. Kringkastingslova har også eit forbod mot å senda reklame 10 minutt før og etter eit barneprogram. For Forbrukarombodet, som fører tilsyn med marknadsføringsregelverket, er reklame retta mot born eit prioritert område.

Eg er svært opptatt av det kommersielle presset som born og unge blir utsette for. Utviklinga dei siste åra gjer at born og unge i større grad enn tidlegare blir eksponerte for reklame. På Internett t.d. finst det mykje reklame retta mot born, ofte gøymt som spel eller andre aktivitetar som appellerer til borna. Enkelte annonsørar har sjølve uttalt at dei ikkje lenger vil skjerma born og unge mot reklame på same måten som tidlegare. Etter mi meining er dette ei uheldig utvikling som må takast på alvor.

Samfunnet vårt er generelt prega av høgt forbruk og stort kjøpepress. Denne aukande kommersialiseringa uroar meg. Men born treng eit særskilt vern. Eg meiner at barndomen til ein viss grad må skjermast for pågåande marknadsføring. Born og unge er mindre mogne og har mindre erfaring, og er dermed meir sårbare overfor reklame. Det er neppe mogleg å skjerma born og unge frå all uheldig reklame. Det er difor viktig at born og unge blir rusta til å handtera reklame og kjøpepress. Difor er òg andre tiltak, som t.d. forbrukarlære i skulen, veldig viktige. Forbrukarlære er no innført alt frå andre klassetrinn i grunnskulen. Men foreldra har òg eit stort ansvar, både i høve til å stå imot kjøpepress og ved at dei er medvetne med omsyn til kva slags haldningar til reklame og forbruk dei gir borna sine.

Regjeringa førebur no ei melding til Stortinget om forbrukarpolitikken som vi tar sikte på å legga fram før sommaren. I meldinga vil born og reklame vera eit viktig tema. Det finst ikkje noko enkelt svar på korleis vi skal takla det aukande kommersielle presset på born og unge. Det må vurderast om regelverket på området, her òg marknadsføringslova, er tilstrekkeleg, eller om det er behov for andre tiltak i tillegg. Eg er ikkje framand for at det òg kan vera nødvendig med innstramming i regelverket, men det vil eg koma tilbake til. Med utgangspunkt i meldinga ynskjer eg å invitera til ein diskusjon, særleg om balansen mellom å verna borna, t.d. gjennom regelverket, og å dyktiggjera dei slik at dei sjølve kan velja.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret og er glad for at statsråden viser at ho er oppteken av problemet. Men som regel må det handling til dersom vi skal få resultat.

I dag veit vi at det vert utvikla forretningsstrategiar innafor marknadsføring av produkt og tenester som rettar seg mot grupperingar, også barn og unge. Og vi veit at dei er veldig mottakelege, som det vart sagt. Dei er nysgjerrige og utforskande i forhold til omgjevnadane og kan lett verte førte inn i eit forbrukarmønster som dei ikkje meistrar i ettertid, og som igjen kan føre til at dei får eit stort pengeforbruk som kan gje grunnlag for nasking, småkriminalitet og diverse slikt, som er ei heilt anna løpebane enn vi ønskjer dei unge skal gå inn i. Difor meiner eg, og trur heilt sikkert, at det ikkje er nok å vise til at kringkastingslova har eit forbod mot reklame retta mot barn. Vi må føre inn i marknadsføringslova det vi ønskjer skal rette seg mot barn, og det vi meiner ikkje skal brukast i forhold til akkurat dei. Ei melding til Stortinget er greitt nok. Men kva andre tiltak i forhold til lovverket vil statsråden sette i gang parallelt for at vi så tidleg som mogleg kan rette opp slike problem som eg her har teke opp?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er heilt samd med representanten i at det er handling som må til. Ei av dei nyaste handlingane som faktisk er trådd i kraft, er, som eg sa i svaret mitt, dette at ein har fått forbrukarlære inn i skulen. Eg trur det er eit veldig viktig tiltak, som kan vera med på å bygga opp medvit hos borna sjølve om reklame og påverknaden av den. Som eg òg nemnde i svaret mitt, jobbar vi i tillegg med ei forbrukarmelding. Eg trur ikkje det tener saka at vi no trekker akkurat arbeidet med marknadsføringslova ut av det totale arbeidet med forbrukarmeldinga. Stortinget kjem til å bli invitert til ein debatt om denne problemstillinga når forbrukarmeldinga blir lagd fram, og då reknar eg med at eg sjølv har tatt ein del fleire standpunkt enn det eg har no, i forhold til kva som er best å gjera på dette området. Her er det ein balansegang mellom kva ein skal bruka lovverket til for å regulera, og kva ein skal gjera for å bygga opp born og unge. Eg reknar med at vi får ein god debatt og dialog her i Stortinget om kva tiltak vi kan setta inn, eventuelt gjennom lovverket. Som eg òg signaliserte i svaret mitt, er lovverket ein veg å gå som eg absolutt ikkje avviser, men vi må koma tilbake til det når meldinga blir lagd fram.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for også dette svaret. Men eg hadde ønskt at desse arbeida kunne gått noko parallelt, for tiltaka bør ikkje utsettast for lenge. Får ein inn eit marknadsføringstiltak som er retta mot barn, og det festar seg, vil det vere vanskeleg å ta det tilbake.

Eg har lagt merke til at den danske kulturministeren har sett i gang eit tiltak som går på TV-reklame. Eg ser for meg at dei nordiske landa på mange måtar godt kunne ha ein lik marknadsføringsprofil i forhold til barn og unge, slik at ein på den måten hadde hatt likskap i Norden sett i forhold til marknadsføring overfor barn og unge. Eg spør ministeren om ho kunne tenkje seg å sjå på slike tiltak retta inn mot ei gruppe som vi alle ønskjer skal få eit riktig forbrukarmønster, sett i forhold til den utviklinga vi elles ser.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg synest òg det er interessant å sjå kva dei gjer i dei andre nordiske landa. Dersom ein kan klara å koma fram til ei felles ordning i dei nordiske landa, er det noko eg absolutt kan tenkja meg. Eg har òg lyst til å streka under at den vurderinga vi gjer av lovverket, vil vi legga fram i den meldinga som kjem til Stortinget, og då vil det bli vurdert om vi bør endra lovverket, setta inn andre tiltak eller gjera begge delar – det kan godt henda at ein vil føreslå begge delar. Å ha eit samarbeid på nordisk plan om kva tiltak vi kan setta i gang for å verna born og unge, som representanten òg er opptatt av, ser eg absolutt positivt på.