Spørsmål 34
Fra representanten Laila Kaland til
miljøvernministeren:
«Frå fleire hald blir det
hevda at oppdrettsanlegg som ligg nær elvar, kan vere ei
av årsakene til at villaksstammane har blitt dramatisk
reduserte og delvis står i fare for å bli utrydda.
Har Miljøverndepartementet i samarbeid
med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet vurdert denne problemstillinga,
og kva konkrete tiltak vil i så fall statsråden
gjere for å redde villaksen?»