Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato: 03.03.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 18

Rune E. Kristiansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«Under Stortingets behandling av Innst. S. nr. 78 (1998-99), jf. St.meld. nr. 42 (1997-98) Kompetansereformen, fikk regjeringspartiene med støtte av Høyre og Fremskrittspartiet flertall for at voksne ikke skal gis juridisk rett til videregående opplæring. Ifølge Dagsavisen 18. februar 1999 er statsråd Lilletun i ferd med å endre sitt standpunkt.

Hva er bakgrunnen for denne endringen?»

Statsråd Jon Lilletun: Under behandlinga av stortingsmeldinga om kompetansereforma den 19. januar i år var det ikkje fleirtal i Stortinget for Regjeringa sitt framlegg om å gje fylkeskommunane ei lovfesta plikt til å tilby vidaregåande opplæring til vaksne som ikkje har slik opplæring frå før. Det var heller ikkje fleirtal for framlegget frå Arbeidarpartiet og SV om å gje vaksne ein individuell rett til vidaregåande opplæring. Heilt på slutten av debatten vart eg spurd av representanten Grete Knudsen korleis eg ville gå vidare med denne saka. Eg svarte då at eg ville kome attende til Stortinget med denne saka i samband med ei melding om evaluering av Reform 94 til våren.

Det er viktig for Regjeringa at alle dei vaksne som manglar og ynskjer vidaregåande opplæring, skal få høve til å ta slik utdanning. Evalueringa av Reform 94 har vist at vaksne ikkje har kome så godt ut som intensjonane var. Til Dagsavisen 18. februar sa eg m.a. at det kan vere mykje som talar for at ein lovfesta rett til vidaregåande opplæring for vaksne kan vere ein veg å gå. Men dette spørsmålet er ikkje tilstrekkeleg utgreidd, og det kan òg vere andre løysingar for å gjere Reform 94 til ei god reform også for vaksne.

Vi arbeider no i departementet med ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring som skal leggjast fram i vår, og der evaluering av Reform 94 vil vere ein viktig del. I denne meldinga vil eg skissere ei vidare framdrift for arbeidet med desse spørsmåla. Eg vonar at representanten Kristiansen har forståing for at eg ikkje kan seie meir om denne saka her og no.

Rune E. Kristiansen (A): Jeg takker for svaret, som jeg oppfatter som klare positive signaler og holdninger knyttet til retten til videregående opplæring for voksne. At statsråden har stor forståelse for å sikre retten til videregående opplæring for voksne, har jeg fått en viss følelse av , både i debatten om kompetansereformen og ut fra dagens svar.

Det er nå kjent at inntektsoppgjøret vil ha etter- og videreutdanning som et av de høyest prioriterte områder, og jeg oppfatter det slik at det er viktig at det gis signaler til partene i arbeidslivet. Jeg vil bare få bekreftet det statsråden gav uttrykk for i Dagsavisen, nemlig at Regjeringen ikke er avvisende til å vurdere retten til videregående opplæring for voksne.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Kristiansen seier, at dette òg er eit sentralt tema for Arntsen-utvalet og i den innstillinga som dei gledeleg nok samrøystes har overlevert til Regjeringa. Det er òg heilt klart at representanten Kristiansen og Regjeringa har eit felles mål i forhold til at alle skal få ei moglegheit til vidaregåande opplæring. Når det gjeld realiteten i saka, vil eg vise til det eg sa om i kva rekkjefølgje det vil kome til Stortinget, og vidare bekrefte at det sjølvsagt vil vere eit viktig tema for Regjeringa i oppfølginga av Arntsen-utvalet.

Presidenten: Presidenten vet ikke riktig om hun ble beroliget eller ei, men vi får vente og se.