Spørsmål 2
Frå representanten Unn Aarrestad
til kulturministeren:
«I Aftenposten 23. februar 1999 står
det at idretts- og ungdomsleiarar må bruka mykje tid og
energi på byråkrati i tilknyting til lag og organisasjonar.
Mange foreldre ynskjer også å engasjera seg, men
ikkje med å fylla ut skjema.
Kva vil statsråden gjera for å redusera
skjemaveldet som frivillige organisasjonar nå opplever?»
Presidenten: Dette spørsmålet
er trekt tilbake.