Stortinget - Møte tirsdag den 13. april 1999 kl. 10

Dato: 13.04.1999

Sak nr. 2

Interpellasjon fra representanten Petter Løvik til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«OECD-rapporten «Education at a Glance» viser at norske grunnskular har svært lite sjølvstyre samanlikna med skular i andre land. Av 22 OECD-land er det berre Tyrkia som gir den einskilde skulen mindre høve til å fatte eigne avgjerder. Sjølv i land utanfor OECD som til dømes Kina, Jordan og Indonesia har skulane større sjølvstyre enn i Norge. I Norge vert 9 pst. av avgjerdene tekne ved den einskilde skulen. Tilsvarande tal for Kina er 48 pst. Situasjonen vert stadfesta av mange norske lærarar, og det er grunn til å tru at den sterke detaljstyringa i skulen er med å hindre at ein får utnytta dei store og positive ressursane vi har hos rektorar, lærarar og elevar fullt ut.
Kva konkret vil statsråden gjere for å gi norske skular større sjølvråderett?»

Talarar

Votering i sak nr. 2

Petter Løvik (H): «Det rir et revisjonsspøkelse over skolen. Det fører til at rektorene ikke tør å prøve noe nytt. Vi må gjøre alt for å tekkes apparatet for å ha ryggen fri. Da blir vi rett og slett grå.»

Dette seier ein frustrert rektor til Kommunal Rapport den 19. mars i år. Han nemner spesielt skjemaveldet og dei mange lovene og forskriftene som gjeld skulen. Og han held fram:

«Men ingen av skjemaene og kontrollene fokuserer på å skape en bedre skole for elevene.»

Kanskje er dette sett på spissen, men signala er så klare frå mange hald at vi er nøydde å ta dei alvorleg.

Det er liten tvil om at norsk skule er sentraldirigert i monaleg grad. Kanskje er dette endå eit eksempel på den norske hangen til likskap og millimeterrettferd? – jf. dei stadige krava om nasjonale standardar kvar gong ein kommune vil gjere ting litt annleis enn andre.

Norsk skule har tradisjon for å vere sterkt detaljstyrt – både frå stat og kommune. Men når det gjeld læreplanar og innhald i skulen, har vi hatt ei litt spesiell utvikling – med sterke pendelsvingingar i etterkrigstida.

Dei gamle normalplanane var i sterk grad sentralt fastsette, medan den første mønsterplanen representerte eit klart brot med dette gjennom ei sterk understreking av lokal valfridom og tilpassing. Pensum vart stort sett borte – det meste vart styrt av diffuse rettleiande mål – med sterk fridom for den einskilde læraren.

Mønsterplanen frå 1987 – der grovarbeidet vart gjort av Willoch-regjeringa – representerte ei forsiktig tilstramming av lærestoffet med sikte på ein viss fastleik. Men den store pendelsvinginga kom med Hernes og L97. Både innhald og metode blir fastlagde, til dels i detalj, og på toppen av det heile blir så læreplanen forskriftsfesta, med dei juridiske konsekvensane dette kan ha. Det er ikkje rart at mange rektorar og lærarar kjenner seg bundne på hender og føter.

Arbeidet i kvardagen for desse går i altfor stor grad med til å takle lover, forskrifter, rapportering og statleg og kommunal detaljstyring. Alle desse har sikkert eit eller anna fornuftig formål. Men summen av det heile blir ein norsk skule med rektorar og lærarar som ikkje får utnytta dei mange positive ressursane dei sit inne med, som blir grå og slitne, og som dermed ikkje orkar å gi elevane så mykje inspirasjon og kunnskap som dei elles kunne.

I tillegg til dei mange signala vi får frå norsk skule om desse problema, har vi også internasjonale samanlikningar som viser at situasjonen er langt verre på dette området i Noreg enn i dei fleste andre land.

Den mest omfattande og pålitelege samanlikninga finn vi i OECD-rapporten «Education at a Glance». Hos oss i Noreg blir berre 9 pst. av avgjerdene fatta ved den einskilde barneskulen. Tilsvarande tal for Sverige er 66 pst., Kina 46 pst., Danmark 31 pst. og Indonesia 30 pst., for å nemne nokre eksempel.

Det er særleg når det gjeld organiseringa av undervisninga at Noreg skil seg negativt ut. Her er det detaljstyringa i L97 som gir størst utslag. Noreg skil seg også i disse rapportane klart ut når det gjeld den einskilde skulen sin innverknad på personalpolitikken, på organiseringa av skuledagen og skuleåret og på korleis pengane som skulen disponerer, skal brukast. Eg trur at ved å lette litt på ein del av dette kan vi få ein norsk skule som blir betre både for elevar og lærarar. Men det er ikkje noko alternativ å gå tilbake til ein skule der det meste er diffust og lite kontrollert og styrt.

«Det er viktig med en balanse. Vi skal ha overordnede prinsipper og lokal styring.» Desse kloke orda er ikkje mine eigne, men uttalte av statsråd Lilletun som ein kommentar til saka om sentralstyring i norsk skule i Aftenposten 17. mars i år. Eg trur det er viktig å ha klare mål og større fridom til å velje veg fram til desse måla enn vi har i dag.

Høgre ønskjer å ha ei nasjonal ramme for måla med undervisninga. Vi veit at elevane er ulike, at lærarane er ulike, og at skulane er ulike. Då må også dei pedagogiske metodane for å nå måla vere ulike for at vi skal kunne gi elevane eit likeverdig tilbod, uavhengig av kva skule dei går ved. Det er noko vi alle ønskjer, og som vi alle er forplikta til å vere med og følgje opp. Eg har full tillit til at den enkelte rektoren og læraren klarar å tilpasse dei pedagogiske metodane for å få inn dette stoffet til lokale forhold langt betre enn det storting og departement er i stand til. På same måten trur vi i Høgre at den enkelte skulen på mange område er best i stand til å organisere si eiga verksemd. Det gamle ordet om at den veit best kvar skoen trykker, som har han på, gjeld også i dag, og det gjeld også i norsk skule.

Eg er sjølvsagt klar over at ein del arbeid er på gang. Både forsøksparagrafen i opplæringslova og til dels – om enn lite til dels – forskriftene til lova som er ute til høyring, har ein del positive trekk som går i den retninga som eg ønskjer, og som mange har uttykt ønske om. Men eg trur likevel det er viktig at Stortinget gir eit klart signal om at vi vil ha ein gjennomgang av breidda i lover, reglar og forskrifter for å sjå om vi kan vere med og skape ein lettare kvardag for dei som jobbar og dei som er elevar i norsk skule.

Sjølv om vi i dag først og fremst skal diskutere kva regjering og storting kan gjere for å få fram mangfald og kreativitet i norsk skule, skal vi ikkje underslå at det også er viktig for kommunane og den enkelte skulen å sjå med nye auge på kva dei kan gjere innanfor det regelverket som gjeld til kvar tid. Vi må stimulere også kommunar, skular og den enkelte lærar til nytenking, men då må vi i alle fall sende klare signal frå denne salen og gjere vår del av oppryddingsjobben som så absolutt er naudsynt.

Eg vil derfor fremme to forslag, som er omdelte. Forslaga er klare i innhald og retning, men dei har ei form som er open og inviterande. Dette er ikkje markeringsforslag, men det er forsøk på å få Stortinget med på å gjere vedtak som gir klare signal både til Regjeringa, til kommunar og til skular om at her er det ein jobb som må gjerast, og at vi er villige til å gjere vår del av denne jobben.

Eg har med interesse merka meg at representantar frå fleire parti har uttrykt i media at pendelen har svinga for langt i retning av detaljstyring i norsk skule. Eg håper derfor på ei brei tilslutning frå Stortinget til desse forslaga, som eg trur er heilt nødvendige for å nå dei mange store måla vi alle er einige om når det gjeld utviklinga i norsk skule.

Presidenten: Petter Løvik har tatt opp de to forslagene som han refererte til.

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Løvik peikar på ei sak som er av stor interesse, og som gjeld utviklinga av skulepolitikken så vel som realisering av prinsippet om medverknad og kortast mogleg avstand mellom avgjerd og dei avgjerda får konsekvensar for.

Når det gjeld dei tala som representanten Løvik viser til, fortel dei om avgjerder på skulenivå. Eg vil leggje til at OECD-rapporten også fortel at 55 pst. av avgjerdene i Noreg vert tekne av lokale myndigheiter og berre 35 pst. av sentral myndigheit. For dei landa representanten Løvik viser til, viser rapporten tal som er annleis enn for Noreg når vi ser på forholdet mellom statleg og kommunal styring. Det er likevel grunn til å sjå nærare på den fordelinga og den praksisen vi har fått i vårt eige land.

Eg meiner det i dag, i alle fall formelt, er handlingsrom der kommunane og skulane i lag kan finne gode lokale løysingar ved å ta lokale avgjerder. Handlingsrommet er avgrensa av økonomi, lovverk og tariffavtalar. Når det gjeld lovverket, er det skjedd ei utvikling som har gjort situasjonen meir føreseieleg for kommunane. Dette har skjedd ved at den generelle heimelen som departementet har hatt til å gje forskrifter for grunnskulen, er fjerna. Dette vil seie at vi må ha heimel i den enkelte paragrafen i opplæringslova for å kunne fastsetje forskrift, og der vi ikkje har lagt inn ein slik heimel, kjem det ikkje nye forskrifter frå departementet. I tillegg vurderte vi om vi skulle nytte dei heimlane vi har, i utarbeiding av forskrift til opplæringslova som er send ut på høyring. Utkastet inneber elles ein monaleg reduksjon i forskriftsmengda, og vi vil vurdere svært seriøst dei høyringssvara som er komne inn i forhold til forskriftene.

Det er viktig at skulane leitar fram og utnyttar det handlingsrommet det nye lovverket gjev. Det kan gje spennande undervisning og gode erfaringar for den einskilde skulen. I tillegg er det motiverande for både elevar, lærarar og skuleleiarar å oppleve at dei kan vere med og forme sin eigen kvardag, noko som eg vurderer som svært positivt. Finn dei ikkje tilstrekkeleg rom for gode organisatoriske eller pedagogiske løysingar innanfor regelverket, kan dei søkje om unntak frå lova og forskriftene etter forsøksheimelen i den nye opplæringslova.

I Noreg har vi gjort eit val når det gjeld kva nivå som skal ta avgjerder som gjeld grunnskulen. Ein stor del av avgjerdsmyndigheita er lagd til kommunenivået. Sidan 1837 har kommunane hatt ein viktig plass og ei viktig rolle i folkestyret her til lands. Når det no vert hevda at skulane våre har for lite sjølvstyre, er det grunn til å sjå nærare på fordelinga i praksis.

Vi har òg lang tradisjon for at kommunenivået tek ansvar for skuledrifta. Dette er særleg viktig i Noreg, der det er mange og små skular. Kommunalt engasjement og kommunal styring er viktig for å få til ein heilskapleg lokal strategi for skuleutviklinga. Dette gjeld særleg på område der det krevst samordning og felles ressursutnytting.

Det er likevel viktig at både staten og dei sentrale myndigheitene i kommunane bruker retten til å styre med skjønsemd på alle nivå for ikkje å innsnevre handlingsrommet.

Representanten Løvik spør kva eg vil gjere for å gje norske skular større sjølvråderett.

Ei viktig sak i denne samanhengen er dei nye læreplanverka for grunnskulen. Læreplanverka er forpliktande for opplæringsverksemda. Forskriftene til den nye opplæringslova vil løyse noko på bindingane ved å gje fridom til å flytte lærestoffet innanfor hovudtrinna i tråd med det ynsket Stortinget uttrykte ved handsaminga av opplæringslova. Utover dette er det nødvendig å få røynsle med om læreplanverket vert opplevt som ei unødvendig tvangstrøye ved at det har status som forskrift. Viss det er tilfellet, så vil eg vurdere dette på nytt.

Eg viser til St. meld. nr. 28 for 1998-99, Mot rikare mål, som no ligg til handsaming i Stortinget. Departementet uttaler her at det er rimeleg å rekne med at det vil gå noko tid før ein får gjort skikkelege røynsler og kan sjå dei praktiske verknadene av dei nye læreplanverka for elevane, for arbeidet, for samarbeid med foreldre og lokalsamfunn, for elevdeltaking og for læringsresultat.

Departementet vil fylgje utviklinga nøye, både gjennom jamleg kontakt med kommunar og skular, gjennom dei årlege tilstandsrapportane og gjennom den forskingsmessige evalueringa av Reform 97. Det vil m.a. vere aktuelt å be skular og kommunar melde tilbake om korleis arbeidet med lokal og individuell tilpassing av opplæringa vert påverka av at læreplanverka er forpliktande dokument. Det vil her vere særleg viktig å vurdere om mengda av forpliktande reglar i læreplanane er for stor.

Eit ledd i å utvide den lokale handlefridomen vil vere å setje i gang større forsøk i kommunane, jf. St.meld. nr. 28. Slik eg ser det, er det behov for nyskapande lokalt utviklingsarbeid i skulen. Det er derfor viktig at handlingsrommet innanfor gjeldande lov- og regelverk vert utnytta aktivt. Eg ynskjer òg lokale forsøk som sprengjer desse rammene med grunnlag i den nye forsøksheimelen i opplæringslova. På denne måten skal lokale initiativ medverke til å nå sentrale mål knytte til m.a. kvalitet, differensiering og elevmedverknad. Ved hjelp av slike forsøk kan ein skaffe seg erfaring som seinare kan kome andre skular til nytte. Vi har nettopp hatt store skulereformer der endringar er pålagde. Ei tid framover no meiner eg skulen vil vere tent med ro til sjølv å gjere val og gjennomføre forsøk som gjeld forbetring og utvikling.

I denne samanhengen vil eg også peike på lokale utviklingsråd som ein viktig arena for lokal skuledebatt og utvikling. I eit slikt råd kan heim, skule, nærmiljø og næringsliv møtast og utveksle synspunkt om skulen sitt innhald og skulen si framtid.

Gjennom satsing på entreprenørskap i skulen kan det skapast større mangfald, noko som òg kan hjelpe skulen og kommunen til å finne lokalt handlingsrom. Meir aktiv deltaking frå elevane er også styrkt ved at den nye opplæringslova lovfester elevråd på mellomtrinnet.

Eg trur òg at samarbeidet mellom skule og heim er viktig i denne samanhengen. Ei undersøking har vist at om lag halvparten av foreldra ynskjer å ta del når skulen vurderer arbeidet sitt, og at dei ynskjer meir kunnskap om dei rettane og pliktene dei har som foreldre.

Når det gjeld avgjerder om organisering og drift av skulen, opnar opplæringslova for alternativ leiing, dvs. lærarstyrte skular. Elles kan ein òg velje å ha driftsstyre for skulen, då utan at ein part i skulesamfunnet har fleirtal åleine.

Oppgåvefordelinga ved skulane har til no vore styrt av sentralt fastsette instruksar. Ved innføring av opplæringslova fell desse bort, og det vert større høve til å styre metodevala lokalt. Regjeringa ynskjer at ein opnar opp for gode lokale løysingar når det gjeld metodeval, medan vi held fast på at innhaldet i større grad må vere felles.

I si utgreiing for Stortinget la statsministeren fram fleire viktige mål Regjeringa arbeider mot – m.a. «Et enklere Norge». Dette arbeidet er Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet godt i gang med, og vi har allereie i dette arbeidet teke fatt på det interpellanten Løvik peikar på. Dette fordi vi trur at større sjølvstyre og mindre sentral styring òg medfører eit enklare Skule-Noreg.

Det er såleis fleire måtar å sikre eit lokalt handlingsrom på. Min bodskap til skulen er: Utnytt handlingsrommet som er og som vil verte gjeve. Eg på mi side skal nøye vurdere i kvar einskild sak om det er staten som veit best, eller om styringa bør overlatast til kommunen og skulen. Den statlege styringa skal i fyrste rekkje sikre likeverdige tilbod over heile landet. Samstundes skal handlingsrommet utnyttast gjennom lokal valfridom. Ved å finne ein sunn balanse her kan vi utvikle ein einskapsskule med rom for mangfald. Det trur eg vil vere ein skule som sameinar trongen for sentrale føringar og lokalt handlingsrom, samstundes som den fremjar kvalitet og motivasjon.

Interpellanten gav innleiingsvis ei skildring av situasjonen slik ein rektor opplever den, og den vert nok opplevd slik av svært mange. Eg har sett kommunar og skular som har organisert skulekvardagen og skuleverket sitt på ein ganske utradisjonell måte, og som òg har fylgt læreplan og forskrifter.

Eg trur at svært mange føler alle «skal» i læreplanen som ein ganske tung bør på sine skuldrer. Men samstundes trur eg at ein ikkje nok har fått ut at ved å velje andre metodar, at det er opning for det, så vil den børa kunne kjennast annleis. Derfor er det viktig at vi respekterer den opplevinga som lærar og rektor har, men samstundes gjev klart inntrykk av at det er opning for å gjere det annleis og meir lokalstyrt. I den grad det ikkje er nok slik opning, må vi diskutere det framover.

Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret. Han viste, som venta, ei positiv haldning til spørsmålsstillinga, og det er vel også ei viss oppfølging av det Lilletun tidlegare har sagt i denne saka.

Når det gjeld det statsråden sa om at han vil vurdere positivt i kvart enkelt tilfelle dei søknadene som måtte kome, eller dei tiltaka som måtte bli føreslått, synest eg kanskje det blir litt for mykje styring ovafrå. Eg trur vi må opne meir generelt, slik at ein slepp å søke kvar gong ein vil få gjort noko nytt og positivt.

Statsråden uttrykte også det same som eg sa i mitt førre innlegg, at kommunane og skulen må utnytte handlingsrommet. Det er heilt korrekt. Men for å gå litt tilbake til vedkomande rektor, som eg siterte i mitt første innlegg, og som saman med ein kollega no sluttar i skulen i rein frustrasjon, så uttalar han bl.a. vidare i Kommunal Rapport:

«Det er det statlige og kommunale byråkratiet som har tatt kvelertaket på rektorene.

La oss få styre skolene selv, og befri oss fra den kommunale tvangstrøya. Vi blir kvalt av skjemaer, papirer og rapporter som det offentlige skal ha. Det kommer stadig nye økonomisk-administrative oppgaver. Til slutt tar det helt overhånd, og nok er nok.»

Dette seier dei to rektorane som no sluttar.

Den frustrasjonen som mange lærarar og rektorar føler, og som vi stadig møter, kjem ikkje berre av manglande kunnskap om det handlingsrommet dei har. Elevar, skular og lærarar er ulike, og skal vi nå målet om eit likeverdig tilbod, må derfor den enkelte lærar og rektor få litt vidare fullmakter generelt, ikkje berre som forsøk for å tilpasse undervisinga. Stortinget bør derfor i dag sende den invitasjonen til Regjeringa som ligg i våre forslag. Det er også eit signal til både skular og kommunar om at fleire avgjerder bør takast så nær den det gjeld, eleven, som mogeleg, som også statsråden var inne på i svaret sitt.

Eg har merka meg at representantar frå fleire parti har gitt uttrykk for liknande tankar. Representantar både frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet uttrykte i Aftenposten den 17. mars at det må opnast for større pedagogisk fridom. Når statsråden til ein viss grad gir signal i same retninga, synest eg det er å håpe at det i dag burde ligge an til brei einigheit om dei forslaga som er framsette.

Statsråd Jon Lilletun: Opplevinga av å verte kvelte av skjema kjenner vi. Men det er klart at kvelingskjensla må vere ei vond kjensle same kva den kjem av, og skjema må i og for seg såleis vere tørr kost.

Vi har prøvd å gå etter dette mens vi heldt på med evalueringa av Reform 94. Det er heilt klart at for ein del av spørsmåla og skjema låg ansvaret opphavleg sentralt. Men så ser vi at for å sikre at ein har nok tilbakemeldingssystem, så lagar fylkeskommunen veldig ofte ganske svære opplegg, og rektor, som har denne plikta, fyller ofte på, slik at læraren føler at pustevanskane vert store.

Kvar gong vi i departementet synest det hadde vore interessant å vite det og det og det, eller vi får ein lur idé, har vi ein tendens til å setje i verk ytterlegare eit nytt tiltak og eit nytt skjema. Men eg har sagt at kvar gong vi tenkjer på noko slikt – og eg har same utfordringa til Stortinget – skal vi spørje: Er det så nyttig for oss allment å vite dette at vi skal påføre folk ute ytterlegare belastningar, eller er det ikkje grunn til det? Og same utfordringa må vi gje til fylkeskommunane, kommunane og rektorane. Stortinget må sjølvsagt òg tenkje slik. Det er ein viktig balanse. Eg er einig med representanten Løvik i at mønsterplanen opphavleg var for laus, og at ein trong noko meir forpliktande. Eg meiner det er svært mykje godt i den nye læreplanen, men det er ikkje tvil om at svært mange opplever den som ei tung bør.

Så har vi utfordra lærarorganisasjonane, som var svært kritiske. Eg var også, mens vi heldt på med reforma, ueinig i at det skulle verte ei forskrift, men eg sa til lærarorganisasjonane då eg begynte som statsråd: Kva vil de? Skal vi sjå på dette? Då meinte dei at vi trong litt meir erfaring, og dei òg var litt usamde. Derfor har vi løyst opp, slik som det vart gjort imellom åra, og vi seier vi skal fylgje nærare om vi òg skal oppheve det som forskrift. Eg synest det er nødvendig å få erfaring før ein konkluderer.

Når det gjeld forslaga, er forslag nr. 1 heilt i samsvar med det vi tenkjer å gjere framover, og eg ser ikkje utan vidare noko behov for å vedta det. Eg har vel stadfesta mykje av det i interpellasjonssvaret.

Når det gjeld det siste forslaget, ligg den moglegheita i kommunelova og i opplæringslova i dag at kommunane kan bestemme dette sjølve.

Rune E. Kristiansen (A): Jeg opplever at det er relativt bred politisk enighet om innholdet i den interpellasjonen vi har til debatt her i dag.

Jeg registrerte at statsråd Lilletun, da han la fram St. meld. nr. 28 for 1998-99 «Mot rikare mål», brukte mye energi på å legge vekt på at han ville gjøre en snuoperasjon i utdanningspolitikken, gjennom mer fleksibilitet og lokal forankring. Men jeg finner det nødvendig å minne om, som også skal være et tilsvar til nettopp forslagene fra interpellanten, at stortingsflertallet, Arbeiderpartiet, SV og sentrumspartiene, i forbindelse med innstillingen til opplæringslov har sagt følgende:

«Den statlige styring må sikre et felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag gjennom nasjonalt vedtatte læreplaner og nasjonale krav til undervisningspersonalets kompetanse. Samtidig vil flertallet peke på at den lokale tilpasning og den pedagogiske frihet må få rom innenfor de nasjonale rammene slik at skolen kan reflektere det mangfoldet skole og lokalsamfunn kan utvikle i et godt samspill mellom elev, lærer og nærmiljø.»

Jeg mener at Stortinget tidligere har vedtatt klart og tydelig intensjonene i forslag nr. 1 fra interpellanten, og jeg oppfatter det innlegget statsråden hadde her i dag, slik at Regjeringen er i fullt arbeid nettopp med hovedelementet i forslaget. Derfor burde det etter mitt syn bli et oversendelsesforslag. Det er min henstilling, og Arbeiderpartiet har da indirekte gitt støtte til intensjonene.

Når det så gjelder forslag nr. 2, vil vi støtte oss til statsråd Lilletun. Jeg vil anbefale Arbeiderpartiet ikke å støtte det forslaget, fordi vi ikke har nok grunnlag i dag til å se om det er den rette måten å gjøre det på.

Når det så gjelder grunnlaget for debatten om lokal tilpasning, er det for Arbeiderpartiet helt klart og åpent en balansegang mellom enhetsskolen, likeverdige tilbud og hvor mye man skal brekke det ned til lokale tilpasninger. Så er det sagt.

Så vil jeg også helt til slutt si at som representant for Oslo har jeg vært overrasket over Høyre når Arbeiderpartiet i Oslo kommune gjentatte ganger har prøvd å få «skole til bydel», altså få en langt sterkere lokal tilpasning. Da har Høyre vært det partiet som har sagt tvert nei, man ønsker fortsatt en sentral skolepolitikk på grunnskolenivå i Oslo, som er en relativt stor kommune, for å uttrykke meg forsiktig.

Ulf Erik Knudsen (Frp): Det er en meget interessant og viktig problemstilling representanten Løvik tar opp i dag. Personlig må jeg si at jeg hevet øyenbrynene en smule da jeg leste interpellasjonen. Jeg hadde regnet med at vi ikke hadde så veldig mye å skryte av når det gjaldt selvstyre i skolen, men at vi lå så langt bak andre land, var oppsiktsvekkende. Sammenligningen med Kommunist-Kina taler for seg selv.

Fremskrittspartiet tror at vi har en løsning på dette problemet i vår organiserings- og finansieringsmodell for skoleverket, kjent som stykkpris- eller skolesjekksystemet. Vi har i detalj redegjort for denne modellen tidligere i Stortinget. Den er basert på en fristilling av skolene, en valgfrihet hos elever og foreldre og en finansiering knyttet til hvor mange elever som skolen utdanner. I et slikt system vil det naturligvis måtte være en del sentrale regler og normer for å kvalitetssikre at alle elever får det de skal ha av kunnskap i basisfag. Men utover dette vil skolene stå svært fritt driftsmessig, pedagogisk, lønnsmessig osv.

Selv om Fremskrittspartiet ikke skulle få flertall for sin modell, er det muligheter for å modifisere dagens system og bedre selvstyret i norsk skole. Statsråden har i dag skissert noen muligheter. Jeg vil her også henvise til de forslag Fremskrittspartiet la fram i forbindelse med Stortingets behandling av St.meld. nr. 14 for 1997-98, om foreldremedvirkning i skolen. I forbindelse med behandlingen av denne la vi bl.a. fram forslag om at den enkelte skoles styre skulle få en betydelig økt makt. Blant annet skulle man få avgjørelsesmyndighet innenfor skolebudsjettene, kunne bestemme åpningstider og fastsette priser for utleie av skolens lokaler. Man skulle også kunne avgjøre organisering av undervisning, timeplan, det lokale læreplanarbeidet og regler for oppførsel og disiplin, godkjenne pedagogiske tiltak og forsøk, ansette personalet og styre opptak og inntak. Vi føler altså at vi har skissert gode løsninger på dette området som bør vurderes.

Helt til slutt: De forslagene som er fremlagt av representanten Løvik, er et lite skritt i riktig retning og vil trolig få Fremskrittspartiets støtte dersom han insisterer på å få dem til votering. Men som det skisseres av Rune Kristiansen fra Arbeiderpartiet, vil vel det mest naturlige være en oversendelse, og vi henstiller om det.

Sigmund Kroslid (KrF): Forholdet mellom statlig sentralstyring og en lokal styring og råderett i skolen har mange avveininger. Spør man i skolen i dag, er nå svaret at det for mange oppfattes som at det er for mye sentralstyring og for lite selvstyre. Lokalt har mange skoler i dag eget budsjettansvar, og kommunene har gitt enkelte skoler en stor grad av selvråderett.

Dagens ordning med en stor del av avgjørelsesmyndigheten lagt på kommunenivå, bør en beholde. Beslutningstaking nærmest brukerne – lærere, elever og foreldre – er viktig.

Imidlertid skal det ikke underslås at trange kommunale budsjettrammer ikke alltid er like inspirerende for den enkelte skole, om det kanskje inspirerer til oppfinnsomhet. Et klart signal fra skolen er at gjeldende læreplaner føles altfor stramme. Fagplanene inneholder for lite fleksibilitet og går altfor langt i beskrivelsen innen de forskjellige fag. Læreplanverket er forpliktende for opplæringsopplegget i den enkelte skole. Her er det viktig å få fram, slik statsråden påpekte, at forskriftene til den nye opplæringsloven vil løse noe på bindingene. Videre er det positivt at departementet vil føre en åpen dialog og også tillate forsøk i skolen.

Om en ser på de forbedringspotensialer som finnes i skolen i dag, tror jeg likevel at en bør ha så mye is i magen at en skaffer seg mer erfaringer før en starter på store og omfattende reformer. En må få skolen til å virke og utvikle seg og prøve nye modeller innen dagens rammeverk.

En annen klar tilbakemelding som en får når en snakker med skolefolk, er at ungdomstrinnet har for mye teori. Undersøkelser viser at ca. ¼ av elevene ikke har forutsetning for tospråklig undervisning i fremmedspråk. En konsekvens ser en bl.a. i min hjemkommune, ved at dagens system gir liten søkning til mekaniske fag. En evaluering av Reform 94 fra Oslo underbygger dette. Elevene i ungdomsskolen blir for teoretisk motivert og søker derfor videre innen teoretiske fag.

Skolen skal motivere for læring. Fag som fysikk og kjemi krever praktiske eksempler, teori om lysbrytning og pH og andre grunnleggende begreper læres ofte mye lettere ved praktiske forsøk og øvelser. Men er dagens skole gitt muligheter til tilpassede løsninger, deling av klassene i forskjellige fag, osv.?

Gjeldende lov- og regelverk for skolen gir et handlingsrom, og vi må få ut det budskap at det gjelder å utnytte dette handlingsrommet maksimalt. God læring i skolen i dag vil motivere til lokalt funderte prosjekter, slik at en kan få brukt de rammer som lovverket og læreplanen gir, best mulig.

Inge Lønning (H): Hvis vi hadde stelt oss riktig i dette land, skulle skolen ha vært den mest attraktive av alle arbeidsplasser, og der skulle man ha stått i kø for å få lov til å jobbe. Vi vet alle at slik er det ikke. Vi har sett klare tendenser i det siste tiåret til det motsatte: Jo sterkere retorikken politisk om viktigheten av skole og kunnskap er blitt, desto færre er det som står i kø for å få lov til å jobbe i skolen, og desto flere er det som forlater en arbeidsplass i skolen. Det er vi nødt til å ta inn over oss og ta på alvor. Det er vel ingen tvil om at en av grunnene til dette er den byråkratiseringstendens som læreryrket har vært gjenstand for, og som helt åpenbart oppleves slik at den gir mindre utfoldelsesfrihet, den gir mindre av tillit til yrkesutøveren fra oppdragsgiverens side enn det en yrkesutøver ville ønske seg. Derfor tror jeg det er rom for en omkalfatring i norsk skoletenkning ved at vi introduserer det nærhetsprinsippet som man har diskutert i andre politiske sammenhenger. Istedenfor å spørre hvor langt vi kan gå i å delegere avgjørelsesmyndighet ovenfra i systemet og nedover, burde man stille det motsatte spørsmål: Hvilke avgjørelser er det nødvendig å flytte opp, og hvilke avgjørelser er det som med fordel kan treffes i det enkelte klasserom, av den enkelte lærer og av den enkelte rektor på den enkelte skole? Det burde være slik at ingen avgjørelser i norsk skole flyttes et skritt høyere opp enn det som er nødvendig ifølge avgjørelsens natur.

Statsråden sa i sitt svar at den statlige styring av skolen primært skal sikre ett formål, nemlig likeverdige opplæringstilbud. Det er jeg hjertens enig i. Men det er ingen nødvendig motsigelse mellom det å ha et likeverdig nasjonalt opplæringstilbud og det å tillate frihet og mangfold når det gjelder måten oppgavene skal løses på organisatorisk og pedagogisk. Forutsetningen for at vi kan ha et likeverdig utdanningstilbud, er imidlertid at vi har et nasjonalt vurderingssystem som gjør det mulig å finne ut av om elevene faktisk får et likeverdig utbytte av skolegangen sin. Jeg tror rett og slett at svaret må være at vi må slutte å tro på regel- og forskriftsstyring, som vi stort sett har satset på hittil, og i stedet satse på den metode man bruker på nesten alle andre områder i samfunnslivet, nemlig å kontrollere kvaliteten på resultatene og så overlate til utøverne å finne ut hvorledes man oppnår resultatene. Da tror jeg vi kan klare å snu den strømmen bort fra skolen som vi ser i dag, og at vi kan gjenreise norsk skole som en attraktiv arbeidsplass.

Marit Tingelstad (Sp): Senterpartiet er for desentralisering generelt og er derfor på vakt overfor overstyring fra sentralt hold. Ut fra dette synspunktet er Petter Løviks interpellasjon viktig og i tråd med Regjeringens mål om avbyråkratisering av skolen. Når det er sagt, vil jeg likevel framheve at det må være sentrale mål slik at vi kan sikre enhetsskolen, en likeverdig skole for alle uansett økonomisk bakgrunn, bosted og evner.

L97 er blitt karakterisert som for sterkt styrende. Nå er L97 under evaluering, så jeg velger å vente til resultatet fra denne evalueringen foreligger før jeg trekker for bastante slutninger. Men jeg vil hevde at det i dag finnes atskillig rom for lokale beslutninger med hensyn til pedagogiske opplegg, valg av lærebøker, organisering av skoledagen og undervisningen.

Statsråden viste til at departementet ikke lenger har generell hjemmel til å gi forskrifter for grunnskolen. Det

(Tingelstad)

i seg selv innskrenker den sentrale styringen. Slik Senterpartiet ser det, har skoleledere, lærere og foreldre stor handlefrihet hvis aktørene vet å nytte det handlingsrommet som finnes. Det er mange gode eksempler på at så skjer, men jeg merker meg at interpellanten ikke hadde samme erfaring.

Opplegget av undervisningen er bl.a. avhengig av den tolkningen av læreplanen som læreren foretar. Dette sammen med valg av metoder er det som kjennetegner læreren som en profesjonell utøver av lærerrollen.

Ifølge Aftenposten 18. mars i år har Høyres leder uttalt at vi trenger en helt ny læreplan, og at det skal settes klare krav til skolen om hvilke mål den skal nå med undervisningen. «Men hvordan de når målene, bør i stor grad overlates til den enkelte skole», fortsetter Petersen.

Ja, det siste er jeg enig i. Men jeg mener altså at skolen i stor grad har denne muligheten i dag. Derfor er etter mitt skjønn Høyres forslag, nr. 1, unødvendig. Som en lærer sa til meg i dag tidlig da vedkommende så forslaget: Dette skjer jo i dag.

Jeg er ikke enig med Høyre-lederen når han vil ha foreldrestyrte skoler, slik det framgår av samme avisartikkel. Mener virkelig Høyre at dette ville sikre en kvalitativt bedre skole for alle? Vi har nylig vedtatt opplæringsloven, som sier at ingen enkeltgruppe skal ha flertall i samarbeidsutvalgene. Meg bekjent var dette ikke noe framtredende krav i høringsrunden vedrørende opplæringsloven heller. Det er derimot meget viktig at foreldrene engasjerer seg i skolen og blir delaktige i opplæringen av sine barn. Her er det et stort forbedringspotensial.

Kommunene kan delegere beslutningsmyndighet til den enkelte skole hvis de selv vil, også på det budsjettmessige området, som vi nettopp også har hørt andre snakke om. Senterpartiet ønsker at det kommunale selvstyre skal fungere, og vil oppfordre kommunene til å stimulere til bl.a. mer lokalstyrt utviklingsarbeid innen skolen, slik den nye opplæringsloven gir hjemmel for. I den forbindelse er det interessant å merke seg at Kommunenes Sentralforbund denne vinteren og våren har nettopp skole som tema på sine konferanser – og det er bra.

Helene Falch Fladmark (V): Venstre deler representanten Løviks bekymring når det gjelder detaljstyring av den norske skolen. Mange års sentraldirigerte reformer og utbygging av et detaljert styringssystem for skolen har gjort at mange lærere og skoleledere mer føler seg som de nederste byråkratene i et toppstyrt skolehierarki enn som de selvstendige pedagogene de er utdannet til. Skal skolen bli den gode skolen vi ønsker, må denne utviklingen snus. Skoler og pedagoger må få mer frihet for at den kreative energien skal bli utløst.

I Venstre tror vi på lærere og skoleledere. De må bare få rom til å gjøre jobben sin. Jeg er glad for at departementet nå har en politisk ledelse som tar tak i disse problemene. Venstre ønsker en liberal enhetsskole som både holder fast ved den grunnleggende målsetting om at den offentlige skolen skal være en felles møteplass for barn med ulik sosial og kulturell bakgrunn, og som erkjenner at mangfold er positivt og skal verdsettes.

Vi vil gjenreise skolen til selvstendige institusjoner der kreativitet og skaperkraft blant den enkelte lærer og elev skal dyrkes fram, ikke kveles av direktiver ovenfra eller av ensrettet undervisning. Stikkordene er bedre kvalitet, mer variasjon og økt fleksibilitet. Et engasjert nærmiljø er nødvendig for den gode skolen. Og styringen av skolen må gi følelsen av at viktige beslutninger om skolen tas på stedet og av de daglige brukerne og lederne av skolen. På denne måten får vi en desentralisering av beslutningene, og skolen kan frigjøres fra byråkratisk overstyring.

Venstre ønsker nasjonale rammer for skolens innhold, men langt mindre detaljstyring innenfor disse rammene, særlig når det gjelder metode. Vi er kritiske til at læreplanen har status som forskrift, og det er positivt at statsråden nå vil vurdere dette.

Regjeringens storstilte prosjekt om et enklere Norge der man gjennomgår forskrifter og lover med sikte på å få bort unødvendig byråkrati og overstyring, må i aller høyeste grad omfatte skolen. Målet må være et enklere Skole-Norge, både for skolens brukere og ledere. Jeg er glad for at departementet er i gang med dette arbeidet.

Den nye opplæringsloven åpner for flere måter å styre skolene på. Det viktige er at den enkelte skoles ledelse og lærere må få reelle muligheter til å utvikle sin skole etter lokalmiljøets forutsetninger, basert på pedagogisk kunnskap. Som statsråden peker på, ligger det mange muligheter i forsøksparagrafen i loven, og det er viktig å gjøre mulighetene kjent og inspirere skoler og kommuner til å ta i bruk friheten.

Den toppstyrte reformperioden må være forbi. Fra nå av bør endringene og kreativiteten ha utspring i virkeligheten på den enkelte skole, ikke i hodet til en overivrig statsråd.

Ursula Evje (Frp): Det lokale selvstyre i relasjon til skolepolitikk er blitt grundig belyst av statsråden i dag, og han har korrekt påpekt at det er avgrenset av økonomi, lovverk og ikke minst av tariffavtaler. I tillegg finnes en lang rekke forskrifter, og læreplaner som også har forskriftskarakter.

Som statsråden ganske riktig påpekte, er det anledning til å drive forsøksvirksomhet i henhold til egen hjemmel. Spørsmålet er bare at hvis alle kommuner på et eller annet tidspunkt skal benytte seg av denne retten, vil neppe muligheten til «einskapsskule» lenger være en aktualitet mens alle disse forsøksprosjektene pågår. Fremskrittspartiet har i utgangspunktet ikke noe imot dette, men det er et massivt flertall i dette hus – eksklusiv Fremskrittspartiet – som ikke vil kunne lukke øynene for at så skjer.

Så sier statsråden videre at i Norge har vi gjort et valg når det gjelder «kva nivå» som skal ta ansvar. Og vi har det. Vi har en lang tradisjon for at kommunene tar ansvar for skoledriften. Men hva er det kommunene tar ansvar for? Kommunene tar ansvar for bygninger, utbetaling av lønn til lærere, manglende vedlikehold – for de har ikke penger til det – osv. Dette er ikke et positivt tegn på selvstyre. Og hvordan henger dette ansvaret og denne selvråderetten sammen med den massive nedleggingen av små skoler som vi ser hvert eneste år til fordel for en sentraliseringstankegang?

Statsråden nevnte også «Mot rikare mål» og evaluering. Han har selv uttalt at han ønsker at skolen i vesentlig grad skal evaluere seg selv. Han har snakket om forskjellige former for lærerstyrt evaluering. Det som må være hensikten med et likeverdig opplæringstilbud, som veldig mange her er enig i, også Fremskrittspartiet, er at man setter et felles kunnskapsmål og får en evaluering av barnas oppnådde kunnskap i forhold til dette målet. Det må da foretas en objektiv vurdering, og den kan neppe foretas av kolleger ved samme skole, eller eventuelt i samme kommune.

Jeg vil igjen få henvise til at Fremskrittspartiet så sent som ved budsjettbehandlingen i fjor fremmet flere forslag som gikk på å gi den enkelte skole større selvråderett. Det var ingen som stemte for disse, bortsett fra Fremskrittspartiet, så Høyre er noe sent ute.

Arne Lyngstad (KrF): Det er en interessant debatt representanten Løvik trekker opp. Det var flere av oss som hevet øyenbrynene da vi så oppslagene om OECD-rapporten. Men situasjonen er ikke så dramatisk som interpellasjonsteksten bærer preg av.

Etter Kristelig Folkepartis mening har vi i dag en spennende læreplan for grunnskolen. Gjennom endringene i opplæringsloven får skolene nå større fleksibilitet til organisering av undervisningen, både innholdsmessig og metodisk. Den nye forskriften til opplæringsplan som nå er på høring, vil erstatte en haug, for ikke å snakke om flere sider, med navn på forskrifter. Det gjør også regelverket mer oversiktlig. Etter min mening er egentlig hovedutfordringen i dag å informere om de mulighetene som læreplanen gir til å organisere undervisningen i tråd med behovene i klassen for å få den ønskede utviklingen, og i tillegg å motivere lærere og rektorer til å bruke mulighetene. Jeg tar det som en selvfølge at statsråden sørger for å gi informasjon og motivere til å ta i bruk de mulighetene som ligger der.

Vi trenger tid for at grunnskolen skal ta mulighetene i bruk. Alle som kjenner skolen, vet at endringer krever tid, og vi trenger også å høste erfaringer for å se om selve reglene og læreplanen er feil. Vi trenger å etablere et nasjonalt vurderingssystem som kan være med på å inspirere skolene til lokal utvikling og lokal tilpasning. St.meld. nr. 28 for 1998-99, Mot rikare mål, gir oss anledning til å fokusere på kvalitet i læringsmiljøene og i læringsprosessen. Ved behandlingen av den har Stortinget gode muligheter til å fokusere på dette.

Lokale utviklingsråd er også etter min mening et tiltak som kan gi gode resultater for å styrke initiativet lokalt og støtte opp om aktive rektorer og lærere. I det hele tatt er min erfaring med norsk skole den at der man har en skoleledelse som er initiativrik, og som faktisk utnytter mulighetene, er det et veldig godt læringsmiljø med gode læringsresultat. Etter Kristelig Folkepartis mening er vi på riktig vei. Stikkord som ny opplæringslov med nødvendig fleksibilitet, forsøksparagraf, høy bevissthet om farene ved byråkratisering og et nasjonalt vurderingssystem med vekt på lokal utvikling av skolen er signaler om at vi er på vei. Signalene fra Stortinget og statsråden om å utnytte handlingsrommet er tydelige. Jeg opplever derfor forslagene fra representanten Løvik som å slå inn åpne dører, og ber derfor representanten om å omgjøre forslagene til oversendelsesforslag. Jeg opplever at interpellanten har fått positiv respons fra statsråden og i debatten, og vedtak burde derfor være unødvendig.

Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.

Petter Løvik (H): Eg må berre få uttrykke veldig stor glede over den debatten vi har hatt her i dag, og dei synspunkta som er komne fram både frå statsråden og frå dei ulike partia. Vi er på veg, seier fleire, vi går i den retninga som forslaga indikerer.

Likevel er det eit par punkt som det har vore framstilte som om det er litt usemje om, og som eg derfor har lyst til å kommentere. Representanten Rune Kristiansen var opptatt av forholdet mellom einskapsskule og det likeverdige tilbodet og dette med lokal tilpassing. Det trur eg vi alle er. Men eg synest det er grunn til å understreke at når vi snakkar om eit likeverdig tilbod, og når vi veit at elevane er ulike, trur eg vi alle vil innsjå at skal vi gi ulike elevar eit likeverdig tilbod, kan vi ikkje gi dei eit likt tilbod, men vi må gi dei eit ulikt tilbod som er tilpassa deira evner. Skal vi klare å oppfylle den ideen vi alle er einige om, om å gje eit likeverdig tilbod, må den enkelte lærar ha mulegheiter til å tilpasse undervisninga i langt større grad enn i dag. Så eg trur ikkje representanten Kristiansen og eg er ueinige på dette området heller.

Så nemnde representanten Tingelstad foreldra si rolle. Det er korrekt, som Tingelstad sa, at Høgre vil gi foreldra ei sterkare rolle, ein sterkare innverknad på styringa av skulen. Eg trur faktisk at også representanten Tingelstad er positiv til dette. Lovverket og norsk tradisjon i skulen tilseier at foreldra har ei sterk rolle. Kva måte vi skal styrkje foreldra sin innverknad, foreldra sitt ansvar og foreldra si rolle på, kan vi heller diskutere, men eg trur at også på det punktet er det brei semje.

Men sjølv om foreldra si rolle er viktig, trur eg det er det byråkratiet som veldig mange lærarar og rektorar opplever, som er det viktigaste som vi må gjere noko med. Det er også korrekt, som representanten Lyngstad seier, at det å motivere og informere om det handlingsrommet som finst, er viktig. Det sa eg allereie i mitt første innlegg. Der har vi fullt ut den same oppfatninga. Men vi skal ikkje dermed fråskrive oss den jobben vi har å gjere, som eg oppfattar at stortingsfleirtalet er villig til å ta, nemleg å gjere vår del av jobben for å få ein enklare kvardag og ein betre norsk skule.

Når det gjeld ulike oppmodingar om oversending, vil eg kome tilbake til det i samband med votering.

Statsråd Jon Lilletun: Til liks med interpellanten synest eg også at det var ein interessant debatt, og ein er heilt klart einige om ein del mål. Representanten Lyngstad tek det som sjølvsagt at det vert informert, og det har han heilt rett i. Men eg trur nok at vi treng å intensivere det arbeidet, og eg trur at vi alle har ein jobb å gjere her, ikkje minst statsråden. Det er heilt opplagt at anten det no verkeleg er slik at ein har byråkratisert, eller ein berre opplever det slik, er det nødvendig å ta den opplevinga på alvor, og så må vi informere om det rommet som finst. Eg skal ta på alvor å styrkje dette arbeidet ytterlegare.

Når det gjeld det spennande balansepunktet representanten Lønning snakka om, kva det er nødvendig vert teke sentralt med utgangspunkt i at det meste bør liggje lokalt, meiner eg at det i veldig stor grad er avklart i dei planane som ligg føre. Men det er heilt tydeleg at ein berre har fått kommunisert den sentrale delen. Derfor er den informasjonsjobben Lyngstad snakka om, viktig. Vidare må vi evaluere. Dersom det er så mange forskrifter at vi ikkje får kreativiteten i gang, må vi gjere endringar.

Professor Smith, som var ein sentral mann bak opplæringslova, og som leidde det utvalet som utgreidde den, sa på eit seminar som departementet hadde for ei stund sidan, at ein læreplans form ikkje var veldig godt eigna til forskrift. Det fortel at her er vi i ein del dilemma, som eg er meg bevisst og vil fylgje nøye. Men eg trur samstundes – når vi no har gjennomført reformene, og til dels i stort tempo – at når vi skal gjere endringar no, treng vi desse debattane, som den vi har hatt i dag. Men vi treng òg å ha ein plan så ein ikkje igjen gjer ting så fort at folk ikkje opplever eigarskapen. Vi skal høyre ropet, vi skal svare på det og vi skal gjere korreksjonar, men samstundes skal vi ikkje gjere det slik at det igjen skjer endringar over hals og hovud.

Eg tek med meg signala herfrå, og eg har den enorme tilliten til komiteen at skulle ikkje eg få gjort noko i forhold til dette, trur eg ikkje det blir heilt stilt.

Presidenten: Dermed er debatten om sak nr. 2 omme.

(Votering over forslag, se side 2657)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Petter Løvik satt fram to forslag på vegne av Høyre.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget bed Regjeringa gjennomgå lov- og regelverk for grunnskulen, med sikte på å leggje til rette for at den einskilde skulen og den einskilde læraren – innanfor rammene av nasjonalt vedtekne mål for undervisninga – kan ha stor fridom når det gjeld val av metode og praktisk utforming av undervisninga.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget bed Regjeringa leggje fram forslag som gir den einskilde skulen større økonomisk, administrativ og organisatorisk handlefridom.»

Petter Løvik har bedt om ordet til stemmeforklaring.

Petter Løvik (H): Debatten har vist at det er stor semje om både intensjonar og retning i forslaga. Eg ser derfor ikkje nokon grunn til å halde fast ved forslaga. Eg trekker dei, og vi vil følgje opp saka vidare.

Presidenten: Da foreligger det heller ikke noe voteringstema i sak nr. 2.