Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 13

Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få stille barne- og familieministeren følgende spørsmål:

«Det har blitt hevdet at antall nye barnehageplasser i 1998 er det laveste på mange år.

Hva skyldes denne mangel på interesse for bygging av nye barnehager, og hva har Regjeringen gjort for at det blir flere barnehageplasser?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er noko med formuleringane i spørsmåla frå representanten Fossum som eg må begynna med her òg. Regjeringa har sjølvsagt interesse for å bygga barnehageplassar til alle som ynskjer det, trass i at spørsmålsstillaren seier at vi manglar den interessa. Det gjer vi ikkje. Og det er ikkje rart at kommunar som i dag har overdekning eller full dekning, ikkje bygger nye plassar. Det er heller ikkje rart at dei som har nær full dekning, sjekkar behovet nøye før dei set i gang med dei siste plassane. Men det er merkeleg at kommunar som har langt igjen før dei har full dekning, ikkje er meir aktive enn dei er i dag. Utan kommunane sin medverknad er det ikkje lett å nå full barnehagedekning neste år.

Tal som departementet har fått frå SSB, viser at det vart etablert rundt 3 200 nye plassar i 1998. For born over tre år nådde vi måltalet frå budsjettet, men det er ein reduksjon i talet på plassar for born under tre år. Det vi ikkje veit sikkert enno, er om etterspørselen etter barnehageplassar for dei minste borna reelt sett har vorte mindre, eller om utbyggarane av barnehagar har venta litt for å sjå korleis kontantstøtta ville verka inn på etterspørselen. Eit oppsving av nye lånesøknader til Husbanken kan tyda på ein positiv trend i høve til nyetablering av barnehageplassar i år.

Det kan òg vera slik at nedgangen skuldast at familiane ikkje får eit fleksibelt nok barnehagetilbod. Eg har fått signal frå ein del foreldre som etter innføringa av kontantstøtta ynskjer ein kombinasjon av barnehage og tilsyn heime, utan at barnehagane har gitt tilbod om deltidsplassar. Omlegginga av driftstilskotet til barnehagar frå 1. august, som inneber at det blir ein auke i talet på kategoriar for opphaldstid og ein auke i satsane for kortare opphaldstider, vil motivera til fleire deltidsplassar. Vi håpar at barnehagane kan gi dei som ynskjer det, eit meir fleksibelt tilbod enn det som eksisterer i dag. Eg vil òg minne om at evalueringa av kontantstøtta vil sjå særskilt på effektane for barnehagesektoren.

Grethe G. Fossum (A): Jeg takker statsråden for svaret og for korrigeringen av spørsmålsstillingen, men jeg tror det er viktigere å skille mellom det som er skrevet, og det som er intensjonen bak spørsmålet.

Jeg er enig i at det er forunderlig at de kommunene som trenger å bygge ut barnehagetilbudet, ikke er mer aktive. Men det som forundrer meg enda mer, er at Regjeringen sitter og ser på at kommunene ikke er aktive, uten å gjøre noe. Da må statsråden ha meg unnskyldt at jeg trekker den slutningen at den er lite interessert i å inspirere kommunene til å gjøre noe. Det er faktisk slik at statsråden sa i sitt svar til meg nå at hun hadde fått signaler fra en del foreldre som etter innføringen av kontantstøtten, ønsket en kombinasjon, men at de ikke fikk lov til det av barnehagene. Men det er ingen forståelse for at foreldre uten kontantstøtte ønsker denne fleksibiliteten. Det viser meg veldig nøye hva som er Regjeringens motiver.

Spørsmålet mitt er: Hvordan kan Regjeringen rolig sitte og se på at kommunene ikke bygger barnehager til tross for at det er behov for det?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur det bygger på ei feil oppfatning frå representanten si side når ho peikar på at den fleksibiliteten ikkje er gitt til dei som ikkje får kontantstøtte. Eg har lese tilstandsrapporten frå Arbeidarpartiet si kvinnerørsle i forhold til barnehagar. Der står det m.a. at for dei som har kontantstøtte, er det ein lovfesta rett til fleksible løysingar i barnehagane, men det er det ikkje for dei som ikkje har kontantstøtte. Det er feil. For det finst ikkje nokon lovfesta rett til ein fleksibel barnehageplass, men vi har med støtteordningane lagt til rette for at barnehagane skal kunna tilby det. Den retten er sjølvsagt like klar for dei som er under eller over tre år, og for dei som har eller ikkje har kontantstøtte. Har ein ein fireåring og ynskjer ¾ plass, skal ein få det med like stor rett som for ein toåring, slik at der er det ikkje nokon skilnad. Eg trur at kontantstøtta, saman med dei støtteordningane vi no òg har til barnehageplassane, har motivert til at fleire barnehageeigarar gir det fleksible tilbodet som veldig mange foreldre ynskjer seg.