Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2000 kl. 10

Dato: 02.02.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 1

John I. Alvheim (Frp): Jeg har et spørsmål til den ærede barne- og familieminister:

«På bakgrunn av at en norsk mor ble fratatt foreldreansvaret og omsorgen for sin datter i 1990, avsa Den europeiske menneskerettighetsdomstolen 7. august 1996 dom for at fratagelse av foreldreansvaret og rett til samvær var brudd på Menneskerettskonvensjonens artikkel 8. I stedet for tilbakeføring til moren er barnet i ferd med å bli tvangsadoptert til fosterforeldrene.

Hva vil statsråden gjøre for at dette ikke skal skje?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er rett at Noreg den 7. august 1996 vart dømd for brot på Menneskerettskonvensjonens artikkel 8 i ei barnevernssak. Menneskerettsdomstolen kom etter ei konkret vurdering til at det i denne saka ikkje var tilstrekkeleg grunn for å treffa så inngripande vedtak som nekting av samvær og fråtaking av foreldreansvar med sikte på adopsjon. Det Menneskerettsdomstolen vurderte og tok stilling til, var grunngjevinga av desse vedtaka på den tida dei vart fatta, altså i 1990. Menneskerettsdomstolen sin dom avgrensar seg til kommunen si handsaming av saka. Domstolen kritiserte ikkje fylkesmannen eller dei norske domstolane si handsaming av saka. Menneskerettsdomstolen tok heller ikkje stilling til kva som skulle skje med barnet i 1996 eller seinare.

Eg vil presisera at det i denne saka aldri har vore tale om å tilbakeføra barnet til den biologiske mora, før i den aller siste tida. Menneskerettsdomstolen konkluderte i dommen med at norske styresmakter ikkje braut Menneskerettskonvensjonens artikkel 8 då omsorga for barnet vart tatt og seinare oppretthalden.

Den vidare oppfølginga av den konkrete saka høyrer under barnevernet og domstolane sitt ansvarsområde. Kva som skal skje med barnet, må avgjerast ut frå kva som i dag er til beste for barnet. Eg har som barne- og familieminister ingen rett til å gripa inn i handsaminga av denne saka i dag. Kompetansen til å gi samtykke til adopsjon høyrer under fylkesnemnda sitt ansvarsområde. Fylkesnemnda er eit uavhengig statleg organ, som ikkje kan instruerast av departementet i handsaminga av enkeltsaker. Fylkesnemnda sine vedtak kan bringast inn for domstolane til rettsleg overprøving.

Når det gjeld dei generelle spørsmåla som saka reiser, informerte Barne- og familiedepartementet barnevernet om desse i 1996. Alle kommunar, fylkesmenn, fylkeskommunar og fylkesnemnder fekk tilsendt dommen i norsk omsetting saman med eit orienteringsskriv frå departementet. Det vart understreka i brevet at det er viktig at styresmaktene syter for at praktisering av barnevernlova skjer i samsvar med dei vilkåra som dommen stiller opp. Eg vil òg minna om at det går fram av dommen at det ikkje var regelverket, men praktiseringa av regelverket i denne konkrete saka som domstolen fann konvensjonsstridig. Som kjent er barnevernlova også endra på vesentlege område sidan den aktuelle saka vart handsama av norske styresmakter. Mellom anna er rettstryggleiken styrkt gjennom oppretting av fylkesnemndene, og born og foreldre sin rett til samvær med kvarandre er blitt presisert i lov og forarbeid.

Eg vil òg føya til at det, m.a. på bakgrunn av dommen i Menneskerettsdomstolen, er sett i gang ei evaluering i regi av Norges forskningsråd av barnevernlova § 4-20 som gjeld fråtaking av foreldreansvar. I evalueringa vil det bli sett nærare på om innhaldet i § 4-20 og praktiseringa av denne er i samsvar med dei krava som Menneskerettskonvensjonen stiller. Evalueringa vil venteleg vera klar i løpet av inneverande år.

Gunnar Breimo hadde hver overtatt presidentplassen.

John I. Alvheim (Frp): Jeg takker for svaret, som jeg på ingen måte er tilfreds med.

Igjen viser barne- og familieministeren den innstillingen at hun fraskriver seg ansvaret for det som skjer i norsk barnevern, og pr. definisjon gjør barnevernet i Norge aldri noe som er galt.

Det er vitterlig fastslått i domstolen at det ikke var riktig, det var faktum ulovlig å frata denne moren foreldreretten, og det er det det i denne første omgang dreier seg om. Da synes jeg det er merkverdig at selveste barne- og familieministeren, det høyeste organet vi har i forvaltningen og i det politiske miljø på dette området, ikke kan gå inn og påse at en domsavsigelse i denne domstolen blir fulgt opp, slik domstolen har gitt uttrykk for. Det er nemlig ikke gjort fra Røa Barnevern. Jeg spør igjen: Vil ikke statsråden nå ta ansvar og sørge for at vedtaket i domstolen blir oppfylt?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Her er det ikkje snakk om at barne- og familieministeren fråskriv seg det ansvaret som eg har, for det er eg meg veldig bevisst. Det som òg sannsynlegvis representanten veit godt, er at det er fylkesnemnda og domstolen som skal følgja opp norsk lovverk. Barneministeren skal ikkje gripa inn konkret i slike saker. Det trur eg òg representanten veit, og det er eit lovverk som Stortinget har vedtatt at skal fungera på den måten. Eg kan gå inn og få informasjon om saker, men eg har altså ikkje makt til å gripa inn og avgjera at fylkesnemnda skal omgjera vedtak. Det ligg utanfor mitt ansvarsområde, og det trudde eg at representanten visste.

Dommen slo fast at det som skjedde den gongen i 1990, var feil. Det vi kan gjera med den dommen, er at vi kan læra av han, slik at slike vedtak ikkje blir gjorde seinare på feil premissar. Men dommen sa ingen ting om kva som skulle skje med dette barnet i ettertid. (Presidenten klubber.) Vi må hugsa på at dette barnet har levd hos fosterforeldre frå det var nokre få veker gammalt og fram til i dag utan kontakt med mora før heilt til det siste. Det må òg bety noko.

Presidenten: Da er taletiden omme.

John I. Alvheim (Frp): Jeg takker igjen for svaret.

Det er jo intet i veien for at departementet også kan bruke det vanlige private rettsapparatet hvis man mener noe er galt i fylkesnemndene.

Den aktuelle moren har pr. dags dato ikke fått samvær med sin datter siden avgjørelsen i Den europeiske menneskerettighetsdomstolen den 7. august 1996, bortsett fra to timers samvær den 30. oktober 1999, da etter pålegg fra fylkesmannen til Røa Barnevern. Dette korte møtet var meget vellykket, men fosterforeldrene oppfattet det som negativt. Nå er man altså i ferd med å bortadoptere dette barnet mot morens vilje. Røa Barnevern har stilt seg på fosterforeldrenes side, noe barnevernet vanligvis gjør, og motarbeider barnets eget ønske om å treffe sin mor. Barnet lider daglig av dette, og moren er vel skikket som omsorgsperson, da hun har fire andre mindreårige barn i sin omsorg.

Hva vil statsråden gjøre for å sikre at datteren og moren får regelmessig samvær i tiden fremover?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten skildrar eit møte mellom mor og barn. Eg skal sjølvsagt ikkje gå inn i detaljane, men eg er faktisk ganske overtydd om at barnevernet, når dei ser på den saka, har barnets beste som intensjon, og dei må òg ta avgjerd.

Eg har lyst til å minna representanten om at det ikkje er så veldig mange veker sidan vi hadde ei anna sak oppe i spørjetimen, der avgjerda vart motsett, med fosterforeldre som ynskte å halda fram som det, og ei mor som ynskte å få barnet tilbake. Då tok fylkesnemnda den motsette avgjerda. Her har dei altså avgjort at barnet framleis skal vera hos fosterforeldra. Dette seier litt om kor vanskelege desse sakene er. Det fulle og heile biletet av korleis barnet har det, får ein ikkje gjennom reportasjar i aviser eller gjennom å snakka med ein part. Barnevernet har den føremonen at dei har begge partar sitt syn. Så langt eg kan sjå, må eg ha tillit til at barnevernet gjer det riktige vedtaket til barnets beste.