Stortinget - Møte onsdag den 23. februar 2000 kl. 10

Dato: 23.02.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 26

Olav Gunnar Ballo (SV): «I henhold til et oppslag i avisa Varden 15. februar 2000 uttrykker fylkestrygdekontoret i Telemark at «reise til annen poliklinikk enn den nærmeste må dekkes av den enkelte pasient».

Mener statsråden at dette er i tråd med retningslinjene for dekning av reiseutgifter ved fritt sykehusvalg?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Folketrygda gjev stønad til dekking av utgifter til reise for undersøking eller behandling. Når ein reknar ut stønaden, legg trygdekontoret til grunn taksten for billegaste reisemåte med rutegåande transportmiddel til næraste stad der pasienten kan få nødvendig undersøking eller behandling. Dette gjeld i utgangspunktet også ved reise til offentleg poliklinikk.

I dei fylka der fylkeskommunen har gjeve retningslinjer om at pasienten sjølv kan velja kor ein vil bli behandla i fylket, dvs. der pasienten ikkje høyrer til eit bestemt sjukehus eller ein bestemt poliklinikk, dekkjer folketrygda i dag reiseutgiftene til den poliklinikken i fylket der pasienten blir behandla. Dette gjeld uavhengig av om dette er næraste poliklinikk eller ikkje i forhold til heimen til pasienten.

Meirutgiftene ved å reisa til poliklinikk i eit anna fylke enn i det fylket pasienten bur, blir i dag ikkje dekte av folketrygda. Slike meirutgifter blir heller ikkje dekte ved poliklinisk behandling føre eller etter innlegging i helseinstitusjon i eit anna fylke.

Departementet tek sikte på at ny lov om pasientrettar skal tre i kraft i løpet av 2000. Når lova har tredd i kraft, skal reiseutgiftene ved fritt sjukehusval delast mellom folketrygda og pasienten. I statsbudsjettet for 2000 vart det bestemt at det skal betalast ein eigendel ved bruk av fritt sjukehusval, og at den skal vera 200 kr pr. reise – 400 kr ved reise tur-retur. Meirutgiftene for folketrygda ved innføring av fritt sjukehusval skal takast inn ved ei heving av den alminnelege eigendelen ved sjuketransport med 5 kr. Dette vart vedteke under budsjetthandsaminga hausten 1999.

Fritt sjukehusval etter ny lov om pasientrettar omfattar forutan offentlege sjukehus også dei distriktspsykiatriske sentra i heile landet. Med offentleg meiner ein dei sjukehusa eller dei distriktspsykiatriske sentra som går inn under regional helseplan. Inn under sjukehus fell også poliklinikk som tilhøyrer sjukehuset sin organisasjon, sjølv om poliklinikken er fysisk skild frå sjukehuset. Dekking av reiseutgifter ved fritt sjukehusval gjeld såleis også ved poliklinisk behandling.

Aud Blattmann hadde her overtatt presidentplassen.

Olav Gunnar Ballo (SV): Jeg tolker statsrådens svar dit hen at den praksis man har lagt seg på i Telemark, ikke er i tråd med de retningslinjene som eksisterer i dag. Pasienter som på grunn av lang ventetid ikke blir behandlet ved Telemark sentralsjukehus, sendes nå til Rjukan, der man har vesentlig kortere ventetid for ortopediske inngrep, og de vurderes der også poliklinisk. Det er ikke pasientenes skyld at det er forskjell i ventetiden. Det er en prioritering man også har gjort ved de ulike sykehus. Etter mitt syn er det klart urimelig at pasientene skal måtte bære kostnadene for den reisen selv.

Jeg vil spørre statsråden om hun er enig i den vurdering at det må være urimelig at pasientene skal måtte bære en merkostnad som er en konsekvens av bedre ressursbruk ved at man behandler dem der ventetiden er kortest innenfor det fylket.

Et tilleggsspørsmål: Vil statsråden se på de ulike retningslinjene for refusjon av reisekostnader, slik at man unngår denne type urimelige utslag?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg kjenner ikkje godt nok den konkrete saka som er utgangspunktet for oppslaget i Varden.

Telemark er etter 1. februar 1999 med i Helseregion sør. Før dette tidspunktet var Telemark med i helseregion 2. Telemark var tidleg ute med vedtak om fritt sjukehusval. Dersom dei fylkeskommunale retningslinjene er følgde, har vedkomande krav på å få dekt reiseutgiftene. Dersom vedkomande sjølv på fritt grunnlag har valt kor ein ynskjer å bli behandla, vil ikkje det same kravet kunna gjerast gjeldande. Men eg skal syta for at begge spørsmåla frå representanten Ballo bli følgde opp og undersøkte nærare. Det synest eg er rimeleg.