Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet oppnevnte
høsten 1999 medlemmer i en arbeidsgruppe som skal utrede
organisering og dimensjonering av det statlige spesialpedagogiske
støttesystemet for hørselshemmede.
Hva er bakgrunnen for og hensikten med at styret
for statlige spesialpedagogiske kompetansesentre har oppnevnt to
andre arbeidsgrupper som skal utrede samlokalisering og kompetansesentrene
i henholdsvis Bergens-området og Oslo før Sunnanå-utvalget
har utredet hørselssentrenes arbeidsomfang og behov?»
Statsråd Jon Lilletun: Bakgrunnen for at styret oppretta desse to
arbeidsgruppene som representanten Dørum viser til, var
den bemanningsreduksjonen frå 1. august 1999 som Stortinget
vedtok ved handsaminga av St.meld. nr. 23 for 1997-98. Målet
for dei to arbeidsgruppene var å utgreie ulike modellar
for samhandling og eventuell samlokalisering i Oslo og Bergen, slik
at ein kunne oppnå fagleg og økonomisk gevinst
ved innsparingar i administrasjonsutgifter og husleigekostnader.
Styret for det statlege spesialpedagogiske
støttesystemet har ansvaret for at tildelte midlar vert
forvalta på ein slik måte at mest mogleg av ressursane
går til produksjon av tenester til barn, unge og vaksne
med særskilde opplæringsbehov. Styret må difor
sjå til at verksemda er driven rasjonelt og effektivt.
Driftsutgifter som ein sparer inn, vil verte overførte
til auka tenesteproduksjon på kommunenivå, slik
at dei kan komme brukarane til gode.
Som kjent tok ein i St.meld. nr. 23 ikkje opp
spørsmålet om reduksjon av bemanninga ved hørselssentra,
og eg vil understreke at det ikkje har vore lagt fram planar om å gjere
endringar i bemanninga ved desse sentra før Sunnanå-utvalet
legg fram si innstilling. Men reduksjon av tilsette, m.a. ved to
senter for samansette lærevanskar og eit senter for språk-
og talevanskar i Oslo og Bergen frå 1. august 1999,
førte med seg eit mindre arealbehov for sentra i desse
byane. Erfaringar så langt viser at det er mogleg å oppnå omfattande
husleigereduksjonar ved ei betre utnytting av arealet. Samstundes
låg det til rette for å sjå på eit
nærare fagleg og administrativt samarbeid mellom nærliggjande
senter.
Allereie våren 1999 starta styret
opp eit forarbeid med reforhandlingar av husleigeavtalane i heile
verksemda, og ei av oppgåvene var å sjå på ulike
modellar for ei meir rasjonell drift av dei fire sentra i Oslo og
dei to sentra i Bergen. Som ledd i dette arbeidet vart to arbeidsgrupper nedsette
på styremøtet i september 1999. Oslogruppa var leia
av tidlegare ekspedisjonssjef Oddvar Vormeland og Bergensgruppa
av tidlegare utdanningsdirektør Per Kvist.
Rapporten frå dei to arbeidsgruppene
skal styret handsame i mars d.å. for å sjå på moglege
tiltak for ei rasjonalisering av husleige og drift i Oslo og Bergen.
Sjølv om det vart sett ned ei gruppe
12. oktober 1999 for å utgreie det statlege spesialpedagogiske
støttesystemet for hørselshemma, det såkalla
Sunnanå-utvalet, såg styret det likevel som naudsynt å arbeide
vidare med vurdering av ressursutnytting generelt og arealutnytting
spesielt etter den store reduksjonen av tilsette ved fleire senter
1. august 1999, m.a. i Oslo og Bergen.
Departementet ser det som viktig at styret
kontinuerleg arbeider for at dei tildelte midlane i størst
mogleg grad kjem brukarane til nytte, og at utgifter til administrasjon,
drift og husleige vert haldne på eit rasjonelt, effektivt
og forsvarleg nivå.
Rapportane frå dei to utvala ligg
no føre, og styret vil gje sine tilrådingar til
departementet om kva som skal gjerast vidare. Departementet føreset
at styret sitt arbeid med vurdering av administrasjons- og driftsutgiftene
til sentra i Oslo og Bergen ikkje medfører tiltak som vil
binde arbeidet til Sunnanå-utvalet.
Eg ser det som lite aktuelt å gjere
vesentlege endringar ved hørselssentra før Sunnanå-utvalet
legg fram si innstilling.
Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for svaret.
Jeg ser det som positivt at statsråden
vil stå helt fritt når det gjelder å vurdere
hørselssentrenes lokalisering og framtid, at man ikke skal
være bundet av de to utredningene som nå foreligger.
Så vidt jeg vet, er man innstilt på at man slutter
seg til at sentrene skal samlokaliseres, slik som de to arbeidsgruppene
foreslår.
Men statsråden må forstå at
dette skaper stor uro i en sektor hvor det allerede har vært
mye uro. Derfor var svaret hans i så måte beroligende.
Jeg syns også det er riktig at man skal utnytte ressursene
så effektivt og bra som mulig, og i den forbindelse vil
jeg be statsråden se litt nærmere på de
midlene som går til drift av styre, sekretariat osv. Så vidt
jeg vet, beløper det seg til 20 mill. kr, og det er mye
til administrasjon. Man burde kanskje se nærmere på dette,
at mer bør gå til effektiv drift av sentrene.
Statsråd Jon Lilletun: Eg er glad for at representanten Dørum
var tilfreds med svaret og har tillit til arbeidsprosessen vår.
Eg er samd med representanten Dørum i at det er forståeleg
at det lett vert uro etter ganske så mange år
med ein del utryggleik i denne sektoren. No må eg seie at
det dei siste åra har vore mindre uro, men eg føler
meg absolutt trygg når representanten Dørum her
følgjer med og forsikrar seg om at vi ikkje gjer nokon
feilskjer.
Når det gjeld det beløpet
representanten nemner vert brukt til administrasjon, høyrest
det talet stort ut. No minner eg om at vi i ein overgangsfase vart
einige om at ein skulle halde fram både frå Hamar
og Molde. Det er òg ein del andre forhold som ligg til
grunn, men eg lover at vi òg skal sjå på den
biten i samanheng med dei andre konklusjonane vi no skal trekkje.
Presidenten: Spørsmål 17 vil
bli svara på seinare.