Dag Danielsen (Frp): Jeg har følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Oslo kommune har ifølge
mine opplysninger sendt brev sammen med tre andre storbyer, datert
13. august 1999, med påfølgende purringer, vedrørende
dekningen av kommunens ekstra ikke-refunderte kostnader som følge
av innføring av 6-års reformen (Reform 97), uten å ha fått
svar.
Vil statsråden sørge for
at svar blir gitt snarest, og at Oslo kommune og landets øvrige
kommuner vil få dekket ekstrakostnader som følge
av innføringen av Reform 97?»
Jeg må få lov til å korrigere
dateringen av det brevet jeg etterspør. Riktig dato skal
være 17. februar 1999. Jeg har gitt statsråden
beskjed om dette, og jeg beklager det eventuelle merarbeidet dette
har påført departementet.
Statsråd Jon Lilletun: Det er rett at departementet har fått
eit brev frå Oslo, Kristiansand, Trondheim og Tromsø kommunar
som dreiar seg om investeringsstøtta i samband med Reform
97. Eg seier meg lei for at kommunane enno ikkje har fått
skriftleg svar, men ein måtte avvente Stortinget si handsaming
av Riksrevisjonen sin rapport. Eg vil no syte for at dei får
svar snarast råd er.
Når det gjeld spørsmålet
om desse og andre kommunar har hatt ekstrakostnader til investeringar
i samband med Reform 97 som skulle vore dekte av den statlege kompensasjonen,
men ikkje er det, vil eg vise til at Reform 97 er ei særs
gjennomrekna reform på investeringssida.
Investeringskompensasjonen til kommunane byggjer på ei
investeringsramme basert på objektive kriterium og eit
berekningsgrunnlag. Det har med andre ord ikkje vore lagt opp til
noka refusjonsordning. Saka har vore lagd fram for og behandla av
Stortinget ved fleire høve, og Stortinget har slutta seg
til denne måten å kompensere reformrelaterte meirkostnader
til investeringar på. Departementet har informert kommunane
om dette.
Riksrevisjonen la før jul fram ein
forvaltningsrevisjonsrapport, Dokument nr. 3:10 for 1998-99, Riksrevisjonens
undersøkelse av tilskuddene til skolelokaler og skolefritidsordningen
i Reform 97, som vart behandla av Stortinget 3. desember 1999. Eg
vil sitere frå Riksrevisjonens fråsegn om denne
saka:
«Riksrevisjonen
konstaterer at departementet og mange kommuner har ulike oppfatninger
om hva som er fornuftige og rimelige forutsetninger for full kompensasjon, … og
at flere kommuner i ulike sammenhenger har etterlyst nærmere
presisering, utdyping og klargjøring av forutsetningene
for kompensasjonsmodellen.»
Riksrevisjonen peiker elles på at
det er viktig å ta med seg erfaringane frå arbeidet
med Reform 97 i arbeidet med framtidige reformer der fleire forvaltningsnivå er
involverte. Dette er eg heilt einig i.
Når det gjeld den økonomiske
kompensasjonen for meirkostnader til investeringar i samband med
Reform 97, ser eg på saka som avslutta etter Stortinget
si behandling av rapporten frå Riksrevisjonen.
Dag Danielsen (Frp): Jeg takker statsråden for det positive
i svaret hans, som innebærer at kommunene nå vil
få svar så snart som mulig.
Når det gjelder detaljene i innholdet
i svaret, må vi avvente det og se hvilke konkrete detaljer
som fremkommer der når vi skal vurdere om svaret vil være
tilfredsstillende. For det er et faktum at det er stor uenighet
mellom flertallet av kommunene i landet og departementet om dekning
er gitt. Blant annet har kontroll- og konstitusjonskomiteen påpekt
at det er riktig at kommunene skal ha full dekning for de merutgiftene
som reformen medfører.
Det har også vært rettet
kritikk fra Riksrevisjonens side for måten oppfølgingen
av Reform 97 har skjedd på. Riksrevisjonen har også konstatert
at departementet og mange kommuner har ulike oppfatninger om hva
som er fornuftige og rimelige forutsetninger for full kompensasjon.
Men dette vil vi komme tilbake til når svaret er avgitt.
Hans J. Røsjorde hadde
her gjeninntatt presidentplassen.
Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg kommentere at representanten
Danielsen sa seg lei for at det var brukt feil dato på brevet
i spørsmålet, og eg set sjølvsagt pris
på at det vart retta opp. Då vil eg kvittere med å seie
at då Riksrevisjonens rapport vart behandla her i desember, burde
svaret sjølvsagt alt vore sendt frå oss. Difor
gjentek eg at det skal skje «snarast råd er».
Når det gjeld realitetane som Dag
Danielsen var innom, er det viktig å halde fast på at
det finst to typar prinsipp for statleg finansiering. Det eine er
refusjonsordning, det andre er etter objektive kriterium. Det var
eit eige utval, Hervik-utvalet, som gjekk gjennom dette, og departementet
har halde seg heilt i samsvar med utvalet. Så er det likevel
ei usemje, som representanten Danielsen seier. Det har Riksrevisjonen
peika på, men den har ikkje trekt andre konsekvensar av
det enn at ein må sjå på forvaltninga
ved eit seinare høve. Det vil departementet gjere.