Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1999 kl. 10

Dato: 17.11.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 20

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«11 skoler i Oslo er helt eller delvis stengt på grunn av helsefare, viser en oversikt fra vernetjenesten. I tillegg står en rekke andre skoler i fare for å bli stengt. Også i andre deler av landet er det mange eksempler på nedslitte og helsefarlige skolebygninger.

Hvordan vurderer statsråden denne situasjonen, og hva mener han bør gjøres for å bedre på disse uverdige forholdene?»

Statsråd Jon Lilletun: Arbeidsmiljølova av 4. februar 1977 nr. 4 er det viktigaste regelverket for arbeidsmiljøet i skulen. Eg reknar det som sjølvsagt at kommunane som arbeidsgjevarar fylgjer arbeidsmiljølova for alle sine verksemder, også skulen.

I utgangspunktet gjeld arbeidsmiljølova ikkje for elevane, sjølv om desse får eit indirekte vern ettersom elevar og lærarar ofte held til i dei same lokala og vert utsette for dei same helsepåkjenningane. Dette vernet vil likevel ikkje alltid vere til stades når elevar og lærarar oppheld seg frå kvarandre.

På denne bakgrunnen er forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular utarbeidd for å ta vare på dei spesielle interessene til elevane.

I forskrift av 1. desember 1995 nr. 928 om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. er det gjeve reglar om bruken av bygningar og utstyr i skuleverket, inklusiv nybygg. Det grunnleggjande prinsippet i forskrifta er at verksemda skal vere helsemessig tilfredsstillande.

Ansvaret er delt mellom eigar av verksemda – i dette tilfellet kommunen – og leiar av verksemda – rektor. Rektor har ansvaret for å sjå til at reglane i forskrifta vert fylgde, og kommunestyret kan gje rektor pålegg. Kommunen har ansvaret for at det er sett i verk eit internt kontrollsystem.

I samband med handsaminga av Dokument nr. 8:14 for 1995-96, 21. mars 1996, jf. Innst. S. nr. 144 for 1995-96, gjorde Stortinget fylgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen utarbeide bestemmelser i lovverket for å ivareta det fysiske arbeidsmiljø for elever i tråd med de bestemmelser som gjelder for vanlige arbeidstakere.»

På denne bakgrunnen vart det peika ut ei arbeidsgruppe med representantar frå Kommunal- og regionaldepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Finans- og tolldepartementet. Gruppa er leidd av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Mandatet til arbeidsgruppa har vore å greie ut rettstilstanden når det gjeld det fysiske arbeidsmiljøet til elevane og vurdere om det er behov for meir rettsleg regulering.

Arbeidsgruppa meiner at krava til arbeidsmiljøet til eleven samla sett er tilfredsstillande, og at det kan synast som om det fyrst og fremst er praktiseringa av desse krava som vil avgjere om elevane får eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsgruppa tilrår difor at ein kartlegg korleis kommunane praktiserer forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular og på dette grunnlaget vurderer om det er behov for skjerping av krava til arbeidsmiljøet til elevane.

Sosial- og helsedepartementet har sett i gang ei slik evaluering, og ein førebels rapport skal liggje føre innan utgangen av desember. Den endelege evalueringa er venta fullført med ein sluttrapport seinast i januar 2000.

Gjennom dette arbeidet vil ein få oversikt over korleis tilstanden faktisk er i skulane, og korleis regelverket verkar i dag. Dette vil gje eit godt grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i regelverket.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Det viser seg altså i praksis at det ikke er nok med rettslige reguleringer og krav i forhold til arbeidsmiljøloven når vi ser hvordan situasjonen er, bl.a. i Oslo-skolene – kanskje særlig i Oslo-skolene. Det at elever blir syke av å gå på skolen, hører jo ingen steder hjemme. Det må vi gjøre noe med ganske raskt.

Det viser seg at vedlikehold av skolebygninger i mange år har vært salderingspost i de kommunale budsjetter. Jeg tror derfor at det ikke er nok med rettslige reguleringer, man må se på andre tiltak også. Hvordan vurderer statsråden, som et tillegg til rettslige reguleringer, å sette i gang stimuleringstilskudd, eventuelt øremerkede tilskudd, for å sette kommunene i stand til å ruste opp de skolene som så sårt trenger det?

Statsråd Jon Lilletun: Eg er heilt samd med representanten Dørum i at det ikkje høyrer nokon plass heime at elevar vert sjuke på grunn av skuleanlegga. Samstundes veit vi at vi har eit system der kommunen, skuleeigaren, er ansvarleg både for bygging og vedlikehald av skulane. Med det overføringssystemet vi har, er det ikkje lett å sjå korleis ei slik stimuleringsordning skulle organiserast. Det ville lett verte slik at ein gav særskild hjelp til dei som har det dårleg i dag, og som kanskje har forsømt seg undervegs, mens dei som har gjort jobben sin, ikkje får del i desse stimuleringstiltaka.

Det som vi vil vurdere når evalueringa er ferdig, er om det skal setjast inn ein heimel for sentrale pålegg, slik at ansvaret framleis ligg ute, men om ein ikkje fylgjer opp det, kan sentrale pålegg kome. Det meiner eg er ei nødvendig vurdering som skal takast av oss, og det trur eg kanskje er det verkemiddelet som kan nyttast.