Stortinget - Møte mandag den 20. desember 1999 kl. 12

Dato: 20.12.1999

Dokument: (Innst. S. nr. 54 (1999-2000), jf. St.meld. nr. 36 (1998-1999))

Sak nr. 2

Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning

Talarar

Votering i sak nr. 2

Se også behandlingen av sak nr. 2 på formiddagsmøtet.

 

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg gjerne få lov å takke både saksordføraren og komiteen for ei framtidsretta innstilling i forhold til eit viktig tema.

Det er med glede eg kan konstatere at det er høg grad av semje om arbeidet med dimensjoneringa av studiekapasiteten i høgre utdanning. Som komiteen peikar på, vil prinsippa for dimensjonering av studieplassar verte drøfta på ny i lys av innstillinga frå Mjøs-utvalet. I mellomtida vil Regjeringa arbeide etter dei retningslinene som er nedfelte i denne meldinga og i innstillinga.

Søkjarane skal i størst mogleg grad få ta den utdanninga dei vil, og helst der dei ynskjer det, men dette må balanserast mot omsynet til å skaffe nok kvalifiserte arbeidstakarar i heile landet ved å sikre ei regional fordeling av studieplassar. Det gjeld viktige felt som helsevesen, skule og barnehage, men òg informasjonsteknologi og anna næringsretta verksemd. Eg merkar meg at det er tilslutning til sentral etablering av studium samfunnet har spesielt behov for. Eg minner om at meldinga syner at den studiekapasiteten som no er etablert, om få år vil kunne gje ei tilstrekkeleg mengd medarbeidarar i yrke der det framleis er mangel på fagfolk. Dette byggjer på ei rekkje føresetnader, og størst uvisse kan vere knytt til studentsøkinga. Informasjons- og rekrutteringsarbeid vil difor verte ei viktig oppgåve.

Kompetansereforma og internasjonalisering er utfordringar som stiller nye krav til institusjonane. Berre livskraftige institusjonar kan gje eit likeverdig utdanningstilbod i heile landet. Universitet og høgskular treng handlingsrom for å sikre fagleg utvikling og utvikling av omstillingsevne. Departementet sender no ut melding til høgskulane om at dei får utvida fullmakt til sjølve å opprette studium opp til eit visst nivå. Dette styrkjer deira evne til å møte nye krav og etterspurnaden etter nye studieopplegg. Komiteen legg vekt på fleksibilitet, m.a. ved auka bruk av tidsavgrensa tilsetjing etter dei retningsliner meldinga dreg opp.

Eg konstaterer at det er semje om at det kan verte naudsynt å redusere talet på studieplassar der kapasiteten er høg og student- og kandidatveksten har vore stor, og at dette gjeld både allmennfakulteta ved universiteta og studium ved høgskulane. Eg er samd i dei omsyna komitefleirtalet strekar under om regional balanse i utdannings- og forskingsaktivitetar, og at desentraliserte tilbod er særleg viktige for dei som på grunn av arbeid og familie har vanskar med å flytte til etablerte studiestader.

Eit fleirtal ber departementet vurdere ordninga med studiefinansiering for privatistar i lys av dei nye ordningane for vaksne som tek etter- og vidareutdanning. Det vil departementet ta med i arbeidet med studiestøtte.

Stortinget vert i dag invitert til å vedta å be Regjeringa fremje forslag om tiltak for å auke kapasiteten til medisinarutdanninga og leggje dei nye studieplassane til universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø. Eg viser til at ein slik auke er i samsvar med Regjeringa sine vurderingar i stortingsmeldinga. Opptaket til medisinarutdanninga er allereie auka monaleg ved alle universiteta gjennom 1990-talet, frå eit samla årleg opptak på 310 studieplassar i 1990 til ein kapasitet for opptak på 590 studieplassar i 1999.

For å føre vidare denne auken i opptakskapasitet må det opprettast nye studieplassar kvart år fram til og med 2003. For å gjennomføre auken er alle universiteta tildelte særskilde midlar til utstyr både i 1998 og 1999. Vidare er det gjeve særskilde løyvingar for å kompensere behov for desentralisering av undervisninga ved Universitetet i Bergen og til utbygging av universitetsareala ved Regionsjukehuset i Tromsø.

Eg vil så snart råd er, setje i gang det arbeidet Stortinget her ber om. Utbygginga krev løysing av problem som har med både økonomi-, lokal- og personelltilhøve å gjere. Eg vil drøfte desse spørsmåla med dei universiteta det gjeld, og vil kome attende til Stortinget med saka.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Synnøve Konglevoll (A): Mitt spørsmål dreier seg om det siste statsråden var inne på.

Bare på ett område gjør vi et helt konkret vedtak i dag, og det gjelder legeutdanninga. Sjøl om det ikke uttrykkes skriftlig i merknadene, kan det likevel ikke være tvil om at det er et vedtak som bl.a. har sin bakgrunn i det Regjeringa har foreslått og fått støtte i Stortinget for, det at vi skal reetablere legeutdanninga på SiA, Sentralsykehuset i Akershus. Over hele landet har dette utløst negative reaksjoner. Man er spesielt bekymret for at det vil bli en enda sterkere sentralisering når det gjelder rekruttering av fagfolk. I budsjettinnstillinga til sosialkomiteen, som også har tatt opp dette, mener et flertall bestående av Arbeiderpartiet, sentrumspartiene samt SV, at den uroen som man ser over hele landet, må man ta på alvor. Flertallet påpeker at det er viktig å sette i verk tiltak som kan motvirke en økt sentralisering som følge av at SiA nå vil styrkes gjennom å få status som universitetsklinikk. Én ting er at man skal øke kapasiteten, men det må gjøres på en slik måte at man sørger for at disse miljøene er attraktive arbeidsplasser, at man kan rekruttere fagfolk dit, noe som er den største flaskehalsen i legeutdanninga. Jeg er glad for at statsråden varsler at han skal komme til Stortinget med dette, men han sa ikke noe om når han skulle komme tilbake. Jeg vil derfor gjerne få vite på hvilken måte han har tenkt å komme tilbake, helst så raskt som mulig, for å unngå sentralisering.

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur det er rett som representanten Konglevoll seier, at det har skapt ei sterk uro at ein har utvida kapasiteten ved SiA til òg å omfatte medisinarutdanninga, slik som tidlegare. No vil eg minne om at det ikkje er snakk om eit nytt fakultet, det er ein del av Universitetet i Oslo, og ein skal i tillegg leggje opp til ein desentralisert modell, som liknar på vestlandsmodellen, òg ved andre sjukehus i denne helseregionen. Så det er ikkje fullt så dramatisk som det kan verke ved fyrste augneblink, men samstundes hjelper det oss til å få auka kapasiteten, noko som er viktig. Eg er difor glad Stortinget einstemmig har slutta seg til det. Men det er klart at den saka som representanten Konglevoll tek opp, er viktig, noko som er veldig klart uttrykt i sosialkomiteens merknad, som representanten sa. Eg deler dei synspunkta som står i den merknaden. Eg har òg merka meg kva kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen seier. Eg vil kome tilbake til Stortinget med saka, og den mest naturlege staden vil vere i budsjettproposisjonen. Det er, som eg sa i mitt innlegg, store ting som skal løysast her, òg på den økonomiske sida, og då må budsjettproposisjonen vere den rette staden, så det er det siktemålet som eg arbeider i forhold til.

Ursula Evje (Frp): Nå har vi hørt relativt mye om legeutdanning og spesielt konfliktene ved opprettelse av 30 medisinstudieplasser ved SiA.

Det jeg imidlertid er mer opptatt av, og som det ser ut til at vi er i ferd med å glemme, har med lærerutdanningen å gjøre. Jeg refererer spesielt til VGs artikkel den 17. desember hvor overskriften lyder: «Lærerstudentene slakter lærerutdanningen». Jeg har ved flere anledninger fra denne talerstol tatt opp temaet undervisning i sosial kompetanselæring og hvordan man takler atferdsproblemer. Nå sier disse lærerstudentene at dette får de faktisk ingenting av.

I Norsk Skoleblad nr. 33 den 4. desember har Ogden en artikkel hvor han spør om det ikke snart er på tide å starte sosial kompetanselæring i skoleverket. Og Peder Haug ved Høgskulen i Volda snakker om anarki i lærerutdanningen, frosne ideologier, tradisjoner og egne kulturer som nye lar seg binde opp i og ikke klarer å bryte ut av. Det de sier, er – med mine ord – at for det første er utdanningen gammeldags, den er stivnet, den er ikke i stand til å fornye seg, og den mangler vesentlige element i et så komplisert samfunn som det vi har i dag.

På bakgrunn av at statsråden ønsker å opprettholde antall studieplasser og stort sett ønsker å opprettholde status quo på det meste, er mitt spørsmål om han tar dette inn over seg og gjør noe med det i forhold til lærerutdanningen både på kort og lang sikt.

Statsråd Jon Lilletun: Saka som representanten Evje tek opp, er sjølvsagt viktig, vi treng ei god lærarutdanning.

Når det gjeld dei oppslaga som representanten Evje viste til om at lærarstudentane slaktar lærarutdanninga, vil eg minne om at det gjeld nokre utplukka enkeltstudentar og ikkje eit representativt organ for lærarstudentane. Og det som kanskje er viktigare, er at det er ei utdanning som no er endra, dei uttalar seg om. Ny utdanning vart behandla her i Stortinget i 1996 og har vore sett i gang frå studieåret 1998, og om to år kjem dei første studentane ut frå den utdanninga. Difor er det faktisk gjort ei rekkje grep på bakgrunn av ei brei utgreiing, og på bakgrunn av behandlinga her i Stortinget er det vidareført av departementet. Så med ein så stor gjennomgang av lærarutdanninga nyleg meiner eg vi må prøve ut det som no er sett i gang ved høgskulane. Det vil ikkje seie at ein ikkje der kan implementere meir av f.eks. sosial kompetanselæring, der ei rekkje program som har vore utprøvde no, kan implemeterast.

I Dagbladet i dag er det eit oppslag der det står at vi i og for seg har prøvd ut meir enn dei fleste land når det gjeld tiltak mot mobbing, men vi må samtidig erkjenne at vi slit med å finne ut kva det eigentleg er som gjev effekt, og vi må innrømme at der står det ein god del arbeid igjen. Så difor: Lærarutdanninga er faktisk endra, og det vil bli følgt opp på ansvarleg måte frå departementet.

Inge Lønning (H): Jeg siterte tidligere i debatten komiteens enstemmige uttalelse om at meldingen representerer «et skritt i retning mot en mer langsiktig og strategisk tilnærming til vurdering av studiekapasiteten», og at dette er en riktig retning å gå i.

Nå har den dissens som er til stede i innstillingen når det gjelder dimensjonering av medisinerutdanningen, vært fremme i et par innlegg. Jeg kunne tenke meg å spørre statsråden om han deler min vurdering, at det å legge den tradisjonelle rivalisering mellom de norske utdanningsinstitusjonene til grunn for utbygging av kapasiteten, i hvert fall ikke er en strategisk og langsiktig tilnærming. Vi har pekt på i forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre at det har skjedd en dramatisk endring når det gjelder antallet norske studenter som de siste årene tar legeutdanning utenlands, og det har ikke noe å gjøre med det oppkjøp av studieplasser som staten har drevet med tidligere. Dette er studenter som på eget initiativ og egen kostnad tar utdanningen. Så jeg vil spørre statsråden om hans departement har noen oppdatert oversikt, om man vet hvor mange norske studenter som er i gang med legeutdanning utenlands, og hvorledes dette vil influere når det gjelder tilgangen på nye leger i de nærmeste seks-syv år er den tid det tar å fullføre som et medisinstudium.

Det andre jeg vil nevne, har nær tilknytning til dette spørsmål: Høyre og Fremskrittspartiet har også en fellesmerknad hvor vi peker på at det er uhensiktsmessig ikke bare å drive med oppkjøp av studieplasser ute, men også å målrette stipendordningen, som departementet sier at man vil, i retning av de studieplassene som det er underskudd på hjemme i Norge. Vår oppfatning er at dette er en lite fremtidsrettet, lite langsiktig og lite strategisk politikk.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er heilt samd med representanten Lønning i at ein treng ein langsiktig strategi i forhold til høgare utdanning. Det gjeld òg medisinstudiet.

Vi må erkjenne i fellesskap at sist ein korrigerte kursen monaleg, korrigerte ein feil då ein bl.a. tok vekk medisinarutdanninga ved SiA. Då bygde ein òg på prognosar som i og for seg såg tilforlatelege ut – ein kan ha mange meiningar om kvifor dei såg slik ut.

Det er nok departementets meining – eg oppfattar at det òg er meininga til fleirtalet i stortingskomiteen – at vi i størst mogleg grad treng å ha ein tilstrekkeleg kapasitet i Noreg for det behovet vi har for medisinarar. Det betyr ikkje at det ikkje òg i framtida vil vere enkelte studentar som tek si medisinarutdanning ute, men eg trur at det er viktig at vi lagar ein strategi der vi prøver å dekkje mest mogleg av det behovet vi har, med utdanning i Noreg.

Så må eg nok erkjenne at eg på ståande fot ikkje har det talet som representanten Lønning spør etter, men eg skal syte for å ta kontakt med Lånekassa, som nok er dei som har det, for å få det fram. Eg skal òg love, på vegner av departementet, at når denne saka om medisinarutdanninga kjem tilbake til Stortinget, som det er bede om, skal den dimensjonen som Høgre og Framstegspartiet – no framført av Lønning – spurde etter, vere med, slik at informasjonen er der, sjølv om eg sjølvsagt kjem til å leggje opp politikken i forhold til det som eit fleirtal i komiteen har sagt.

Så rakk eg ikkje det siste, det får eg heller kome tilbake til.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk, heller ikke til den ordinære debatten – og dermed er debatten i sak nr. 2 avsluttet.

(Votering, se side 1589)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det satt fram tre forslag. Det er:

  • forslag nr. 1, fra Ursula Evje på vegne av Fremskrittspartiet og Høyre

  • forslagene nr. 2 og 3, fra Ursula Evje på vegne av Fremskrittspartiet

Det vil først bli votert over forslagene nr. 2 og 3, fra Fremskrittspartiet.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen om å fremme sak med forslag til et alternativt finansieringssystem innen høyere utdanning, der pengene følger studenten.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber Regjeringen om å endre reglene for gebyrstipend slik at stipendet dekker 80 pst. av skolepengene ved studier i utlandet.»

Votering:Forslagene fra Fremskrittspartiet ble med 82 mot 15 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 17.47.41)

Presidenten: Det voteres så alternativt mellom innstillingens I og forslag nr. 1, fra Fremskrittspartiet og Høyre.

Forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre lyder:

«Stortinget ber Regjeringen om å utarbeide en vurdering av det samlede behov for nyutdannede leger de neste 15-20 årene og på det grunnlag å legge frem forslag om nødvendige tiltak for å øke kapasiteten ved de norske utdanningsinstitusjonene.»

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om tiltak for å øke kapasiteten til legeutdanningen og legge de nye studieplassene til Bergen, Trondheim og Tromsø.

Votering:Ved alternativ votering mellom komiteens innstilling og forslaget fra Fremskrittspartiet og Høyre bifaltes innstillingen med 68 mot 30 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 17.48.10)Videre var innstillet:

II

St.meld. nr. 36 (1998-1999) – om prinsipper for dimensjonering av høgre utdanning – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.