Stortinget - Møte onsdag den 13. februar 2002 kl. 10

Dato: 13.02.2002

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Ulf Erik Knudsen til kultur- og kirkeministeren, vil bli tatt opp av representanten Karin S. Woldseth.

Karin S. Woldseth (FrP): «Statsråden har sikkert registrert at byggingen av ny opera blir vesentlig dyrere enn hva man tidligere har antatt. 3,7 mrd. kr er nå antatt å bli den nye prislappen. Da Stortinget vedtok operaprosjektet, forelå det et kostnadsanslag på 1,8 mrd. kr.

Hvordan kan statsråden forsvare en videre fremdrift av prosjektet i lys av disse enorme overskridelser når man ser på hvilke alternativ man kan bruke disse beløpene på?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det nye operahuset i Bjørvika skal bli eit hus for heile landet. Det er på høg tid at vi får eit operahus i Noreg. Når diskusjonen med jamne mellomrom kjem opp om vi bør bruka pengar på eit operahus, minner eg om at vi i det rike Noreg faktisk brukar lite midlar på kulturbygg totalt sett. Vi har lite å visa til i forhold til andre land det er naturleg å samanlikna oss med. Det er ikkje slik at det er dei statlege midlane til kultur som hindrar oss i å realisera andre gode formål i landet vårt.

Det kostnadsoverslaget som Stortinget fekk presentert i operaproposisjonen i 1999, var eit basisestimat, ein kostnadskalkyle, på 1,8 milliardar kr i 1999-prisar. Etter arkitektkonkurransen vart det utarbeidd eit nytt kostnadsoverslag, som Stortinget vart orientert om i budsjettproposisjonen for 2000. Det nye overslaget var på 2 050 mill. kr, det òg i prisnivået frå 1999. I tillegg vart det lagt opp til at Kulturdepartementet og Arbeids- og administrasjonsdepartementet i samråd med Finansdepartementet kunne disponera ein reserve for forprosjektet på 110 mill. kr. Dette gav eit øvre kostnadsoverslag for prosjektutviklinga på 2 160 mill. kr i 1999-prisar.

I operaproposisjonen i 1999 vart det òg streka under at det er den reelle prisveksten i byggjemarknaden som skal leggjast til grunn for prisomrekninga. Den operaproposisjonen som skal leggjast fram for Stortinget våren 2002, vil følgjeleg ta utgangspunkt i eit overslag som er reelt prisomrekna til 2002-tal.

I tillegg skal det vera ei avsetjing til uvisse. Dette var Stortinget på det reine med under handsaminga av saka i 1999. Om fastsetjinga av kostnadsramme uttala fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen:

«Flertallet har merket seg at de oppgitte kostnadsanslag på nåværende stadium derfor inneholder for stor usikkerhet og at de heller ikke omfatter de reserver/marginer en bindende kostnadsramme må ha, slik at denne først kan fremmes for Stortinget etter at forprosjektet er utarbeidet. Flertallet slutter seg til dette.»

Eg vil ikkje gå nærare inn i nokon taldiskusjon i dag. Det er operaproposisjonen som skal presenterast for Stortinget i vår, som skal gi grunnlag for den vidare diskusjonen.

Karin S. Woldseth (FrP): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg synes jo akkurat dette med tall begynner å bli ganske vesentlig når vi hører om overskridelsene. La gå at det var et anslag på litt i overkant av 2 milliarder kr, men det vi ser nå, er et bygg til 3,7 milliarder, som det kan ende som, og da er verken infrastruktur eller veier inkludert. Hva denne prisen vil bli i 2008, er fremdeles uvisst.

Når får Stortinget en sak som viser årsaken til at overslagene ikke holder? Og når får vi et nytt og reelt kostnadsoverslag, inkludert infrastruktur?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst vil eg understreka at då Stortinget handsama denne saka i 1999, var det viktig for Stortinget å halda operaprosjektet for seg og infrastrukturen, saman med byutvikling, for seg. Det som er mi oppgåve er å koma til Stortinget med dei reelle kostnadene etter at eit forprosjekt er gjennomført, noko vi no er i ferd med å gjennomføra. I løpet av våren kjem representanten til å få desse tala på bordet, og så er det Stortinget som i neste omgang som skal ta avgjerda om den vidare gjennomføringa av operaprosjektet.

Karin S. Woldseth (FrP): Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Det å få et operahus til 3,7 milliarder kr opprører store deler av det norske folk når det finnes så mange uløste oppgaver ellers i samfunnet, både innenfor eldreomsorg, helse og skole. Prislappen på et operabygg vil antagelig ende oppunder 5 milliarder kr i 2008 og vil komme en svært liten del av den norske befolkningen til gode.

Jeg vil derfor spørre statsråden til slutt: Vurderer statsråden å finne et billigere alternativ, eventuelt en annen beliggenhet, eller eventuelt å fryse prosjektet?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: For det fyrste: I tilleggsspørsmålet frå representanten Woldseth ligg det ein del konklusjonar som i alle fall ikkje eg kan trekkja enno – både at prisen skal bli 3,7 milliardar kr, og at ein til slutt endar opp med 5 milliardar kr. Dette kjem vi tilbake til Stortinget med.

Det andre er at Karin S. Woldseth seier at det er svært få som vil få glede av operabygget. Då vil eg minna representanten om at dette bygget vil få store konsekvensar for operalivet i heile Noreg. Det er viktig å desentralisera ein effekt i forhold til at ressursane som blir lagde inn der, vil få ringverknader i alle dei områda i Noreg der vi allereie no har ulike operaoppsetjingar. I tillegg vil reiseverksemd føra til at ein òg i andre delar av Noreg får glede av dette operabygget. Sjølve bygget ligg i Oslo, men konsekvensane og ringverknadene for distrikta kjem til å bli store. Det ligg òg som eit grunnlag for heile prosjektet.

Så vil eg minna om at eg synest, som eg òg sa i det fyrste svaret mitt, at vi faktisk brukar lite på kulturbygg i Noreg. Når vi no skal byggja eit operabygg som vil bli stående som eit monument i mange tiår og truleg i fleire hundre år framover, er det viktig at det blir gjort på ein skikkeleg måte. Det har sanneleg Noreg råd til, i tillegg til å gjennomføra mange av dei andre uløyste oppgåvene. Eg minner om at vi dei siste åra har brukt over 30 milliardar kr til eldreomsorg. Det er bra, men vi må òg kunna bruka nokre milliardar på eit operabygg.