Stortinget - Møte onsdag den 30. april 2003 kl. 10

Dato: 30.04.2003

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Modulf Aukan (KrF): «I Verdens Gang av 3. april d.å. er det heilsides annonse for tomatar under det norske varemerket «Gartner». Som kjent vert ikkje norske tomatar produserte på denne tida av året. Dermed er det rimeleg å forvente at desse annonsane hadde vore merkte med opphavsland. Dette minner om villeiande reklame.

Meiner statsråden at bruken av eit slikt varemerke, som er ein preferanse til norske varer, bør merkjast med opphavsland når produktet er importert?»

Statsråd Lars Sponheim: Først vil eg vise til det omfangsrike svaret om merking av mat som eg gav i Stortinget 27. mars i år på bakgrunn av eit Dokument nr. 8-forslag frå representantane Marit Arnstad og Åslaug Haga, der eg la vekt på at Regjeringa tek omsyn til forbrukarane sitt ønske om betre opphavsmerking.

I forskrift 21. desember 1993 nr. 1385 «om merking mv av næringsmidler» – merkeforskrifta – finn vi reglar om merking av mat bestemt til frambod og visse aspekt ved presentasjon og reklame for mat. Forskrifta vart fastsett av Sosial- og helsedepartementet med heimel i næringsmiddellova.

Mellom anna seier forskrifta i § 5, «Prinsipper for merking, presentasjon og reklame», at merkinga ikkje skal villeie kjøpar med omsyn til maten sine eigenskapar, bl.a. opphav eller opphavsstad. Dette gjeld òg for reklame og presentasjon av mat.

Forskrifta blei endra med verknad frå 15. februar 2003, m.a. om merking av frukt og grønt. Det vart føydd til ny § 4a, «Opplysningsplikt ved frambud av ikke ferdigpakkede næringsmidler», som seier at frisk frukt, bær, grønsaker og poteter skal ha følgje av opplysningar om varenamn og opphavsland. Samtidig fekk § 21, «Navn, adresse og opprinnelse», eit nytt tredje ledd som seier at frisk frukt, bær, grønsaker og poteter skal merkjast med opplysningar om varenamn og opphavsland.

Altså er det gjort klart at gjeldande reglar for frambod av og reklame for frisk frukt, bær, grønsaker og poteter krev at opphavslandet blir oppgitt når ein presenterer vara for kunden i merking eller reklame.

Eg har sett den annonsen i VG 3. april som representanten Aukan viser til. Så langt eg kan sjå, fortel annonsen korleis tomatane skal oppbevarast og om eigenskapane til dei ulike tomatsortane. Annonsen er generell, og den framhever ikkje på noko vis om tomatane er norske eller importerte.

Modulf Aukan (KrF): Det som eg merka meg da eg såg annonsen, var at ein brukar det norske varemerket «Gartner». Det er då rimeleg at ein oppfattar dette som eit norsk produkt, men i og med at det ikkje vert produsert norske tomatar på denne tida av året, seier det seg sjølv at dette er eit importert produkt.

Eg vil påstå at dette minner om villeiande reklame. Vi veit òg at kravet frå forbrukarorganisasjonar meir og meir går i retning av at ein skal ha moglegheit for å spora eit produkt. Det vil vera vanskeleg i denne situasjonen.

Vil statsrådens apparat følgje opp dette, slik at reklamen følgjer dei normene som er lagde?

Statsråd Lars Sponheim: Min vurdering av denne annonsen er nok litt annerledes enn representantens. Denne annonsen har stått i april i år. Vi vet at den norske sesongen er rett om hjørnet. Da velger altså dette store, viktige merket – som vel opprinnelig var et merke som gartnerne selv lagde gjennom Garnerhallen, senere solgt til Bama, og Gartner Norge står tungt bak – å gå ut med en generell informasjonsannonse om hvordan en skal oppbevare og ta vare på tomater, bl.a. ikke i kjøleskapet, for det er levende materiale. Det opplever jeg som god og fornuftig informasjon, rett i forkant av en norsk sesong. Men vi ønsker definitivt – og det er Regjeringens politikk – at folk skal spise tomater hele året, for det er sunt og godt. Det bør også importeres mye tomater, så vi får tomater hele året. Uansett om det er norske eller utenlandske tomater, må vi ta fornuftig vare på dem. Da ser jeg altså at «Gartner»-merket ser seg tjent med å gi denne informasjonen, både om utenlandske tomater og om norske tomater.

Modulf Aukan (KrF): Dei siste åra har vi sett at importørane av til dømes tomatar set ned prisen i forkant av at dei norske produsentane kjem på marknaden med sine produkt. Dette har ført til at den tradisjonelle meirprisen, som norske produsentar er avhengig av for å kunne framby gode norske varer, kjem i fare. Her er merking med opphavsland òg eit stikkord. Eg synest at ein òg i høve til reklame bør søkja å vera mest mogleg sann. Eg føler at i denne samanhengen er ein ikkje det.

Så spørsmålet mitt vert: Vil statsråden òg sjå på denne problematikken med at ein kjem inn på eit tidleg tidspunkt med eit utalandsk produkt, slik at ein oppfattar det slik at det er eit norsk produkt, i og med at ein brukar det norske merket «Gartner»?

Statsråd Lars Sponheim: La meg først si at hadde dette vært reklame for et bestemt parti, et tilbud fra en norsk varekjede, eller i og for seg fra «Gartner», om tomater til salgs nå, skulle det vært opprinnelsesmerket. Men dette er en generell informasjon om hvordan man bør behandle tomater for at tomater skal smake best mulig, og nå er vi akkurat i overgangen mellom importsesongen og den norske sesongen. Dette er bra for alle som er glad i tomater, og det medfører – tror jeg – økt etterspørsel etter tomater.

Så har representanten helt rett i at vi stadig har en diskusjon om dette problemet akkurat i denne overgangen, for når norske tomater kommer på markedet i mai, kommer plutselig tollen på den importerte maten for at norske tomater skal ha en sjanse. Det er litt overgangsproblemer. Det er det i og for seg alltid når vi har et slikt regime. Når skal vi legge på tollen på importerte produkter for å lage et marked for den norske produksjonen? Det er én problemstilling. Men uansett: Hvis vi klarer å øke forbruket av tomater, som er bra for alle, er det også bra for den norske produksjonen.