Erlend Nornes (H) [14:26:22]: (ordførar for saka): Eg trur ikkje det er grunn til å frykta at denne debatten vert like lang som den førre. Men ei lita orientering kan vera på sin plass.
MODINIS er eit sentralt verkemiddel i realiseringa av Lisboa-strategien i EU for å gjera Europa innovativt og konkurransekraftig. MODINIS er eit program for overvaking av handlingsplanen e-Europa og spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken, og det er ei vidareføring av det tidlegare programmet, PROMISE. Deltakinga i programmet krev budsjettvedtak over tre år, og det er i samsvar med Grunnlova nødvendig med Stortinget sitt samtykke.
Dei årlege kostnadene i perioden 2003–2005 vil totalt vera om lag 4,4 mill. kr pr. år. Det vart avsett midlar for 2003 ved salderinga av 2003-budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet, og det er sett av midlar for 2004 på Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett for 2004.
Elles er denne tilrådinga lagd fram av ein samla komite.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.
(Votering, se side 2430)
Votering i sak nr. 2
Komiteen hadde innstillet:
Stortinget gjev samtykke til at Noreg
tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit
program for overvaking av handlingsplanen e-Europa 2005,
spreiing av god praksis og betring av nett- og informasjonstryggleiken
(MODINIS).
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.