Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 17. november 2004 kl. 10

Dato:
President: Inge Lønning
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Øyvind Korsberg (FrP) [11:55:55]: Jeg har forhåpentligvis et litt enklere spørsmål til miljøvernministeren:

«Oppslag i Nationen 9. november viser at både nærings- og miljøverngrupper roper et varsku mot Regjeringens verneiver. Statsråden skriver i leserbrev at vern gir grunnlag for turisme. Lokalsamfunnene derimot påpeker at dette ikke skjer av seg selv. En berørt ordfører uttaler at «flere og flere forstår det urimelige i at staten verner over en lav sko uten å kompensere for den innskrenkede handlefriheten».

Vil statsråden fortsatt verne med uforminsket styrke, eller vil en ta på alvor behovet for lokal næringsvirksomhet?»

Statsråd Knut Arild Hareide [11:56:34]: Som innleiing vil eg gjera merksam på at oppropet er ei felles oppmoding frå miljøvern- og næringsorganisasjonane til Stortinget om at forvaltningsbudsjettet for verneområda våre må styrkjast. Eg kan ikkje sjå at oppropet er noko varsku om for stor verneiver frå Regjeringa si side, slik Nationen tolkar oppmodinga.

Regjeringa sin vernepolitikk har i den siste tida vore under debatt. Problemstillingane krinsar rundt tempoet i verninga, tilhøvet mellom nasjonalparkar og næringsutvikling og sjølve forvaltninga av område som har blitt verna. Først vil eg seia at det ville vera svært uheldig om ein valde å utsetja verneprosessane, slik m.a. spørsmålsstillaren ønskjer. Langvarig utryggleik vil etter mi meining i større grad enn i dag føra til unødvendige konfliktar. Eg vil minna representanten om at Regjeringa sin vernepolitikk har stor tilslutning i Stortinget. Verneplanane som blir gjennomførte, har alltid vore lagde fram for Stortinget på førehand, anten gjennom stortingsmeldingar eller dei årlege budsjetta.

Regjeringa legg stor vekt på og tek på alvor at nasjonalparkane skal bli ein viktig del av verdiskapinga i distrikta våre. Nasjonalparkane bør bli merkevare for turistnæringa fleire stader enn i dag. Vern gir moglegheiter for ny næringsutvikling, og her skal me samarbeida med næringslivet for å utnytta potensialet maksimalt. Men det kan ikkje vera slik at det er staten som primært skal driva dette arbeidet. Gjennom fjellteksten i RNB for 2003 har Regjeringa gitt retningslinjer for på kva måte dette arbeidet skal kunna skje, og kva omsyn ein må ta, slik at naturverdiane som skal vera grunnlaget for næringsutviklinga, ikkje blir reduserte eller øydelagde. Forvaltningsplanar er viktige reiskapar for å kunna styra utviklinga og bruken av verneområda. Her har Regjeringa eit ansvar. Eg er budd på å setja meir ressursar inn på å få fram slike planar for fleire av våre mest brukte nasjonalparkar og andre større verneområde. For 2005 har Regjeringa styrkt skjøtselsbudsjettet med 4,5 mill. kr.

Eg er glad for at mange kommunar på alvor har teke utfordringa med å utvikla dei næringsmessige moglegheitene som vern gir. Her vil eg m.a. visa til positivt utviklingsarbeid i Dovre, Saltdal og Nordreisa kommunar. I Sogn og Fjordane har ein eit eige naturbruksprosjekt der ein arbeider med utviklinga av om lag 30 delprosjekt. I Nord-Gudbrandsdal samarbeider kommunane, fylkeskommunen og turistbedriftene i eit pilotprosjekt for å profilera regionen til nasjonalparkregion nummer ein i Nord-Europa. I alle desse prosjekta har Miljøverndepartementet vore inne med økonomisk støtte. Eg er sikker på at mange fleire kommunar vil sjå dei moglegheitene som ligg i næringsutvikling som følgje av vern.

Regjeringa er òg overtydd om at vern og næringsutvikling kan skje samstundes, og at det i desse sakene ikkje er eit anten – eller, slik representanten Korsberg legg til grunn i sitt spørsmål.

Øyvind Korsberg (FrP)[11:59:39]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg har tatt opp problemet med vern og næringsutvikling og grunnlaget i de berørte regionene en rekke ganger tidligere med den forrige statsråden. Vi opplever fremdeles at vern er til hinder for næringsaktivitet og bosetting rundt om i hele landet. Situasjonen er at pr. i dag mangler 16 av 23 nasjonalparker en forvaltningsplan, og siden fjellteksten ble vedtatt i juni 2003, har over 20 større verneområder blitt opprettet eller vært ute på høring med tanke på vern. Synes statsråden tempoet i dette arbeidet er godt nok, eller vil statsråden sørge for at tempoet med hensyn til næringsutvikling i disse områdene blir forsert videre framover?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:00:38]: Representanten Korsberg tek opp ei viktig problemstilling nettopp i forhold til det å få ei god forvaltning av områda. Regjeringa har hatt ein politikk som eg støttar fullt opp om, og som eg ønskjer å halda fram med i forhold til å sikra verneområde. Me har i løpet av dei åra som Samarbeidsregjeringa har sete, verna meir enn nokon gong før, og tempoet har vore godt. Det er no ei utfordring at me òg må gripa meir fatt i forvaltningsarbeidet, og eg trur òg det er viktig at ein ikkje opplever det som om staten berre kjem og vernar, og så ikkje følgjer opp vernearbeidet. Derfor er det ei prioritert satsing, det er derfor vi òg for 2005 har auka budsjettet på det området. Det er eit viktig arbeid å sikra ei god forvaltning av områda, og det er altså det vi har ønskt å prioritera, m.a. i budsjettframlegget for 2005.

Øyvind Korsberg (FrP)[12:01:39]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg merker meg at man ønsker å verne mer, men det følges egentlig ikke opp med hensyn til næringsutvikling i de områdene som er vernet eller foreslått vernet. Det er jo litt interessant å se at lokalstyrene rundt omkring, lokale grunneiere og miljøvernorganisasjoner er på samme lag når det gjelder å få muligheter til å utnytte dette til kommersiell virksomhet og få næringsinntekter i regionen. Det jeg savner, er rett og slett konkrete forslag fra statsråden for å få en fortgang i dette. Det er greit at det ligger en del inne i statsbudsjettet for 2005, men det er ingenting som synliggjør i det statsbudsjettet at man vil få noen aktivitet. Kan vi i det neste året forvente at statsråden kommer tilbake til Stortinget med konkrete tiltak, så man får fart i denne prosessen?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:02:41]: Eg òg er glad for at miljøvernorganisasjonar og næringsorganisasjonar ser moglegheitene i det vernearbeidet som no skjer. Nasjonalparkane er viktige. Kvifor kjem det turistar til landet vårt? Jau, det er nettopp for å få lov til å oppleva den fantastiske naturen som me har, og me ser no at m.a. det å få eit nasjonalparkområde gjer at område blir meir attraktive. Eg har òg hatt gleda av å møta lokalpolitikarar frå ulike parti som nettopp ser moglegheitene no, og eg vil seia at dei ser moglegheitene betre no enn dei har gjort tidlegare.

Så er det ei utfordring at me er nøydde til å forbetra forvaltningsarbeidet, og det blir det jobba med. Det er derfor me har valt å prioritera det i budsjettet, og det er noko som me er nøydde til å ha i fokus òg i åra framover, å sikra at både dei områda som me no har sikra for vern, og dei nye områda, får ei god forvaltning. Det ansvaret vil eg ta.

Presidenten: Vi går nå tilbake til spørsmål 3.

: