Stortinget - Møte onsdag den 26. april 2006 kl. 10

Dato: 26.04.2006

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 14

Trond Helleland (H) [12:11:09]: Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I Buskerud er enkelte skolebusser så fulle at mange skolebarn må stå i midtgangen. Dette gjør at det er de aller minste, 6-åringene, som ofte blir henvist til ståplass. Dette harmonerer dårlig med nullvisjonen og arbeidet for å bedre trafikksikkerheten.

Hva vil statsråden gjøre for å hindre at små barn daglig blir utsatt for trafikkfarlig transport?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:11:36]: Eg deler sjølvsagt representanten Helleland si merksemd knytt til å sikre små barn ein sikker skuleveg og at transport av skulebarn skal skje så trygt som mogleg.

Transport av skuleelevar med buss vert i dag regulert av tre ulike regelsett. Til saman seier vegtrafikklovgjevinga, yrkestransportlova og opplæringslova at skuleelevar etter visse kriterium har rett til skyss med eit transportmiddel som tilfredsstiller gjeldande krav til tryggleik, utført av ein transportør som tilfredsstiller dei krava som gjeld for å drive persontransport mot vederlag.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for skuletransporten, og den vert i dag dekt av dei frie inntektene til fylkeskommunane inkludert overføringar frå staten gjennom inntektssystemet. Dette betyr i praksis at den einskilde fylkeskommunen har stor fridom til å utforme tilbodet. Denne fridomen til å tilpasse tilbodet til lokale forhold nyttar òg fylkeskommunane aktivt, slik at i dag vert transporten nokre stader gjennomførd som eigne skuleruter, men òg ofte som ein integrert del av det ordinære kollektivtilbodet.

Ulukkesstatistikken og somme analysar viser at skulebarn i veldig liten grad vert skadde i situasjonar der dei er busspassasjerar, og dei skadane som oppstår, er lite alvorlege. Dei alvorlege skadane for denne trafikantgruppa skjer heller i situasjonar der barna anten er på tur inn i eller ut av bussen, eller i tilfelle der dei går eller syklar til og frå skulen. Eg er derfor av den klare oppfatninga at for å nærme seg nullvisjonen, som handlar om å unngå dei uopprettelege skadane som død eller livsvarig skade, må me forsetje å prioritere utbetringar av trafikkfarlege skulevegar og tilrettelegging for sikker av- og påstiging i buss i nærområda til skulane. Dette vil gje mykje meir tryggleik for pengane enn å bruke dei til ytterlegare å sikre dei som allereie har ein sikker skuletransport i buss.

Som representanten Helleland sikkert er kjend med, vart ei sak om bruk av ståplassar i samband med skulebusstransport òg handsama av Stortinget 3. juni 2004. Fleirtalet i dåverande samferdselskomite, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viste då til at dei svært låge ulukkestala for barn og ungdom som bruker skuleskyss, viser at dagens busstransport i all hovudsak skjer i trygge former. Vidare understreka fleirtalet at transport av skuleelevar er og skal vere eit fylkeskommunalt ansvar der staten ikkje detaljregulerer unødig, men der lokale folkevalde sjølve kan ha fridom til å fastsetje korleis tenestene vert utforma. Fleirtalet ynskte ikkje å ta ifrå dei lokale styresmaktene denne fridomen, men såg det som ynskjeleg at fylkeskommunane syter for ein sikker skuletransport og nok sitjeplassar òg i dei tilfella der det ikkje vert køyrt eigne skuleruter.

På bakgrunn av det eg her har presentert, og det faktum at eg ikkje kan sjå at det har skjedd vesentlege endringar sidan Stortinget sitt vedtak 3. juni 2004, ynskjer eg ikkje ytterlegare krav som innskrenkar fridomen til dei lokale styresmaktene til å velje dei løysingane som passar best rundt omkring i landet vårt. Etter å ha høyrt spørsmålet frå representanten Helleland sin partifelle Holmberg til kommunal- og regionalministeren tidlegare i dag, trudde eg kanskje at òg Høgre – eller gjeld det berre somme i Høgre – såg verdien av ein slik lokal handlefridom.

Trond Helleland (H) [12:15:06]: Jeg blir opprørt over å høre samferdselsministeren så lemfeldig snakke om kommunal frihet – når det er snakk om seksåringers trafikksikkerhet! Jeg hadde ikke trodd jeg skulle høre det fra denne samferdselsministeren. Jeg er enig i at det viktigste er å sikre skoleveiene, men nå har det altså vært en rekke reportasjer i Buskerud-avisene og NRK Buskerud om småunger som blir kastet hulter til bulter i skolebussen. En bussjåfør som eier et eget busselskap, sier at det er seksåringer som ikke engang når opp til håndtaket i midtgangen. Og hvem er det som faktisk må stå? Jo, det er selvsagt de minste, de største sikrer seg plass. Jeg hadde ikke trodd at jeg skulle høre dette fra samferdselsministeren.

Jeg har lest svaret som ble gitt i 2004, og jeg er enig i det som står der, at dette er fylkeskommunens ansvar. Jeg ønsker fylkeskommunal og kommunal frihet, men vi har noe som heter trafikksikkerhet her i landet, og det er faktisk statens ansvar. Jeg hadde derfor håpet på et mer offensivt svar fra ministeren.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:11]: Representanten må gjerne snakke seg opp til dei store høgder, men denne situasjonen har ikkje oppstått på i løpet av eit halvt år. Stortinget har behandla dette, som eg viste til. Stortinget gav veldig tydelege signal om kven ein meinte skulle ha ansvaret for dette. Den type oppslag som ein no har hatt i Buskerud, har vi òg hatt i mitt heimfylke og i andre fylke i fleire år. Men Stortinget var vel kjent med dei problema då Stortinget sa det Stortinget sa i samband med eit forslag frå Framstegspartiet. Eg har lese nøye det som Stortinget då sa. Eg ser ingenting som har endra seg med den situasjonen me har no. Tvert om har kommunane no fått større handlefridom, for denne regjeringa har løyvt 5,7 milliardar kr til fylkeskommunane. Så det er større handlefridom no til å gje eit betre tilbod. Det er fylkeskommunane sitt ansvar, som dei må ta. Eg skal gjerne vere med og presisere det overfor fylkeskommunane saman med kommunal- og regionalministeren, men eg kjem ikkje til å gå inn på noka regulering utover det på dette tidspunktet.

Trond Helleland (H) [12:17:14]: Jeg er i hvert fall glad for det siste som ble sagt, at ministeren ville sende en anmodning til fylkeskommunene om å ta dette på alvor. Jeg vet at enkelte fylker har gjort det, og de har klart å få til at der det er separate skoleruter, foregår det i trygge former.

Men det som er utfordringen her, er jo at vi som stortingspolitikere og ministeren som minister vedtar en rekke trafikksikkerhetsregler. Jeg vet at det f.eks. ikke har vært én dødsulykke med småbarn i bil de siste årene på grunn av barneseter/sikring i bil. Når det gjelder turbusser, vet vi at her er det nå påbudt med setebelter. Når kommunestyret i Sigdal, for øvrig en senterpartistyrt kommune, nå har vedtatt å be om mer støtte til trafikksikkerhet for seksåringene på fylkesveiene, og når barna i Øvre Eiker blir kastet hulter til bulter ved bråstopp, synes jeg det er rart at ministeren ikke ser mer alvorlig på det. Vi er enige om det kommunale selvstyre, men barnas sikkerhet burde gå foran.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:20]: For dei av oss som ikkje berre har ei haldning til, men som faktisk trur på det kommunale sjølvstyret, er me trygge på at når denne saka no har kome på dagsordenen på den måten ho har, vil ein ta tak i ho på det nivået som har ansvaret. Det er nettopp det som ligg i lokalt sjølvstyre. Storting og regjering skal ikkje hoppe for dei fyrste medieoppslaga som kjem i ulike saker, men ha tillit til at dei som har ansvaret, tek tak i saka og ryddar opp i det.

Når det gjeld sikring i buss, arbeider eg no med ei sak der me ytterlegare vil sjå på korleis me kan sikre dei mindre barna ikkje berre i turbussar, men faktisk òg i rutegåande buss, på ein betre måte. Eg kjem til å kome med noko om det ganske snart. Det er ikkje slik at me ikkje er opptekne av dette. Denne regjeringa har trafikksikkerheit som si hovudsak. Det overgår alle andre saker på samferdselsområdet – men det skal me arbeide med i samarbeid og ikkje i overstyring av det nivået, som i dette tilfellet er fylkeskommunen, som har ansvaret for å sikre skuleelevane. Og eg er trygg på at det vil skje.