Øyvind Halleraker
(H) [12:21:15]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:
«Undertegnede er kjent med at Vegdirektoratet
vurderer en forskriftsendring om krav
til 3 mm mønsterdybde på tyngre kjøretøy
i vintersesongen mot dagens én, for å kunne foreta
kontroll i større utstrekning enn man kan med hjemmel i
f.eks. aktsomhetsbestemmelsen i vegtrafikkloven og bruksforskriften.
Har statsråden hjemmel til å fravike
3 måneders høring for å sikre
omgående hjemmel, om nødvendig av midlertidig
karakter, for krav om 3 mm når det åpenbart er
påkrevd ut fra nasjonale behov?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:21:55]: Eg er oppteken av at tunge køyretøy – norske
så vel som utanlandske – skal vere tilstrekkeleg
skodde for å køyre på norske vintervegar.
Ei rekkje ulike tiltak, m.a. omfattande kontroll- og informasjonsverksemd,
vert nytta for å sikre at køyretøy
fyller krava i det norske regelverket.
Som opplyst i budsjettproposisjonen for 2007,
kan eitt aktuelt nytt tiltak vere å innføre
krav om at dekk på tunge køyretøy
skal ha ei mønsterdjupn på minst 3 mm i vinterhalvåret.
Vegvesenet skal no gjere ei vurdering av ulike
konsekvensar av eit slikt krav. Dersom Vegvesenet konkluderer med
at eit krav til 3 mm mønsterdjupn bør innførast,
vil eg ta stilling til behovet for alminneleg høyring
nasjonalt og i EØS-området, og kva fristar ei
eventuell slik høyring skal ha. Det
er i dag heimel for i særlege høve å setje
høyringsfristen nasjonalt kortare enn tre månader,
og det vil verte vurdert.
Øyvind Halleraker (H) [12:22:53]: Jeg takker for svaret. Mange er bekymret for
de stadige utforkjøringene og ulykkene med tunge kjøretøy
på norske vinterveger, og det bekymrer selvsagt også oss
som samferdselspolitikere. Mener statsråden at
det regelverket som gjelder for tunge
kjøretøy i dag, er tilfredsstillende
for norske forhold?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:23:19]: Det er ingen tvil om at me spesielt
i oppstarten av vintersesongen, men også utover
vinteren, har altfor mange hendingar med tunge køyretøy,
grunna i at dei er for dårleg skodde. Det gjeld ikkje
berre utanlandske køyretøy – det
er viktig for meg å understreke at dei statistikkane me
har, viser at ein stor del av desse køyretøya
er norske. Men ut frå delen utanlandske køyretøy
er det klart at det er ein høg prosentdel av desse igjen
som er for dårleg skodde. Det er sjølvsagt det
som er bakgrunnen for at me vurderer ei mengd ulike tiltak. Me har
styrkt kontrollverksemda, og me konsentrerer kontrollane betre.
I det heile har me ei jamleg vurdering av tiltak, og dette er eit
av dei tiltaka som me no skal vurdere. Ein skal ikkje
bruke veldig lang tid på det, så eg
håpar at me skal få denne saka avgjord
rimeleg kjapt.
Øyvind Halleraker (H) [12:24:22]: Da har jeg ikke flere oppfølgingsspørsmål.
Jeg oppfatter svaret som positivt, og at statsråden er
villig til å rydde opp i dette.