Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte fredag den 15. desember 2006 kl. 10

Dato:
President: Sigvald OppebøenHansen

Dokument: 
(Innst. S. nr. 82 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 29 (2006-2007)kap. 1070, 4062, 4070 og sak 3)

Sak nr. 5

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar av løyvingar i 2006 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Talarar

Votering i sak nr. 5

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Under debatten har Arne Sortevik sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen legge fram en sak om Stad skipstunnel så raskt som mulig, og senest i 2008.»

Votering:Forslaget frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre blei med 60 mot 46 stemmer ikkje vedteke.(Voteringsutskrift kl. 11.52.47)Komiteen hadde tilrådd:

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.PostFormålKroner
Utgifter
1070Samfunnet Jan Mayen
1Driftsutgifter, blir auka med 600 000
frå kr 27 660 000 til kr 28 260 000
4062Kystverket
1Gebyrinntekter, blir auka med11 520 000
frå kr 540 670 000 til kr 552 190 000
3Inntekter fra salg av fyreiendommer, blir redusert med3 417 000
frå kr 9150000 til kr 5733 000
4070Samfunnet Jan Mayen
1(Ny) Inntekter frå kioskdrift, blir løyvd med600 000
Votering:Tilrådinga frå komiteen blei samrøystes vedteken.