Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 22

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Elisabeth Røbekk Nørve til landbruks- og matministeren, vil bli svara på av samferdselsministeren på vegner av landbruks- og matministeren, som er bortreist.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) [12:46:54]: Jeg vil stille følgende spørsmål til statsråden:

«Usikkerheten rundt drifting av beredskapssenteret i tilknytning til Åknes/Tafjord-prosjektet i området Storfjorden og Geiranger lever videre, til stor fortvilelse for både innbyggere og tilreisende. Dette til tross for at Regjeringen har hatt to år på seg til å komme med forslag til en trygg og fornuftig driftsløsning. Hva er årsaken til at Regjeringen fortsatt trenerer saken, og når, konkret, vil statsråden komme med sitt bidrag til finansiering?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:47:32]: Fyrst vil eg få presisere at det ikkje er rett at Regjeringa har hatt to år på seg til å kome fram til ei løysing om trygg og fornuftig drift av eit senter knytt til Åknes/Tafjord-prosjektet. Prosjektet fremja 30. august 2006 søknad om tilskot til drift av eit beredskapssenter, med eit nytt brev med nye budsjettal frå prosjektet 16. mars 2007. Etter dette har det vore kontakt med prosjektet i fleire fasar for å vurdere dei ulike elementa i søknaden. Dette er ein heilt vanleg måte å arbeide på, og er kopla til Regjeringa sin budsjettprosess. Det som har vore uvanleg i denne saka, er at senteret som no vert etablert i Stranda, er det fyrste i sitt slag i Noreg. Det har difor vore heilt nødvendig å bruke den tida me har brukt.

I Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2008 varsla Regjeringa at staten vil medverke til å sikre døgnkontinuerleg overvaking av skredfarlege område i Storfjorden – Åknes, Tafjord – og andre stader der det er behov for det. Regjeringa varsla vidare at det ville verte arbeidd vidare med korleis dette skulle organiserast, og at ein ville kome tilbake til saka på eigna måte. Dette vart signalisert til dei aktuelle aktørane allereie i august 2007. Eg er difor glad for at representanten Røbekk Nørve stiller dette spørsmålet, fordi det gir meg og Regjeringa høve til å gjere greie for Stortinget for at Regjeringa nyleg har bestemt å yte statleg tilskot på 10 mill. kr i 2008 til drift av eit overvakingssenter. Landbruks- og matministeren har gjort dette kjent i pressemelding 30. oktober. Ei slik driftsløyving er ei nødvendig oppfølging av undersøkingar og investeringar som er lagde ned i Åknes/Tafjord-prosjektet over ein fireårsperiode, og der staten har ytt tilskot på vel 64 mill. kr.

Det tiltaket som Regjeringa no vil gi driftstilskot, er viktig for befolkninga sin tryggleik og tryggleikskjensle. Føremålet er å leggje til rette for ei effektiv varsling av befolkninga om det skulle verte rørsler og endringar i desse områda som kan bety auka rasfare, og som då vil vere grunnlag for myndigheitene sine vurderingar av behov for evakuering.

Overvakingssenteret vil vere eit interkommunalt selskap, der dei aktuelle kommunane også vil delta i finansieringa av drifta. Dette er ei naturleg følgje av at kommunane har eit beredskapsansvar.

Elisabeth Røbekk Nørve (H)[12:50:06]: Jeg vil først få lov til å vise til at jeg mener fortsatt at det er snakk om minst to år, på grunn av at vi den dagen vi startet å bevilge midler til sikringen i fjellsiden, også burde vite at her skulle det driftes. Sett fra mitt ståsted er det ganske naturlig.

Årsaken til min uro og spørsmålet her i dag er landbruksministerens svar på mitt spørsmål senest i juni i år, der han ikke sa noe om behovet for kvalitet på sikkerheten, men han la stor vekt på følgende: «Jeg er opptatt av at ordninger som skal etableres er kostnadseffektive, og har derfor bedt om at prosjektet også beskriver mulige alternative løsninger.»

Jeg og befolkningen i området rundt Storfjorden og Geiranger ser nå litt mer optimistisk på situasjonen etter at Regjeringen endelig kom med 10 av de 16 mill. kr som det var søkt om. – Banket presidenten?

Presidenten: Ja, tida er ute.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:51:16]: Det var vel ikkje noko oppfølgingsspørsmål i det som Røbekk Nørve no sa, meir ei presisering av ståstaden. Det som er viktig no frå Regjeringa si side, er at me har ein god dialog med lokale styresmakter, at ein får opp det beredskapssenteret så raskt som mogleg, og at me får ei god form på drifta av dette. Regjeringa er oppteken av at me skal ha eit system som gjer at folk i dette området kan føle seg trygge, at dei kan bu og drive i det daglege der utan å måtte tenkje på risikoen for eit mogleg ras. Eg trur berre dei som har levd med rasfare, skjønar kva dette betyr for livskvaliteten. Så Regjeringa er oppteken av at me skal få dette i gang og opp så fort som mogleg.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) [12:52:18]: Mitt oppfølgingsspørsmål her var egentlig om Regjeringen nå, og statsråden på vegne av Regjeringen, kan slå fast at økonomien til drifting av beredskapssenteret er sikret med statlig støtte også i framtiden, og at vi slipper omkamp om hvorvidt dette skal ha andre løsninger enn den beredskapen som er planlagt.

Jeg takker for øvrig statsråden for svaret så langt og håper at jeg får svar på det siste spørsmålet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:51]: No er det slik at Regjeringa kjem med eitt budsjett om gongen, så eg må nok seie til representanten at ho må vente på det komande budsjettet for å få svar på det ho spør etter no. Men det at ein frå Regjeringa si side har gått inn med 10 mill. kr, er eit synleg prov på at me er opptekne av problemstillinga, at me skal samarbeide godt med kommunale og lokale styresmakter både for å sikre oppstart av senteret og for å få på plass ei god drift vidare. Dette er ikkje eit eittårig prosjekt. Regjeringa er også innforstått med at dette må vere ei varig løysing.