Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Borghild Tenden (V) [11:49:07]: «Tradisjonell privatbilbruk er i ferd med å kvele de norske storbyene, spesielt i rushtiden. Kollektivsatsing i våre største byer er selvsagt viktig, men i tillegg til kollektivsatsing er det en internasjonal trend å øke investeringene innen intelligente transportsystemer (ITS). Innenfor ITS defineres også bildeling, dvs. korttidsleie av bil i by.

Synes statsråden dette er en spennende trend, og hva vil hun i så fall gjøre for å tilrettelegge for dette i våre største byer?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:51]: Me prøver igjen!

Eg er glad for spørsmålet til Borghild Tenden om kva som vert gjort for å leggje til rette for bruk av ITS, intelligente transportsystem og -tenester, i dei største byane i Noreg. ITS er eit viktig verktøy i arbeidet til Regjeringa for betre effektivitet, sikkerheit, tilgjenge, brukartilpassing og miljø i heile transportsektoren i Noreg og når det gjeld utlandet.

Arbeidet er m.a. knytt til Nasjonal transportplan. Ei arbeidsgruppe med deltaking frå Jernbaneverket, Avinor, Kystverket og Statens vegvesen har som ein del av grunnlaget for NTP laga ein rapport. Rapporten er gjord om til boka «Intelligente Transportsystemer (ITS) – Nye løsninger for effektiv, sikker og miljøriktig transport», utgjeven av ITS Norge.

ITS Norge arbeider med kompetanse- og nettverksbygging for ITS både i og mellom transportsektorane, mellom styresmakter, næringsliv og forsking og gjennom internasjonalt samarbeid, samordning, standardisering og harmonisering. I foreininga ITS Norge er styresmakter, næringsliv og forsking i heile transportområdet medlemer. Samferdsledepartementet har støtta etableringa av ITS Norge. For å få kontinuitet og tryggleik i arbeidet er det i framlegget til statsbudsjettet for 2008, for fyrste gong, føreslått løyvd 1 mill. kr til ITS Norge. Dei skal føre vidare arbeidet med å leggje til rette for ITS.

ITS rommar eit mangfald av ulike tiltak og verkemiddel. All bruk av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi i transportsektoren vert omfatta av omgrepet ITS. ITS kan leggje til rette for betre overføring av informasjon og dermed betre samarbeid og koordinering for å nå målet om ein meir effektiv, miljøvennleg og trygg transportsektor. Det er difor viktig at aktørane tek ITS i bruk der det kan bidra til å nå slike mål.

ITS kan t.d. leggje til rette for at bane og båt får overført godstransport frå bil gjennom gode logistikksystem med god informasjonsflyt. Det kan òg leggje til rette for betre elektronisk billettering og reiseinformasjon. Dette vil styrkje kollektivtransporten i relasjon til bruk av eigen bil. ITS er eit hjelpemiddel for å nytte infrastrukturen betre og leggje til rette for vegprising og enklare bompengebetaling. ITS kan vidare korte ned ventetida for hjelp ved ulukker.

Eg legg stor vekt på arbeidet med ITS, og deltok i oktober på den fjortande ITS-verdskongressen – «ITS for a Better Life» – med føredraget «Green and Safe Transport. ITS can Deliver Tools Required». Kongressen vart halden i Beijing, der eg òg var på møte om ITS i departementa for veg og sjø, for bane og for telekommunikasjonar.

ITS kan, som representanten Tenden peikar på, vere eit element i bildelingsordningar. Til dømes kan ITS nyttast til sjekk av tilgjenge og reservering av køyretøy. Terskelen for bilbruk er høgare for ein deltakar i bilkollektiv enn for ein med eigen bil. Dersom alternativet er å kjøpe eigen bil eller bil nr. to, gir deltaking i bilkollektiv mindre trafikk og betre miljø. Dette kan i så fall vere ein positiv trend og endå eit område der ITS kan vere eit godt verkemiddel.

Ei slik ordning er jo av privat karakter, og må difor òg etablerast innanfor private – skal eg kalle det – kollektivordningar.

Borghild Tenden (V) [11:53:23]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har merket meg at statsråden har vært i Beijing og har fått gode skussmål på internettsiden, der det stod at Liv Signe Navarsete var konkret og interessant i sin tale til kongressen. Da blir mitt oppfølgingsspørsmål: Hvilke konkrete planer har samferdselsministeren innenfor ITS-området for hovedstaden vår på kort sikt?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:53:53]: Samferdsleministeren har jo ikkje ein eigen handlingsplan for ITS i hovudstaden, men me har mange område der ITS vert – og der vi arbeider for at det skal verte – eit godt verkemiddel for heile transportsektoren.

Det mest nærliggjande, som òg er eit aktuelt verkemiddel i Oslo-området, er AutoPass. Det er ein ITS-suksess, det er brukarvenleg, og det gir betre grunnlag for planlegging og styring av bompengeprosjekt. På same måten er Shortsea XML eit system som styrkjer transport med skip slik at ein får reduksjon i biltransporten. Me har òg område der me jobbar for at ITS kan redusere problem knytte til fart, til rus, til bruk av sikkerheitsselar i bil, for å unngå frontkollisjonar og for å unngå å køyre av vegen. Eg kan gjerne svare meir på det etter oppfølgingsspørsmålet, men no vart det ikkje tid til å gå meir inn i det.

Borghild Tenden (V) [11:54:56]: Takk for svaret.

Komiteen var nettopp i Japan, og der fokuserte de sterkt nettopp på ITS. Så mitt neste spørsmål må da bli: Vil statsråden være en pådriver? Slik som jeg skjønte det i Japan, var det slik at stat, fylke, kommune, altså regionen, samarbeidet, og at staten også var en pådriver både innenfor det med bildeling og på andre områder.

Mine spørsmål er altså: Kan statsråden love å være en pådriver på dette feltet, og vil det være synlig i kommende NTP?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:36]: Svaret på begge spørsmåla er ja. Eg ynskjer å vere ein pådrivar i å utvikle ITS som eit endå betre verktøy i transportsektoren.

For å nemne eit konkret eksempel skal det no prøvast ut eit system der ein faktisk kan verte varsla om bilen kjem over i motsett køyrebane. Det er eit intelligent system i bilen som er kopla opp mot merking i midtfeltet, og som gjer at ein kan verte varsla. Sameleis på sidefelt for å hindre utforkøyringar. Det er klart at slike reiskap inn i trafikksikkerheitsarbeidet kan vere av uvurderleg verdi.

I tillegg er eg svært positiv til å gå vidare langs dei linjene som representanten Tenden tek opp, altså korleis ITS òg kan verte eit verktøy i bilfordelingsordninga. Eg vil gjerne både gå i front og vere pådrivar for å utvikle dette systemet vidare.

Eg er ein teknologioptimist, og eg trur at det her er mykje å hente både i effektivitet og i trafikksikkerheit i tida framover.