Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 9. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Borghild Tenden (V) [12:30:02]: Først av alt: Godt nytt år!

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til fornyings- og administrasjonsministeren:

«Et av de klareste løftene fra Soria Moria-erklæringen er bredbånd til alle innen 2007. Akershus fylkeskommune fikk i høst avslag på søknad om statlig støtte til bredbåndsutbygging. Dette betyr at 8 000 husstander nå er uten fast bredbåndsdekning i fylket. Nå vil statsråden legge ned den vellykkede Høykom-ordningen, innført av Bondevik I-regjeringen, som har stimulert til utbygging av bredbånd.

Hvordan og når vil statsråden sørge for at Akershus får full bredbåndsdekning?»

Statsråd Heidi Grande Røys [12:30:48]: Lat meg fyrst få starte med å helse godt nytt år tilbake, både til representanten Borghild Tenden og til presidenten.

Så vil eg gjerne seie at Regjeringa har oppnådd gode resultat på breibandsområdet. Ifølgje den siste oversikta frå Teleplan har vi nådd 99 pst. når vi har brukt opp dei pengane som vi løyvde i 2007. Grunnen til at Regjeringa har løyvd 355 mill. kr berre i 2007 - i tillegg hadde vi ei stor løyving i 2006 - er at vi såg at marknaden åleine ikkje kjem til å løyse breibandsutfordringa, sjølv om marknaden har teke hovudansvaret. Og bra er det.

Vi har altså brukt 355 mill. kr - eller, dei er no i ferd med å verte brukte opp. Ein del prosjekt kom seint i gang, og vi har sjølvsagt vore heilt avhengige av kommunale og fylkeskommunale bidrag, men ikkje minst har òg marknadsaktørane vore med på den dugnaden det har vore å kome så godt opp som vi no er komne. Sjølv om vi er nær målet om full breibandsdekning, ser vi, som representanten er inne på, at vi dessverre ikkje er 100 pst. i mål. Det gjeld bl.a. Akershus, der det framleis er i underkant av 10 000 husstandar - eller 8 000, som representanten seier - som ikkje kan få fast aksess. Men det betyr ikkje at dei ikkje har ei anna moglegheit; dei har moglegheit til mobilt breiband.

Det som har skjedd det siste året, er at det har vore ei storstilt utbygging av mobilt breiband, noko som i dag kan gi kapasitetar som ligg godt innanfor den definisjonen av breiband som Stortinget gav i 2004, under den førre regjeringa. Denne utviklinga går uhyre raskt. Vi ser at vi har gode opplastingskapasitetar og nedlastingskapasitetar, slik at når vi tek med det tilbodet, snakkar vi om langt færre husstandar enn dei 8 000 som ikkje har tilgang i det heile. Vi snakkar om langt, langt færre.

Det vi har gjort, er at vi no skal bruke 180 mill. kr på breiband i 2008 for å kome heilt i mål. Vi skal bestille ein ny tilstandsrapport for å sjå kor stor restmarknaden er. Så må vi ut frå det finne ut av korleis vi best mogleg skal nå den restmarknaden, og det vil vi gjere i løpet av fyrste halvår 2008.

Borghild Tenden (V) [12:33:03]: Jeg takker statsråden for svaret, som var som ventet.

Akershus fylke ble ifølge Høykom vurdert som berettiget til statlig støtte til bredbåndsutbygging. Full bredbåndsutbygging var et klart valgløfte i valgkampen i 2005 fra flere regjeringspartier, og ikke minst i Soria Moria-erklæringen. Ser ikke statsråden at flere velgere i Akershus føler at dette er et løftebrudd fra statsrådens og fra denne regjeringens side?

Statsråd Heidi Grande Røys [12:33:37]: Det eg trur veljarane i Akershus, som i resten av landet, ser, er at vi har brukt ualminneleg mykje pengar på breiband - i motsetning til partiet til representanten, Venstre, som var det einaste partiet i Stortinget som i fjoråret faktisk kutta i breibandsløyvinga med 25 pst. Så når det gjeld å ha eit engasjement for å nå eigne mål, har iallfall vi lagt pengane på bordet.

Så har eg lyst til å seie at dessverre er vi ikkje heilt i mål ved nyttår, slik vi hadde håpt. Det har å gjere både med at vi hadde kapasitetsproblem med omsyn til å få sett i gang prosjekt, og med at vi ikkje hadde nok pengar i Høykom-ordninga til at vi f.eks. kunne kome Akershus sin søknad til møtes.

Eg vil igjen streke under at det går på fast aksess. Ein god del - flesteparten av dei 8 000 husstandane som representanten Borghild Tenden tek opp - har eit tilbod om mobilt breiband, og eg vil oppfordre alle til å ta i bruk dei tilboda som finst, slik at ein kjem på nett og har ein god nettilgang. Ei av dei store utfordringane vi har på breibandssida, er at det no er 99 pst. som kan få breiband, mens det altså er berre rundt 60 pst. som vel å knyte seg til breiband og ta det i bruk. Og det er den prosenten vi no treng å jobbe for å få opp.

Borghild Tenden (V) [12:34:49]: Jeg takker igjen for svaret.

På Kommunaldepartementets nettsider står det at Regjeringen i 2008 vil gi nye 150 mill. kr, slik at en kan nå målet innen 2008. Fornyingsministeren hadde et annet tall her, så jeg vet ikke hvilket tall som er rett, hva bevilgningen i 2008 vil bli. Men kan statsråden her og nå love at dette vil komme Akershus til gode, som faktisk er et av de fylkene som ligger dårligst an, både når det gjelder fast aksess og mobilt bredbånd?

Statsråd Heidi Grande Røys [12:35:27]: Det talet eg refererer til, er det som er summen av det Stortinget har løyvt, nemleg 30 mill. kr på FADs budsjett - vi fekk 10 mill. kr i statsbudsjettet, og eg har etter kommunalkomiteen sitt vedtak varsla at eg vil bruke 20 mill. kr av det som ligg i fornyingspotten, eit kapittel som ligg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet - og så desse 150 mill. kr, som går over KRDs budsjett. Når det gjeld desse 180 mill. kr til saman, står det att å sjå om KRD vel å bruke det same tildelingskriteriet som i fjor. Det skal KRD avklåre. Men dei 30 mill. kr som ligg i mitt departement, vil heilt opplagt vere med og løyse ut restmarknaden, inkludert restmarknaden i Akershus. Akkurat kor mange det er, skal vi som sagt ha ein ny analyse av, for vi treng det eksakte talet for å rette inn midlane på best mogleg måte og få løyst dei ut. Dess færre anbod ein får, dess meir kan det koste, så kanskje vi vel å sjå restmarknaden i heile landet under eitt. Men det jobbar vi med no, og eg skal kome tilbake til den komiteen som representanten sit i, når vi veit noko meir om det.

Presidenten: Dermed er dagens kart ferdigbehandlet.

Ber noen om ordet i henhold til forretningsordenens § 37a før møtet heves? - Møtet er hevet.

: