Arne Sortevik (FrP) [12:25:22]: Spørsmålet lyder som følger:
«Selv
ekstreme og urealistiske endringer i drivstoffpris og kollektivtakst gir
forholdsvis liten reduksjon i utslipp av CO2 fra persontransport.
Selv doble satser i bomringene rundt de fem største byene i Norge
gir liten utslippsreduksjon. Det er TØI som konkluderer slik i beregninger
vedrørende ny NTP. Likevel oppmuntrer statlige myndigheter til å
utarbeide lokale «miljøpakker» med bompenger innenfor
veitransport og kobler dette til tildeling av statlige belønningsmidler.
Er ikke dette å holde transportbrukerne for narr?»
Statsråd Liv Signe Navarsete
[12:26:14]: Dei største byane har store problem
med framkomst og miljø som følgje av stor trafikkauke. Køane
seinkar trafikken og gir store ekstrakostnader for næringstransporten.
Køprising vil spreie trafikken og lette framkomsten for private,
næringstransporten og kollektivtransporten. Samstundes har dette ein
positiv verknad med tanke på klimagassutslepp og andre lokale utslepp.
Her har me altså eit klimatiltak som gir gevinst på andre område,
og eg meiner at dette er eit godt tiltak som byane bør vurdere.
Innafor samferdslesektoren er det ingen einskilde tiltak som gir store
reduksjonar i klimagassutsleppa. Men summen av fleire tiltak kan likevel
gi ein stor reduksjon. I etatane sitt framlegg til Nasjonal transportplan
er det rekna med at dei forslaga som representanten Sortevik nemner, gir
ein reduksjon på rundt 1 mill. tonn CO2, og det er ingen
liten reduksjon. Samferdsledepartementet går no gjennom framlegget
og vil leggje fram si vurdering i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan.
Eg registrerer at Framstegspartiet på område etter område
uttrykkjer motstand mot å gjennomføre klimatiltak. Gjennom
klimaforliket er det brei politisk semje om at vi gradvis skal omstille
Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Eg er oppteken av å følgje
opp dette breie forliket ved å støtte opp om ei mengd forskjellige
tiltak på min sektor som i sum vil kunne gi store resultat.
Arne Sortevik (FrP) [12:27:44]: Takk for svaret.
Utgangspunktet for spørsmålet er
jo nettopp at lokale tiltak faktisk ikke har reduserende virkning, og da
kan altså ikke summen av mange nuller gi stor samlet effekt.
La meg ta et ferskt eksempel. Det gjelder den såkalte miljøpakken
i Trondheim, hvor alle partiene, unntatt Høyre og Fremskrittspartiet,
vil innføre avgifter for å finansiere investeringer i veier
og kollektivtilbud. Det er et miljøtiltak som er slaktet av forskere,
bl.a. av SINTEF. Det er en gigantisk avgiftspakke som kamufleres som klimaforlik,
miljøavgift og bomfinansiering. Miljøeffekten er null. Samtidig
sier man på den ene siden at tiltaket skal ha trafikkavvisende virkning,
men på den annen side er man helt avhengig av at kjøring og
bilbruk fortsetter for å gi nok penger i kassen.
Jeg gjentar:
Er ikke dette å holde trafikantene for narr?
Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke
over presidentplassen.
Statsråd
Liv Signe Navarsete [12:28:49]: Eg har stor respekt
for det som fleirtalet i Trondheim bystyre har gjort. Det er eit viktig
forsøk på å få bukt med det veksande trafikkaoset
som ein òg ser i Trondheim. Ikkje minst gir det seg utslag gjennom
at mange innbyggjarar får store problem med lokale partikkelutslepp
som er helseskadelege.
Om vedtaket frå Trondheim har den eine
eller den andre gevinsten, kan eg ikkje uttale meg om i dag. Me har ikkje
fått det vedtaket oversendt. Når me får det, skal me sjølvsagt
vurdere vedtaket punkt for punkt. Ein del av det vil jo òg krevje
at me frå vår side er villige til å gjere nokre endringar
i dagens regelverk for at dei skal kunne innføre det ein no har vedteke.
Arne Sortevik (FrP) [12:29:50]: Igjen takk for svaret. Jeg skjønner at statsråden ikke
legger synderlig vekt på det SINTEF, plassert i Trondheim, sier om
denne såkalte miljøpakken, og at statsråden heller ikke
legger synderlig vekt på det som er konklusjonene fra Transportøkonomisk
institutt, som er lagt inn i forbindelse med oppspill og prosess for ny
nasjonal transportplan.
La meg ta et nytt, ferskt eksempel: Det gjelder
bomringen i Bergen, hvor man har pakket det inn i politisk nytale om miljøgevinst,
og hvor man også snakker om trafikkdempende virkning av tiltaket.
Likevel er det slik at man budsjetterer med økt bilvekst for å
gi nok penger i kassen.
Jeg gjentar at dette er å føre
trafikantene bak lyset. Når man i tillegg, som denne regjeringen har
gjort, har endret veiloven § 27 slik at man kan bruke bompenger også
til drifting av kollektivtrafikk, blir jo dette en sikkerhet for at så
lenge denne regjeringen sitter, vil også bompengene vare - uten at
det gir miljøeffekt, men det blir mer penger i kassen. Og jeg gjentar:
Er ikke dette å føre trafikantene bak lyset?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:06]: Eg meiner framleis at representanten Sortevik skyt skivebom. Det ein
gjer i byane, er å prøve å få bukt med eit veksande
trafikkkaos. Framstegspartiets oppskrift er å byggje breiare vegar,
initiere endå meir transport, endå meir forureining - og ein
vil få endå fleire allergikarar som får problem, og det
vert endå meir helseskadeleg å bu i dei store byane. Eg er glad
for at dei som styrer i byane, og som har initiativet og avgjerdsretten
på desse områda, er meir framsynte enn Framstegspartiet, og
at dei tek tak i dei lokale utfordringane og prøver å gjere
noko med dei.
Det er mange vegar som fører til Rom, og det
er òg mange vegar som fører til eit betre miljø i byane
våre. Alle gode tiltak er nok ikkje funne opp og utprøvde pr.
i dag, men skal me kome vidare, må me vere villige til å prøve
ut ulike løysingar. Eg kjem i alle fall til å gjere det så
lenge eg sit, og kjem til å støtte aktivt opp om dei lokale
initiativa som har djerve målsetjingar for eit betre miljø.