Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 22. oktober 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Arne Sortevik (FrP) [11:26:05]: Spørsmålet lyder:

«Jeg viser til brev av 15. oktober 2008 fra konsernsjefen i SAS til bl.a. samferdselsministeren i Norge om konsekvensene for luftfarten av handel med utslippskvoter med bakgrunn i EU‑direktiv. Flytransport i Norge og flytransport til og fra Norge er viktig for landet.

Hva er statsrådens opplegg for å forhindre at systemer med utslippskvoter innenfor luftfarten og prisfastsettelse på slike kvoter gir kraftige prisøkninger og redusert transporttilbud?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:26:47]: Sjølv om luftfarten står for ein relativt liten del av dei totale klimagassutsleppa, må luftfarten likevel vere med og bidra til å redusere utsleppa, på same måten som andre næringar. Noreg har som eit av få land i verda ei generell CO2‑avgift på all innanriks luftfart. Årsaka til at avgifta ikkje gjeld utanlandstrafikken, er at ei slik avgift ville vere eit brot med bilaterale avtalar.

Regjeringa har lenge etterlyst effektiv verkemiddelbruk for den internasjonale luftfarten. Som kjent er ikkje internasjonal luftfart regulert gjennom Kyoto‑avtalen. Regjeringa arbeider for at luftfart skal vere ein del av neste internasjonale klimaavtale.

Eg tykkjer det er svært positivt at EU vel å gå føre i arbeidet for å regulere utsleppa frå internasjonal luftfart. EU vil inkludere luftfart i sitt kvotesystem frå 2012. Flyselskapa sine kostnader vil avhenge av talet på kvotar som vert delte ut gratis, og av kvoteprisen. EU‑kommisjonen sitt forslag om at det meste av kvotane vil verte delte ut gratis, vil følgjeleg gi mindre verknader for selskapa sine kostnader. Noreg si erfaring med CO2‑avgift tilseier at konsekvensane for passasjerane ikkje vil verte særleg store.

Regjeringa vil følgje EU sitt arbeid med vidareutvikling av kvotehandelsystemet nøye og vurdere eventuelle konsekvensar og behov for tilpassingar til norske forhold. Det vil vere naturleg å vurdere den norske CO2‑avgifta i samanheng med ei eventuell kvoteplikt for luftfarten. Effektiv verkemiddelbruk tilseier at utsleppa vert prisa i samsvar med den samfunnsøkonomiske kostnaden som utsleppa representerer.

Noreg vil saman med EU arbeide for gode globale løysingar både for klimaet og luftfarten. Noreg vil framleis delta aktivt i FN sine klimaforhandlingar og i verdas luftfartsorganisasjon, ICAO, for å få fram gode løysingar som tek omsyn til samfunnet sitt behov for effektiv transport, samtidig som me må løyse klimautfordringane.

Arne Sortevik (FrP) [11:28:50]: Takk for svaret, som kan tyde på at man ikke helt tar inn over seg alvoret i henvendelsen fra konsernsjefen i det fortsatt store skandinaviske luftfartsselskapet SAS.

Det er gledelig at luftfarten selv og selskapene, og i særdeleshet også SAS, tar inn over seg at det er et system for utslippskvoter, og forholder seg til det. Det som varsles i dette ferske brevet, er en bekymring knyttet til endring og forverring av utslippsregimet som vil kunne medføre sterk kostnadsøkning, ikke bare for avsenderen av brevet, flyselskapet SAS, men for luftfarten helt generelt. Det er bekymringsfullt med hensyn til – som Regjeringen selv sier – at luftfarten har en viktig oppgave i å holde ved lag bosetting og sysselsetting i alle deler av Norge. Luftfarten er viktig for Norge. Vi må altså ha handlingsrom og betingelser som gjør at det går an å drive luftfart uten at det blir for dyrt.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:29:56]: Eg er heilt samd med representanten Sortevik i at luftfarten er viktigare for Noreg enn for veldig mange andre land. På grunn av våre store avstandar og fordi me har eit næringsliv som er spreitt over heile landet, er det viktig at me opprettheld gode tenester.

Eg kan ikkje sjå at eit eventuelt kvotesystem skal medføre store forverringar i systemet i høve til det som ein har i dag gjennom ei CO2‑avgift som er einsidig norsk. Eit kvotesystem vil gjelde heile den europeiske delen av luftfarten og vil heilt klart, dersom ein lukkast med å kome i gang med eit slikt system, òg verte eit viktig grunnlag for dei neste internasjonale klimaforhandlingane. Målet må jo vere at dette vert globale avtalar som medfører at me ikkje får konkurransevriding i ulike delar av luftfarten. Det eg har vore oppteken av i den samanhengen, er nettopp å sikre at dei belastningane som måtte kome, skal vere mest mogleg geografisk omfattande.

Arne Sortevik (FrP) [11:31:09]: Jeg oppfatter at SAS' henvendelse gjelder nettopp det – altså bekymring for at det kan være både konkurransevridende og ekstra kostnadsbelastende – når det er forlydender om at man vil endre det som vel allerede er vedtatt EU‑direktiv for kvotehandel, til et system med 100 pst. auksjonering for kvotene når det gjelder luftfarten, som som bransje selv har et aktivt program for å redusere utslippene sine på mange ulike måter.

Jeg håper at statsråden på bakgrunn av brevet vil ha en drøftelse med både SAS og andre flyselskaper når det gjelder den bekymring som konsernsjefen i SAS bærer frem for en varslet mulig endring og kostnadsøkning som følger med det, dersom EU velger et annet regime for utslipp.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:32:12]: Som eg sa tidlegare, følgjer me utviklinga i EU nøye med tanke på kva konsekvensar endringa kan få for luftfarten og flyselskapa. Det må òg vurderast opp mot den generelle miljøpolitikken og utviklinga i dei generelle klimaforhandlingane.

Me har jamlege møte med selskapa, der me kan diskutere direkte med dei, og det er heilt klart at dette er eit tema som vil bli diskutert.

Som samferdsleminister er eg oppteken av at både SAS og andre selskap skal sikrast rammevilkår som gjer at dei har utviklingsmoglegheiter. Eg vil slik følgje dette nøye i tida framover og sjå kva som vert utfallet av dei drøftingane som no pågår.

: