Arne Sortevik (FrP) [11:52:02]: «Gjennom Eurovignettdirektivet (2006/38/EC) kan Norge bli pålagt å sørge for at
rabattordningene for store lastebiler ved passering av bompengestasjoner blir
kraftig redusert. Konsekvensen blir økte passeringskostnader og derved økte
kostnader både i eksisterende og planlagte prosjekter der bompenger brukes.
Direktivet åpner også for øremerket bruk av bomavgifter for å redusere de
«eksterne kostnadene» av transport.
Hvordan følger statsråden opp de konsekvenser Eurovignettdirektivet ved ev.
godkjenning får i Norge?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:52:43]: Eurovignettdirektiv 2006/38/EC er ein revisjon av det opphavlege
Eurovignettdirektivet frå 1999, som er ein del av norsk rett. I direktivet frå
2006 er det nedfelt ei maksimal rabattgrense på 13 pst. Denne grensa er
problematisk for Noreg sidan me i dag opererer med rabattar opp til 50 pst.
Noreg har av den grunn framleis ikkje implementert dette direktivet, og har
bedt Kommisjonen om tilpassingstekst. I tilpassingsteksten ber Noreg om eit
generelt unntak frå rabattgrensa både for eksisterande og framtidige
bompengeprosjekt. Noreg er for tida i dialog med Kommisjonen om
tilpassingsteksten. Me arbeider aktivt for å finne ei løysing som varetek
norske interesser. Eg har teke dette opp på møte både med det franske
formannsskapet og EU-kommissæren for transport. Eg opplever at me har ein god
prosess.
I 2006-direktivet artikkel 9 heiter det at inntekter frå bompengar skal nyttast
til tiltak som er til fordel for transportsektoren, og som kan optimere heile
transportsystemet. Dette skaper ikkje noko problem i høve til norsk
bompengepolitikk, der bompengeinntektene vert nytta til det konkrete prosjektet
eller pakka.
Kommisjonen la i juli 2008 fram eit forslag til revidert direktiv. Det er her
m.a. føreslått at det kan vere eit tillegg i bompengesatsane for eksterne
kostnader. Det er føreslått at dette tillegget i tilfelle skal øyremerkjast
miljøtiltak i vid forstand. Forslaget er no til handsaming i Rådet og
parlamentet. Noreg følgjer arbeidet med det nye direktivet nøye og med sikte på
å øve påverknad der dette er nødvendig ut frå norske interesser.
Arne Sortevik (FrP) [11:54:32]: Takk for svaret.
Samferdselsdepartementet har kjent til det nye direktivet fra 2006. Det er også
slik at vi har behandlet en rekke nye samferdselsprosjekter der bompenger
brukes. Et av dem som har vært behandlet, og som blir berørt, er St.prp. nr. 87
for 2006–2007, E6 Gardermoen–Kolomoen. Dette transeuropeiske veinettet i Norge
som er omfattet, omfatter de fleste europaveiene i Norge.
Jeg har registrert at det i dag er 14 bompengeanlegg der det opereres med
rabatter på opp til 50 pst. Mange nye pakker er dessverre på vei frem, og 14
anlegg er omfattet. Det haster med å få en avklaring. Når regner statsråden med
at det vil være avklart om dette direktivet eventuelt skal godskjennes av Norge
som en del av EØS-avtalen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:55:28]: Å anslå nøyaktig tidspunkt er vanskeleg for meg i dag, men me har ein god
prosess og ein konkret prosess med kommissær Tajani, som er kommissær for
transport. Eg har hatt møte med han, og me har lagt opp til ei konkret
oppfølging av det, som me no gjennomfører. Så i løpet av det komande halvåret
bør dette vere avklart.
Arne Sortevik (FrP) [11:56:00]: Det har direkte konsekvenser for prosjekter som er på vei frem, hvor det brukes
bompenger.
I svaret var også statsråden inne på at det er kommet et tillegg til det
opprinnelige direktivet. Det åpner for mulighet for kryssubsidiering, for å
dekke inn kostnader ved såkalte miljøskader og mulighet for å dekke inn drift
og vedlikehold. Kan dette bety at bompenger i Norge heretter skal brukes til
den slags tiltak, altså å dekke inn vedlikehold på nye veier og at det på
eksisterende veier kan innføres nye avgifter, såkalte miljøavgifter?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:43]: Den heilt konkrete tolkinga av teksten er det me har lagt til grunn for at me
kan nytte eventuell tilleggsinnkrevjing til miljøtiltak i vid forstand.
Det er i den opphavlege teksten snakk om både å utvikle alternativ
infrastruktur for transportbrukarar og å redusere transportsektoren som kjelde
til utslepp osv. Det er eit breitt spekter.
Det er frivillig om det skal vere påslag for eksterne kostnader. Det er ei sak
me ikkje har teke stilling til pr. i dag. Om det vil verte ein del av ei
vidareføring av direktivet seinare, veit me ikkje noko om i dag, men det er i
alle fall pr. i dag frivillig. I møtet med Kommisjonen fekk me ei klar
forståing av at det i tilfelle kan leggjast til grunn ein vid definisjon av
tiltak.