Stortinget - Møte onsdag den 21. januar 2009 kl. 10

Dato: 21.01.2009

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 13

Hans Olav Syversen (KrF) [12:26:50]: «Konflikten i Midt-Østen innebærer også flere utfordringer for mange i vårt eget land. Fra Det Mosaiske Trossamfund meldes det nå at mange jødiske barn opplever økt utrygghet, også i skolesammenheng. I de voldelige demonstrasjonene som har vært, har det også kommet utsagn – fra skoleungdommer – som må karakteriseres som rent jødehat.

Hvordan vil statsråden bruke skolen for å redusere konfliktnivået og sikre at barn kan føle skolen som et sted med trygghet og ikke det motsatte?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:27:28]: Konflikten i Midtausten og demonstrasjonane med utspring i hendingane der har fått store oppslag i media. Spørsmålet i tilknyting til det som har hendt, vil naturleg vere noko som opptek skulen.

Israels krigføring og invasjonen på Gazastripa engasjerer klart meir enn andre konfliktar i verda. Mange vaksne og barn i Noreg har eit engasjement i konflikten i Midtausten, ikkje minst gjeld det mange som har eit direkte forhold til konflikten, f.eks. gjennom trusretning eller gjennom menneske i Noreg som har familietilknyting i ulike område, både i Israel og i dei palestinske områda.

Eg ser òg at det engasjementet foreldra har, naturleg nok vil prege elevane. Det gjer at mange elevar tek med seg eit stort erfaringsgrunnlag på skulen. Det kan kome til uttrykk som sorg, sinne eller fortviling, og det kan bidra til opplevingar i skulen. Eg vil derfor begynne med å understreke det heilt sjølvsagte: I den norske skulen og i det norske samfunnet skal ingen menneske, ingen barn, ingen elevar, verte behandla som part i ein krig eller konflikt ein annan stad. Tvert imot skal alle verte behandla som likeverdige barn og elevar og ikkje på nokon måte måtte stå til ansvar for noko som skjer i ein krig ein annan stad. Det er sjølvsagt.

Eg hadde for kort tid sidan eit møte med representantar for Det Mosaiske Trossamfund, inkludert forstandaren og rabbinaren der. Det var eit veldig konstruktivt og godt møte der vi diskuterte desse problemstillingane. Dei tok opp ting som jødiske barn no opplever i den norske skulen – frå ei kjensle av utryggleik rundt det som skjer, til dei grovaste eksempla, nemleg jødiske barn som opplever at ordet «jøde» vert brukt som skjellsord overfor dei. Det er veldig alvorleg. Når det gjeld det siste, kan ikkje det karakteriserast på annan måte enn som grov trakassering og mobbing. Mi veldig sterke oppmoding, som eg òg gav uttrykk for, er at ein må melde frå til rektor, til lærarar, til skulen, og at ikkje berre foreldra, men òg andre kan vere støttande i å gjere det som ofte kan vere tøft. Det skal slåast knallhardt ned på dette frå leiinga på skulen og lærarane. Det er heilt uakseptabelt. Vi er nøydde til å jobbe endå hardare mot den mobbinga og mot mange andre typar mobbing i den norske skulen.

Så er det òg ei utfordring for lærarane i undervisningssituasjonen, for det er ingen tvil om at konflikten i Midtausten sjølvsagt er eit tema i undervisninga, ikkje minst når ein kjem lenger opp i ungdomsskule og vidaregåande skule. Å gjennomføre undervisninga på ein god måte, der ein sakleg legg fram faktiske forhold og gjerne lèt ulike syn kome fram og lèt debatten verte styrt i ei retning som går på innhald, og alle kan føle at dei vert respekterte utan omsyn til bakgrunn, er ei krevjande oppgåve. Men vi veit at lærarar i Noreg har god erfaring med det, for det er jo ikkje ein ny situasjon ein opplever no.

Så er det òg sånn at oppstår det konfliktar mellom elevar som kanskje kjenner seg utrygge ut frå hendingane, så er det i opplæringslova reglar om rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som legg ei plikt på skulen til å syte for at alle elevar kan kjenne seg trygge og oppleve ein sosial fellesskap.

Eg vil til slutt nemne at Wergelandsenteret, som opnar 1. februar 2009 i Oslo, skal vere eit europeisk ressurssenter for alle medlemsstatane i Europarådet i arbeidet for opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Senteret skal m.a. ha eit etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar og dei som utdannar lærarar. På sikt vil senteret verte ein viktig medspelar og ein viktig ressurs for skulane.

Så har både eg og andre statsrådar i media gitt uttrykk for ei veldig klar holdning mot det som enkelte jødiske barn no har opplevd både i skulen og i andre samanhengar, og eg vil gjerne gjenta at dette er heilt uakseptabelt. Vi må ha eit særleg auge på dei som er minoritetar i det norske samfunnet, og som kan oppleve ting som er knytte til ein konflikt ein annan stad, og som dei absolutt ikkje skal oppleve i det norske samfunnet.

Hans Olav Syversen (KrF) [12:31:59]: Jeg takker for svaret, som var på det generelle planet.

Hvis vi tar noen eksempler, ser vi at man i norsk skole avlyser besøk til den jødiske synagogen i Trondheim. I dagens Aftenposten leser vi f.eks. at en lærer skriver til Jødisk Museum i Oslo at det ikke er aktuelt å besøke museet så lenge Palestina ikke er fritt. Andre eksempler viser at heller ikke skolen makter å skille mellom staten Israel og den jødiske kultur og det å være jødisk.

Så mitt spørsmål er: Vil man gjøre noe i forhold til undervisningssituasjonen? For eksempel er det slik at man kan gå 13 år i norsk skole uten at man nødvendigvis behøver å få vite om Holocaust. Vil statsråden også bidra til at Norge undersøker og slutter seg til overvåkingsmekanismer når det gjelder antisemittisme?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:33:08]: Mitt syn er at kanskje særleg i den situasjonen vi har no, vil det vere viktig å søkje kunnskap om konflikten i Midtausten og òg jødisk historie, eksempelvis ved å besøke ein synagoge. Å setje seg inn i Holocaust vil det vere særleg gode grunnar til no, akkurat som det vil vere særleg gode grunnar til å setje seg inn i palestinaranes historie. Eg trur at det å søkje kunnskap kan bidra til ei mest mogleg nyansert og god innsikt i eit spørsmål – ikkje det å vike unna den kunnskapen. Derfor er det sånn at folkemordarar under den andre verdskrigen og Holocaust er ein viktig del av forståing og innsikt. Enormt mange norske skuleelevar dreg med f.eks. dei kvite bussane, og får ei særleg sterk innsikt og forståing på det området som kanskje sit heile livet. Vi kan sikkert gjere endå meir for at det spørsmålet og andre spørsmål skal kome endå betre med i undervisninga.

Hans Olav Syversen (KrF) [12:34:12]: Jeg har ikke noe å si på det generelle, selv om det etter min mening mangler at man gir noe mer konkret innhold i det.

Så er jeg opptatt av det statsråden sier om «nyansert og god innsikt» i de faktiske forhold. Det er jo slik at det er krefter i det norske samfunnet som ønsker en boikott av staten Israel. Jeg lurer rett og slett på om statsråd Solhjell mener at den typen utspill bidrar til at man får en nyansert og god innsikt i de konfliktforhold som gjelder.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:34:49]: Eg er ein veldig sterk tilhengar av ytringsfridom og at vi skal ha ein politisk dialog der ulike syn skal vere representerte. Eg trur ikkje vi må bruke denne diskusjonen til å prøve å hindre at det kjem fram ulike syn på kva for norsk eller internasjonal politikk overfor staten Israel som er riktig. Vi bør heller ikkje bruke den til å seie ein ikkje må få fram dei faktiske forholda og søkje kunnskap. Som representanten sa på ein god måte i stad, må vi klare å skilje mellom ulike politiske standpunkt når det gjeld det staten Israel gjer, og det å ha ein slik bakgrunn i Noreg. Alle barn i den norske skulen fortener likeverd uavhengig av det.

Så trur eg at eg vil seie at mitt hovudinntrykk er – og det kom også fram i møtet med Det Mosaiske Trossamfund – at dei fleste lærarar og skular er flinke til å handtere slike situasjonar, og at dei behandlar alle barn som likeverdige. Men det finst dessverre nokre unntak, og vi må jobbe meir for å forhindre at slikt skjer igjen.

Presidenten: Dermed er dagens kart ferdighandsama.