Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 2009 kl. 10

Dato: 04.02.2009

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Arne Sortevik (FrP) [11:31:02]: «Innenfor både vei- og jernbanenettet er det gjennom mange år og flere regjeringer oppstått vedlikeholdsetterslep, dvs. nødvendig vedlikehold for å ta vare på vei- og jernbanekapital er ikke blitt gjennomført slik det burde. Dokumentasjon av vedlikeholdssituasjon og omfang av vedlikeholdsetterslep er viktig for å sikre mot forfall og gi grunnlag for dimensjonering og prioritering av ressurser.

Hvordan vil statsråden på en bedre måte sikre god og oppdatert dokumentasjon av vedlikeholdsetterslepet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:31:47]: Regjeringa satsar tungt på vedlikehald av både veg og jernbane. Området har vore forsømt i lang tid, så infrastrukturen har godt av den snuoperasjonen denne regjeringa har sett i gang for å betre både veg og bane.

Etterslepet i vedlikehaldet på det statlege vegnettet vart definert i prosjektet Vegkapital i 2003. Etter den tid har ein ikkje gjort detaljerte utrekningar etter den same metodikken som i 2003. Det er likevel gjort overordna utrekningar på vegnettnivå for å anslå utviklinga dei siste åra. Ein har då gjennomført ei utrekning av den kostnaden det vil medføre å oppgradere eit vegobjekt, eller å utføre den nødvendige arbeidsprosessen for å stoppe forfallet, og samanlikne dette med dei brukte midlane på same vegobjekt eller arbeidsprosess.

Kvart år vert tilstanden registrert på asfaltdekka – spor og jamning. For bruene har Vegvesenet òg eit system for tilstandsvurdering, og ein held på å utvikle eit liknande system for dei strukturelle delane av tunnelane. Utfordringa er å få eit system som sikrar mest mogleg lik tilstandsvurdering av dei ulike delane av vegnettet over heile landet.

Eg har i tildelingsbrevet til Statens vegvesen varsla at departementet vil kome attende med ein brei gjennomgang av etterslepet i vedlikehaldet og behovet for vedlikehald framover. Det skal gjennomførast eit prosjekt som på eit solid fagleg grunnlag kartlegg etterslepet i vegkapitalen og etablerer eit system for å bestemme behovet for vedlikehald framover. Eit slikt prosjekt er heilt naudsynt for å kunne budsjettere med dei rette beløpa til vedlikehald i dei komande åra. Eg er ikkje sikker på at dagens kartlegging er føremålstenleg og ynskjer difor eit avgjerdsgrunnlag som gjer det enklare å måle etterslepet og setje i verk tiltak som verkar.

Når det gjeld storleiken på etterslepet for vegvedlikehald, viser eg til mitt svar i brev av 15. desember 2008 på spørsmål nr. 392, frå representanten Arne Sortevik, og mitt svar i brev av 13. januar 2009 på spørsmål 479, frå representanten Bård Hoksrud.

Vedlikehaldet av jernbaneinfrastrukturen omfattar korrektivt og førebyggjande vedlikehald saman med fornying. I 2006 gjennomførde Jernbaneverket ein analyse av fornyingsbehovet for perioden 2007–2040 ved hjelp av ein ekstern konsulent. Analysen vart gjord ut frå alderssamansetjing og normtal for levetider på viktige anleggsdelar i jernbanenettet. I denne samanhengen vart det gjennomført ei kartlegging av fornyingsetterslep basert på alderssamansetjing av anleggskomponentar. Analysen omfattar ikkje alle anleggsdelar, og Jernbaneverket har difor sett i gang ei kartlegging av vedlikehaldsbehovet for jernbanebruer, som etter planen skal gjennomførast i løpet av dette året. Korrektivt og førebyggjande vedlikehald vert gjennomført løpande etter systematiske kontrollar og ved komponentutskifting for å forlengje levetida. Etterslep i kontrollar og utsett korrektivt vedlikehald vert registrert lokalt i dei enkelte baneregionane. Etter kvart vil slik informasjon òg verte registrert sentralt i Jernbaneverket når etaten har fått på plass eit nytt IKT-system for vedlikehaldsstyring av jernbanenettet som no er under utvikling.

Når det gjeld spørsmål om etterslep i vedlikehald av jernbanenettet, viser eg elles til mitt svar på skriftleg spørsmål nr. 480, frå representanten Arne Sortevik i brev av 8. januar dette år. Som det går fram av brevet, skjer prioriteringa av vedlikehaldet ut frå ei samla vurdering av kva me vil oppnå innafor prioriterte område og ikkje berre basert på meir teknisk fastsette etterslepstal.

Me veit at etterslepet er stort. Den samferdslesatsinga som Regjeringa har sett i gang, vil gi resultat i form av tryggare og betre infrastruktur i heile landet.

Arne Sortevik (FrP) [11:35:34]: Jeg takker for et utfyllende svar og legger til at jeg selvfølgelig er kjent med de svarene vi har fått før.

Poenget med å ta det opp her er å få fokusert på at det faktisk er et mangelfullt, kanskje et svakt og ukorrekt, grunnlag for å fastslå det faktiske etterslepet. La meg holde meg til veinettet først. Som statsråden var inne på, var det et prosjekt i 2003 for riksveinettet. For fylkesveinettet er det gjort beregninger i 2004. Det er bra at det nå settes i gang et nytt kartleggingsprosjekt i 2009 – men Regjeringen har jo vært på plass en stund. Vi vet en del, men vi mangler betydelig og grundigere kunnskap om vedlikeholdssituasjonen.

Er vi i ferd med å rullere en ny nasjonal transportplan uten å ha et godt grunnlag for å vurdere hva som må brukes av ressurser for å få vekk etterslepet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:36:39]: Statens vegvesen og Jernbaneverket er veldig tydelege på auka behov for vedlikehaldsmidlar. Det ligg i det innspelet som er gitt i Nasjonal transportplan, som vart utarbeidd i 2004 og 2005 og lagt fram for oss i 2006. Det er ikkje så veldig lang tid frå 2003 til 2004 og 2005. Eg føler meg trygg på at det som ligg som avgjerdsgrunnlag i forhold til Nasjonal transportplan, har teke utgangspunkt i eit arbeid som var grundig. Etter den tid meiner eg det har vist seg eit behov for å kvalitetssikre det systemet. Difor har eg bedt om at det vert sett i gang eit arbeid for å gjere det, og for å vere sikker på at me har dei korrekte tala.

Arne Sortevik (FrP) [11:37:33]: Igjen takk for svar.

Det arbeidet gir vi vår fulle tilslutning til. Det er viktig og riktig at det blir gjort. Men vi vet en del. Selv med vedtatt budsjett for 2009 på veisektoren vet vi at det mangler 1 milliard kr for at etterslepet ikke skal øke. Det betyr at selv med tiltakspakken på vedlikeholdssiden vil etterslepet på veivedlikeholdet fortsette å øke i 2009.

Vi kjenner til den undersøkelsen på jernbanesektoren som statsråden viste til. Der er situasjonen akkurat den samme, for fornyelsen av anlegg i årene 2007–2009 ligger etter behovet, dvs. at etterslepet på vedlikehold innenfor både veisektor og jernbanesektor fortsetter å øke, også med denne regjeringen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:38:30]: Eg skjøner Framstegspartiet sitt behov for å minimalisere det som denne regjeringa gjer, for det me gjer, er eit kvantesprang i forhold til det tidlegare regjeringar har gjort. Medrekna den tilleggsløyvinga som kom for kort tid sidan, har jernbanebudsjettet for fyrste gong passert 10 milliardar kr på eitt år. Det er ein milepæl. For veg nærmar me oss 20 milliardar kr, og det ordinære budsjettet var på over 17 milliardar kr. Det har vore vekst både på investeringar og på vedlikehald, og begge delar er særdeles nødvendig.

Når me legg fram Nasjonal transportplan, vil representanten Sortevik sjå at me der òg tek på alvor den utfordringa som ligg på vedlikehaldssida. Me skal jobbe vidare saman med våre gode folk i dei ulike etatane for å sikre folk både framkomst, trygge vegar og jernbane i dette landet.