Olav Akselsen (A) [12:07:08] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Dette kan sjå ut til å vera ei lita sak.
Men ho kan få store konsekvensar dersom Island sine planar om leiting og eventuelt
utvinning av olje og gass i dette aktuelle området blir realiserte. Eg vil seia at
med bakgrunn i Islands vanskelege økonomiske situasjon må det vera lov å håpa at
dei finn utvinnbare ressursar i området. Men dersom det er tilfellet, vil det òg
påverka haldninga vår til petroleumsaktivitet i området. Dersom vi får islandsk
olje- og gassutvinning her, vil det måtta påverka vår aktivitet. Skal Noreg vareta
sine eigne interesser, blir me nøydde til å driva leiting og kartlegging av dei
ressursane som finst i det grensenære området. Eg trur at det meste tyder på at
dei lettast tilgjengelege petroleumsressursane i verda er kartlagde og tekne ut.
Med tanke på framtidig etterspørsel etter energi trur eg me må vera budde på at
det blir eit auka internasjonalt press på tilgang til dei områda der det er mogleg
å driva petroleumsaktivitet, og der det er mogleg å gjera funn.
Det er uansett ein klar fordel at alle juridiske forhold knytte til slik aktivitet
er avklarte, og derfor er det veldig positivt at denne avtalen går i større detalj
enn tidlegare avtalar Noreg har gjort med andre land. At det er meir føreseieleg,
er ein fordel både for styresmaktene og for eventuelle kommersielle aktørar. Denne
aktuelle avtalen er ein klar fordel både for Island og for Noreg. Med denne
avtalen får me på plass ei avklaring med nok ein nabostat. No har me vel fått ei
avklaring som gjer at ein stadig større del av den totale grensa eller delelinja
vår er regulert gjennom liknande avtalar. Men dessverre står det enno att ein del.
Derfor tenkte eg at eg skulle avslutta dette innlegget mitt med ei lita
oppfordring til naboland som enno ikkje har fått avklart juridisk denne typen
spørsmål med Noreg: Gjer som Island! Det vil alle ha nytte av.
Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
(Votering, se side 2896)
Votering i sak nr. 3
Komiteen hadde innstilt:
Stortinget samtykker i inngåelse av en avtale mellom Norge og Island av 3.
november 2008 vedrørende grenseoverskridende hydrokarbonforekomster.
Votering:
Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.